torsdag 16. desember 2010

Flinkaste son i studentbarnehagen


















Sidan det er lite førjulsproduksjon her heime hjå oss måtte eg vise julekorgene som Bystudenten har laga i all hovudsak etter at Trønderinna for heim og før han fer avgarde til Mormor&Morfar&Onkel på lang juleferie. Gjett om eg håpar på eit par i spisestovevinduet - gjett om eg har masa om å få nokre ferdiglaga og gjett om han har laga bruksanvisning til verdsveven forlengst!

onsdag 8. desember 2010

ein fredeleg dagen derpå









... kunne ikkje dy meg for å ta med Nemi frå førre veke i bt.no -
har møtt mange i helsevesenet sidan søndag ettermiddag som ikkje kjem inn under denne definisjonen vikarar!

Sit med biola, klibrød og stort teglas og summerer nokre ekstraordinære døgn - det er så trygt med rutinar som virkar...!

Fekk min tredje cellegiftkur i Førde i går, sidan dei no veit eg toler gifta godt,- slapp eg ut utan den 4 timar lange karantena etterpå. Eg rakk innom Ranels parfymeri for å kjøpe eyelineren eg fekk teste, - den som virkar no når augevippene forsvinn meir og meir. Løysinga er ein god kost og ei krukke med Lancôme sin Ink Artliner - ei stor servicestjerne til dama i disken hjå Ranels! - Handla brød og kosekaker og godteri på Olefine og fann raud hue, nytt skjerf og armband på KappAhl - og så gjekk sjukehusbussen heim. Eg var så trøytt at eg ikkje sov på nokon av dei to tretimars lange bussturane!

Måndagskvelden køyrde eg bilen heim frå Bergen, - tok fleire lengre pauser - og var vel heime rundt midnatt.
Han hin har vore til smertelindring og utredning for nyrestein på Haukeland sidan søndag kveld og kjem truleg med buss heimover i dag. Eit heftig akutt møte med noko nytt og usigeleg smertefullt på spaserturen frå Bybanen til ein restaurant i Vestre Torggate, - det var godt å ha Haukeland som lokalsjukehus etter nokre vonde timar på Bergen Legevakt,- på legevakta var antall legar omvendt proposjonalt med antall pasientar - tru om dei var på julekonsert...
Eg er ikkje sikker på kor trafikktrygg eg var då eg køyrde frå parkeringshuset på Bystasjonen til Bergen Legevakt for å plukke opp han hin for å køyre han til Haukeland etter vi hadde venta på ein taxi i 45 minutt!
- offentleg administrering av sjuketransport på ein plass det kryr med taxiar er ikkje alltid logisk...
Overlegen på Bergen Legevakt sto igjen som eit spørsmål då eg bad HAN om å avbestille taxien... LOL!
Det er greitt å ha budd nokre studentår på Nedre Nygård på 80-talet - eg kunne koble inn autopiloten istaden for GPS'en... gateløpa er der endå, om enn nokre har endra retning - dessutan Bybanen og store endringar i bygningsmassen...

Etterskrift - sidan det av ulike årsaker vart snakk om Lerums julebrus  på rommet på kreftpoliklinikken i Førde der eg saman med to andre sat og fekk cellegift i går - og kommentaren frå ein av sjukepleiarane var  det skulle vi gjerne hatt her på klinikken til jul - "men brus og slikt er av dei første tinga vi får nei til" - vart hengande i lufta...
- den hang lenge nok til at eg sende "kjelda" ein forespurnad, før eg liksom sette i gong ei kronerulling...
No litt over halv eitt kom telefonen frå Lerum - klart dei var med - dei hadde i tillegg nokon som skulle oppover. Nett no rullar det ut ei lita "julehelsing frå Sogn" frå Kaupanger til Førde.

fredag 3. desember 2010

Bytur via Vikafjellet










Snøen kom såvidt før vi for frå Sogn- det er mildver på gang.
Ikea og Åsane senter på veg til by'n -
Burger på Inside i Vaskerelvsmuget og dessert og kaffi på Yr i Marken med Bystudenten - Trønderinna og vertinna i Vognstølen - koos!

torsdag 2. desember 2010

Kyrkjetur i Provincen










Det var kaldt i Provincen sjølv om ein har meldt frå til varmovmnane at dei skulle vere på. No har vi fyrt med ved i eit døgn - og gjennomsnittstemperaturen er god.
Det var hyggeleg å sjå hjarteadventsstakane i stovevindu då vi kom, - vi gjentek det ofte - det er hyggelegare å kome til eit hus som ser levande ut.


Det er allerførste gong eg har vore inne i Feios kyrkje. Eit vakkert, reint og enkelt kyrkjerom med blått tak og skura tømmerveggar utan glasmåleri - ei fin råme kring ei gravferd.

Vi nytta høvet i det kalde fine veret å ta ein tur til Fresvik  - ryggsekken og kameraet låg diverre igjen heime.
Frostrøyken sto opp frå Sognefjorden - blå himmel med nokre få skydottar og ein skal langt til fjells for å finne snø.

onsdag 1. desember 2010

- og så var årets siste månad her...











Måtte berre ha med Nemi frå BT i dag - det er ikkje alltid greitt å kome med dei rette trøstens eller støttande orda - enten dei er ærlege eller ikkje!

Har opna Sogn avis og Nrksf og Samlaget sine julekalendarar og levert rett svar - naturlegvis...

Eg frys - det er 14 minus ute og ikkje heitt nok inne!

Kosar meg med litt av resultatet frå gårsdagens førjulskollegamiddagstur til Sogndal - 3 nye quilteblad og den nye boka KØDD frå Geriljabroderi som hadde presentasjon på Son Mu i hovedlandsbyen sist laurdag, - på Notabene hadde dei eit eksemplar i går! Frydefylte sjokkerande broderier frå forlaget Magikon!

Nrk sf melde nettopp at Helse Vest legg ned ortopedi og fødetilbodet i Lærdal og Eid,
det er trist å høyre slett sentrum-periferiargumentasjon frå valgbare Ap og Sp politikarar - tilliks med Øberger og Mowatter er heller ikkje Dvergsdaler og Ringstader etla for å målbera dei gode argumenta.

Det er godt å vere frisk nok til å orke å ta bussen til sjukehuset Førde, - har tillit til kreftpoliklinikken, men er nok ikkje like trygg på kirurgien i Førde - men det er framleis nokre veker til eg kan ta stilling til det.

Elles er verda vakker nok, - det er godt når immunforsvaret er på veg "oppover" og det er igjen høve til å vere sosial - og slik verda utviklar seg så vert det mykje sosialt før ein igjen er klar til Førdetur på tysdag!


Etterskrift - har hatt ei interessant føremiddagsstund med ei kvinne som har hatt stor bruk for nærleik til sjukehuset, sidan eg hadde høyrt meldinga frå Helse Vest styremøtet,- snakka vi også om det.
Ho fortalde at ho stemde Ap ved sitt fyrste val i 1946, og er ei av dei som både har vore aktiv og medlem særs lenge.

Eg er viss på at måten ho retta ryggen då ho fortalde at no har ho meldt seg ut av Ap, vil følge meg lenge! - Den tryggheita ei kvinne på snart 90 kan vise av ei politisk handling - i vissheit om at ein kan velge ansleis neste gong - ei gjennomført "ikkje ta meg for gitt" -haldning! - VAKKERT!

mandag 29. november 2010

Quiltemagasinet og Norsk quilteblad i postkassa i dag!

- er det rart det tok tid med morgonkaffien!
No vert det raud sauming på aller øverste loftet - med tankar om nye prosjekt frå Norsk quilteblad & Quiltemagasinet! - og tankar om storbytur til helga og småbytur til Sunnfjordby2 om ei veke...
- det er best eg held fram med å utnytte kvar ledig og vaken opplagd augneblink!

søndag 28. november 2010

Alle hjartelysestakane kjem i vindua i kveld!

På spisebordet pyntar ein nydeleg blomebukett i mørk rosa-raud-lilla frå fagforeninga.
Ein vert litt engsteleg for at blomebudsjettet til laget kan vere tømt av to rundbursdagsbukettar + go'bedringbukett på same år til same adresse!
Spisestova har difor eit snev av rosa-lilla forventning, - elles er det litt igjen før ein får førjulskjensla i første etasje, det får kome når han hin kjem heim og finn fram hjartelysestakane i kveldinga.
Det har vore litt for kaldt til å ynskje å prioritere lyslenkene på dei to einebuskene - eller sprakane som står på kvar side av gatedørstrappa, - det kjem nok mildare dagar etter dette...

På min del av aller øverste loftet derimot - syrommet,  flyt det formeleg over av raudt - det er dei 60-70 ulike raude stoffa som i samansydd og kvilta versjon skal erstatte dei to teppa i sofabenken på biblioteket.
Desse dagane er immunforsvaret mitt på det lavaste mellom cellegiftinnsprøytingane, - er liksom "litt forkjøla" - har "litt" høgare temperatur enn vanlegvis  - men held eg meg framleis rett under dei magiske 38 som betyr sjukehustur med ein gong.

Frå kjøkkenglaset kan eg sjå bakdøra til lokalet der husflidslaget og jerikolaget og mange fleire har julemarknad denne helga. Eg kjenner det er klokast å vente til neste laurdag før eg går på julemarknaden!
I dag kunne det også ha vore fint å sjå fakkeltoget som kjem frå Lysmessa i kyrkja som vert avslutta ved Rådhuset med juletretenning og julegateopning, - trur eg gjer klokt i å halde meg innandørs.

På fredag var siste dag med bompengar i Fjærlandssambandet og i går var det 10 år sidan kongen opna Lærdalstunnelen  - du verda kor tida går!

Kanskje ein skulle ha freista lage litt sunnfjordssnop slik som konditor Ole John Berntsen lagar det - dei sjokoladekaramellene såg fole fristandes ut - reknar med dei er salsvare på Naustdal Dampbakeri sine utsal...

onsdag 24. november 2010

skal møte Frode i kyrkja i kveld!

I dag har eg sydd - mykje!
Skal på konsert i kveld - gler meg!

Etterskrift - Ein nydeleg lettare improvisert julekyrkjekonsert, som naturlegvis ikkje var ein julekyrkjekonsert!  - grein inderleg godt til gamle "Stranger"-låtar - Long December night  og Everyone needs a friend sometime  sjølv om Elg mangla på den siste!   Her er fleire!
Mengda av gitarar, plekter og briller på feil plass - jakten på knottar og pedalar og lydeffektar krydra opplevinga.
Vitae lux vert aldri den same etter at ein har høyrt den delen av historia som er kombinert med Kanestraum og vaffeljern...
Dersom eg ler neste gong Vitae lux vert framført som trompetsolo eller i tekstversjonen eller liknande - så har det også ei forklaring.

Elles lurer eg på om innpakninga av julegåvene bør saumast i år! Julegåvepapiret er jo på det næraste spesialavfall! - Sjekk denne bruksanvisninga!

mandag 22. november 2010

Siste veke før advent...

Sit med reiserekningar til Pasientreiser.no - det vert lett nokre pengar til reising når ein vitjar sjukehuset såpass ofte - greitt å få sagt i frå at ein vil ha litt av pengane attende...
Tidlegare har eg vel meint at det er meir styr å få noko attende enn det betalar seg, det vert litt ansleis når dokument- og kvitteringsstabelen som skal sendast, er såpass høg.

Syr litt i raudt og svart i dag, sydde pose til ein murstein i bilen til han hin. Eg må ta eit bilete av den  før den finn plassen sin i bilen - den er betydleg meir dekorert enn det som var bestillt!

Advent er ventetid - også i år har denne ventetida minst ei dobbelt meining.

Har lest denne skriven av Nina!

Dette er ein slitendag - treng visst noko positiv input - får gå på leiting!

Etterskrift - Nina la igjen ei herleg lenkje!

Miranne har lagt ut fine bilete på bloggen sin - på veg til by'n kom ho innom med pose med 3 hovudplagg!

Ei blågrøn alpakka strikkahue - som eg nyt å gå med innandørs - mjuk og kos!

Ei blå med blome og insekt - vart innvigd på spasertur, i går søndag - då var det mildt nok,
medan den lett grøne i dobbel fleece har vore til utebruk i heile helga og i dag!

onsdag 17. november 2010

Roooosa - sogndølene i ein noko mørkare tone inn i eliteserien!


















Sogn avis viser dei nye draktene til Sogndal!

Elles alt vel hjå meg, - ikkje nok med det eg rakk også innom på Narvesen i Sogndal i gårkveld på veg heim og fann eit par nye quilteblad, i tillegg til den eine boka hjå Trapp ned!
Det må bli sauming i morgon - i dag har resten av verda laga litt andre planar for meg - så det kan vere at eg må skippe turen på Handarbeidskafeen på museet på Kaupanger  i siste liten...

I går var vi på Pikant og åt biffen der - kan ikkje anna enn tilrå  - gjer det same den var endå betre enn sist!

Eg hadde ein plan om å finne ein meir vassfast eyeliner enn dei vassfaste eg hadde.
Det første parfymeriet vi vitja skjøna ikkje problemet, - ho var mest oppteken av kva farge eg ville ha medan ho raska fram alt ho hadde enten det var vassfast eller ikkje - freista korrigere dama fleire gongar - han hin syntest eg var svært så tolmodig - men eg gav opp tilslutt!
Gjekk til nabobygget og Ranels parfymeri i Handelshuset - ho nytta ein del meir fargar i ansiktet sjølv og skjøna kva eg meinte med at vassfaste eyeliner ikkje alltid er vassfaste - var utselt for det ho sjølv nytta, fekk låne ei prøvekrukke og kjøpte ein kost!
Ho lova at det skulle vere i bui hennar om 3 veker - ho sa den var dyr - men ho skjøna så greitt poenget med at eg ville ha farge rundt augene om eg ikkje har augehår...
Er det noko sak!
Etterskrift - det vart ikkje tur til Kaupanger - satsar på at det vert gode referat!

I kveld testa vi den nye kaka til Naustdal dampbakeri - porsjonsstykke av den som lærlingen deira vart Norgesmeister på, vi handla også den med sjokolademousse - handla fordi vi skulle få dagsbesøk frå ei triveleg taus frå Kaupangerbukta - den veit vi er god - men den nye var ei nytelse - stor nytelse!

Meir enn godkjende var kakene - vi handlar nok kake nestegong også!

tirsdag 16. november 2010

Alt vel frå stolen hjå HelseF










Ein god dag i dag, også!
Luggen på parykken er kortare, og eg har fått positive attendemeldingar...
Skjerfet er framleis tryggast...

Etterpåskrift....
Det skjedde så mykje på seine kvelden at eg aldri rakk å skrive det viktige...

uoppfordra sa legen at den store kulen hadde minka...!
- og med måleverktyet kunne ho bevise det -

GIFTA VERKAR!

mandag 15. november 2010

Vekestart










Sjølv om kjøkkengolvet er nybona, er det ikkje å rekne som starten på julestria -.

På fredagskvelden fall lokkane. Han hin fann fram hårklippemaskina og fjerna det meste, - etterpå var det barbermaskin. Det som står igjen, har effekt som borrelås på glatte skjerf, - ei stor lette å sleppe at håret dett av heile tida!

I dag er det blodprøvetaking på Sjukehuset og influensavaksine på Helsesenteret, og med trua på at  blodverdiane er rette, slik at vi får delta i bursdagsfeiring i kveld.
Ein lilla pakke er allereie pakka  ned!

I morgon tidleg er det tilpassing av parykk og så ventar ein ny dose gift på meg hjå HelseF.

På laurdag åt vi sein frukost på Sanden pensjonat, dei har fått ny brødleverandør - Lustrabui - det vart ein lang og god frukost, brødet var svært godt det!
Vi var innom Ellen Antikk på veg heim og eg fann ei "ny" veske. I løpet av helga har beslaga vorte pussa bittelitt og veska er innsmurt med vannavstøtande krem. Det vert nok ikkje tid nok til å lage den klar til byveske i dag - men det vert dagar etter dette!

Sjekk denne lenkja frå Simonswald i Tyskland - dei manglar sol berre 5 månader i året, tru om det hadde vore noko å tenkje vidare på...

Det har vore ei fin helg for spaserturar.
Kameraet har vore med, men vi har vel vore for opptekne med prat!
Endeleg var det tid og ver for å gå Knutsbrui og vegen langs elvebryggja.
Vi fekk sett korleis det nye kunstsenteret Sogn kunstsenter - Gjesmesamlinga veks fram frå hi sida også!
I følge Sogn avis syntest Guro at namnet var litt tørrt! Namnet varaordføraren føreslo i kommunestyret, - 6220 - er postnummeret til Straumgjerde. Det kan vere at sykkylvsordføraren ville teke ein telefon til ministermannen om han hadde greidd å lokke med seg kommunestyret på tallkoden sin.

På biletet viser Straumgjerde ved foten av Straumshornet som eg yndar å fortelje at eg har bestige!
Bilete er lånt frå denne fjellsida! Lakseelva Straumen må også nemnast her, sjekk denne lenkja med bilde av elva mellom fjorden og Fetvatnet er også kalla Europas kortaste lakseelv! Det var godt dei færraste tende på 6220!






Det har kome melding frå Siri i Sogn bunadnettverk om handarbeidskafeen på museet på Kaupanger førstkomande onsdag - her er er lenkja til Lærdal husflidslag der e-posten frå Sogn bunadnettverk er gjengjeven.
Der er det også lenkje til museet si side.

Eg skal på handarbeidskafe!

tirsdag 9. november 2010

No ramlar lokkane av...











- så de kan øve på å fortelje meg kor fin parykken min er...
Eg hadde nesten byrja å glede meg til å få frisøren på Salong44 til å lage litt luft i luggen min på førstkomande tirsdag, sidan håret har byrja å bli så langt i det siste - det vert nok ikkje så aktuellt!
Med andre ord - eg sparar tusenvis av kroner, og vert nesten like vakker...

Andre triste nyhende som kan vere det motsette:
Solskjær er ein av dei største fotballheltane til Mor  - han får 4,4 mill pr år i Molde - eller 2,4 mill pr år +bonus...
Det vert arbeidd hardt for å få meir glattis på Øyri , - budsjettkampen aukar på...

Eller kanskje likegodt noko som berre er greitt;- ein ide for å lage god og rar og positiv PR  - sjå kva Husfliden har i Ålesund gjort!

lørdag 6. november 2010

har vore i kjellaren hjå Steinar!

I dag har vi laga årets eplejuice!
Det er fint å ha ein kar i bygda som ser nytten av å  kunne tilby pressing av eple sånn på laurdagar på hausten! Eg har vaska og skylt - også med dertil egna skyllemiddel, 100 store brusflasker.
Det lagar litt kaos kvar gong vi står i kassa på Coop eller Kiwi og skal betale pant for store mengder tomme 1 1/2 liters brusflasker, det er ikkje nokon tast for slikt i kasseapparatet! Vi leverer flaskene og får panten attende, - balar ikkje med å lagre dei slik til neste sesong -120/200 tomflasker tek litt plass! I år har vi fått låne plass til innfrysinga av juicen, det lettar overgangen for den store frysaren vår...

Steinar fekk attende bunadsvesten og skjorta som Bystudenten lånte med seg til Jeriko - og fekk ei julekrybbe frå Betlehem som takk for lånet!

Dette betyr at eg allereie har hatt to middagskvilder - men elles alt vel - og eg er budd på å ta ein tur på Søndagsskulen i Eldhuset og sy litt i morgon.

Om du også slit med tilliten til helseføretakmodellen, kan dette vere ein lenkje å gå vidare på!

Fekk brev i går frå NAV om at eg hadde bede om bidrag, - handsaming av søknaden kunne ta ein månad, eg skjøna ikkje kva bidrag det skulle vere.
Fekk brev i dag frå NAV om at søknaden var handsama og parykken var min, med full klagerett på vedtaket - sikkert ikkje på parykken.
Salong44 i Førde fekk skjemaet hjå meg same dagen som eg fekk det på sjukehuset. Den overskytande summen vart betalt då eg fekk parykken. Har vel hatt kjensla av at parykken er min ei stund - og gler meg framleis over eige hår, sjølv om det nok er nokre millimeter for langt for å vere skikkeleg luftig i luggen!
Det er fint når byråkratiet verkar - ...

mandag 1. november 2010

- møter Jonas i Porten i Øvre

Sogn avis inviterer lesarane sine til å stille spørsmål til Jonas som er "på turne" i Sogn, det kan vere at han får sett noko meir enn flyplassen på Haukåsen, Campus på Høgskulen og anlegget innanfor Porten i Øvre før han fer attende.
Godt då at ein veit at han vert teken hand om - les både 28. og 31. oktober - og gjerne lenkja ho har til bt.no. Vi har så mange grunnar til å bu her og bli verande her. Det er godt det er Utanriksministeren som er komen, - sidan kommunalministeren bur her, - når ho ikkje har anna å gjere...
Eg og han hin plukkar opp Mor og rullatoren i Øvre, før vi køyrer til Porten - med det stiller vi med alle tilgjengelege ressursar!

Etterskrift :
Det var gildt å sjå kor mange ungdomar som kom ut av bussen frå Lærdal!
- og det var gildt å sjå og høyre meldingane og appellen!
Nrk var der, Porten var der og Sogn avis var der.

Sidan eg skulle innom Polet i Øvre, fekk eg vite at Quiltelaget i Årdal skulle ha møte på loftet på Ungdomshuset i går kveld - , så eg og han hin hadde ein skikkeleg langdag i Øvre.
Eg fekk lurt meg til ei lita kvild på sofaen før vi for på kaffivitjng - treng nok ein fredelegare dagen derpå!

Han fekk gjort mangt i heimen til Mor og Besteforeldre, medan eg fekk både syinspirasjon og lyst til å gjere meir bildebruk etter å ha sett og beundra Miranne sitt arbeid. Quiltelaget hadde laga veske på siste møte - den skal eg også lage, har tenkt å få laga ei i svart dongery før det vert torsdag i Eldhuset. Mykje fint og augegodt,-  artig å vere i lag slik!

søndag 31. oktober 2010

Oktobersøndag med tillegg!

Har lang fredeleg søndagsmorgon - det var bonustime å hente i natt!

Har sove litt ekstra siste døgn, - elles i svært fin form!

Pent overskya mildt haustver, litt overflaterydding - og vi er klar for kva som helst !
Sjokoladefondant vert det visserligen i dag også!

Det har vorte søndagskveld, og framleis ein fredeleg dag -
vi har hatt vitjing frå folket på Ormo - åh! kusmykke - har gjort freistnader på bilde - men må visst vente til det vert dagslys!

lørdag 30. oktober 2010

Lat laurdag...

Det har vore ein fredeleg laurdag, men har hatt ein fin spasertur no i kveldinga. Må teste is med Aromaeplesmak, saman med sjokoladefondant - håpar på kaffigjester i morgon!

fredag 29. oktober 2010

Ikkje lenger farleg radioaktiv - høyrer berre aktivt radio!

Det regnar - innever - greitt med passe energi og sjukemelding då...
Melding frå Jorunn at ho er for sjuk til å halde Søndagsskule på Eldhuset på førstkomande søndag, - utsett til den 7.november.
I går vart det også stadfesta at Husflidslaget kan ha same "førjulslokale" som i fjor, - så alle som har litt tid til å produsere eller gjere ferdig må berre bruke helga til å rydde det fram...

Ooops - har laga sjokoladefondant og jordbærsaus - han hin måtte smake om eg hadde nytta sukker eller salt - syntest eg hadde brukt nok sukker i den frosne bærblandinga eg hadde køyrt stavmiksaren gjennom  - men kjende ikkje søtsmaken - endring på smak - så snart?

torsdag 28. oktober 2010

Alt vel på heimefronten

Har ikkje den store energien - men har det heilt greitt!

Sit her og kosar meg med at Bystudenten gjer det spanande med film eg ikkje ville ha funne på å gå på sjølv - frå midten av denne snutten frå BSTV i by'n!

Vi gløymer vel ikkje tradisjonen med å lage vafler når vi treng litt kos i heimen - det treng ikkje vere ein fast dag i månaden - eller i veka - og  dei treng ikkje vere like komersielle som desse på Grand i hovedlandsbyen - men eg må innrømme eg likar måten å byggje merkevare på - tidsbruk - gjenkjenning -
- sjølv om eg ikkje likar rosa...

onsdag 27. oktober 2010

Nyt augneblinken -

Er litt festleg radioaktiv - men nydusja og deilig! I dag sparte eg likevel på "bevar-fargen-balsamen", eg smilte og humra etter eg hadde brukt den klokka like før 6 i gårmorgon!

Kjøkkenventilatoren er på plass, - kjøkkenet er litt meir ryddig! Eg har tenkt å bruke litt fredeleg energi til å pynte litt meir på plass, medan vaskemaskina går.
Den verste radioaktiviteten er vekke etter 2 døgn, eg vaskar difor alt på "litt større program" - slik at det vert utvatna mest mogeleg før det fer ut i det store systemet! Dette er ikkje dagar for store klemmar, - eit anna godt råd er å vere fysisk aktiv - så eg har hatt mine minutt på trimsykkelen med utsyn til regnet og mildveret som kom i løpet av natta og avløyste vinteren.

Har tenkt å kjenne meg sprek tilogmed måndag iallefall og gå i demonstrasjonstog i Øvre Årdal, - Bente på Hauge har ordna med buss også! Meld frå via nettet eller hjelp ein kvan som treng hjelp til å tinge bussplass! Eg må avgarde om enn i privatbilen og høyre kvifor dei har sendt utanriksministeren til Øvre - det er mangt som er annanleislandet i Indre Sogn! Det er ei fin synleggjering for kva som er viktig for oss alle eller nokon vi er inderleg glade i eller nokon som treng mindre enn 3,5 time til sjukehus, ein dag det ikkje er helikopterver! Det er fole greitt at der er mikrofonar tilstades  - det er ikkje alltid likegodt i smale lojale styrerom å forstå at det kan høyrest ansleis ut for kollegaer og tilsette - og pasientar, slikt gjer ikkje anna enn å stendig svekke merkevara...
Gler meg over andre bloggar også i dag - Vox populinor! - også årsaker til migrasjon som bloggen Mittsnitt som beskriv slektsgransking...

Elles gler eg meg med at eg har fleire kassar av Ingrid Marie eple som i dag er ein ingrediens i den nydelege haustsalaten til Lone Landmand - ein av dei bloggane som eg nyt både ord og bilde på kvar einaste dag!

- og Gloppen hotell får prisen for beste mat langs vegen på Ganefart, eg melde inn cafe Herman - men det ser ut som om det er fleire gode grunnar til å legge vegen via Gloppen!

Avslutning på dagen lønningspils med kollegaer - dei færraste drakk pils, rett nok -
og ein liten tur etterpå for å teste nysteikte eplemuffins, må lage nokre for frysaren - eg også!
Eg gjer det framleis - nyt augenblinkane - og dei er gode!

tirsdag 26. oktober 2010

Første dose ferdig!

Det er pussig og godt å site her i Førde og få ein giftdrope i sekundet og kommunisere med Kjærasten og Bystudenten på nett. Allergimedisin for sikkerheitsskuld i dropeform også - saltvatn før og etter, og 4 ventetimar etterpå... Etterpå fer eg på Salong 44 for å prøvekøyre parykk, har fått gode tips av ein kollegapasient med lang fartstid i godstolen på hi sida av rommet - om kva eg skal vere budd på.
Men varmevottar slapp eg, - det ser ut som det varme genet for hender og føter frå Uksvikja hjalp meg...

Det er triveleg å vere her...
heilt sant!

Eg tek bussen vi kallar nattbussen heimatt - den er i Oslo i morgontidleg...
Etter Salong44 vert det ei vitjing på Pikant - og ein runde på Narvesen - ikkje tru anna enn at eg har det heilt greitt, - er godt budd med ein perm om alt som kan skje eller alt som kan vere lurt å vite - nett no har eg det berre heilt fint - og eg har vett til å nyte det!

Etterskrift 1: Ferga er straks på Fodnes. Sjåføren er litt ny - så absolutt ikkje av dei sjåførane som veit den gode linja og at hakkete køyring bør ein unngå, -så det vart for travelt å lese og skrive på nettet!
Det er snart midnatt - og alt vel!
Etterskrift 2: Pikant hadde fårikål som dagens - etter alle solemerker slår ikkje reaksjonar på cellegift til på magen med ein gong - så eg koste meg med fårikål - godt pepra og akkurat litt for lite salta - slik at sauen var endå betre og søet heilt snop! - Narvesen på Firda billag er ikkje lenger så god som den har vore - så eg let vere å handle der og på Libris fann eg ei gjendikting "Det er en sang/ Det er en sang" av Mahmoud Darwish i gjendikting av G. Bakke og W.P.Gallah og mykje anna nyttige bokhandlarvarer.

mandag 25. oktober 2010

I dag skjer det!

Endeleg dagen for montering av kjøkkenventilator - Far er her - slik at vi har fagfolk til å hjelpe oss, ikkje rart vi har utsett det i eitt år...
Tømmerveggen er frå 1847 eller før, ytterklednaden er omtrent 110 år gamal,  panelveggane på kjøkkenet er frå dette århundret - det er visst mangt imellom!


Eg har vore ute og køyrt på snøføre - det var iallefall litt snø på bilen!
Eg var oppom sjukehuset for å ta blodprøver som bestemmer coctailen på morgondagens innsprøyting av gift i Førde.

Eg let meg forundre over dei som alltid veit best for fylket - trist at dei ikkje skjønar at verdas navle er andre stadar. Førdeordføraren tykkjer også det er viktig å markere at fylket har eit tyngdepunkt. Ei må ikkje vegre seg for å beskrive fakta, seier Gjerland til Firda.
- det er igrunn greiast slik,-  når dei må ut og fortelje at dei er konge på haugen...

og dei som er mest gåvmilde i snitt er aurlendingane og vi lærdølene...

søndag 24. oktober 2010

Flyktningehjelpen sin dag

Flyktningehjelpen - hjelper menneske på flukt - også i det palestinske området - slik synleggjer dei kor mange som er på flukt over heile verda ,
rett i nærleiken av hotellet vårt i Jeriko er ein flyktningeleir som vart oppretta  i 1948, dei som vart fordrivne frå heimane sine då og familiane deira er framleis statslause!

Vi er heime etter ei helg i Provincen - vi har plukka det meste av epla som hang igjen - Ingrid Marie og litt vanleg Aroma - , det vert litt eplejuice - og litt julefrukt - vi får tru vi får plukka større del av eplehausten til neste år - det vart eit unntaksår på mange måtar!

I god tradisjon er adventslysestakane, - hjå oss er det kun hjartelysestakar - sett fram i vinduskarmen på stova i Provincen. Vi nyttar mobilnettet for påknappen om ikkje vi er tilstades 1. søndag i advent. - og vi hadde altså fullt med eple i lasterommet på bilen - og vi såg ikkje nokon moped!


- og Sogndal fekk pokalane sine i dag!

fredag 22. oktober 2010

Det er alltid rom for litt meir kos!










Eg trur det vert eplekake i løpet av helga -

Porten skriv slik om vedtaket i HelseFørde i dag, og Nrk fortel at styreleiaren ikkje har tenkt å legge seg ut med drosjenæringa og- i BT vert ein styremedlem sitert på at vedtaket er innovativt og framtidsretta - og meiner det er av nasjonal betydning - han må vel seie det sjølv - ingen gjer det for han/dei. Det største problemet er at vi manglar tillit til HelseFørde.
Ikkje rart då at dei sender utanriksministeren til Årdal for å mekle.
Jaja, - skal iallefall kose meg i helga - kan verte harde dagar i veka som kjem -!

torsdag 21. oktober 2010

Kveldstur i Eldhuset - Jorunn minner om Søndagsskulen 31.10.

Det snødde i by'n  idag - Trønderinna til Bystudenten frys sikkert - det er på tide å verte ferdig med det rosa teppet!
Det kom eit bittelite melisdryss her også i kveld, medan han hin skifta dekk på bilen.
Vi tek oss ein tur til Provincen for å sjå kor mykje Ingrid Marie-eple som heng igjen. - Far tek turen frå Indre Sunnmøre for å hjelpe oss.

I Eldhuset i kveld var det fleire trekantsjal på gang, -og litt juletankar.

Jorunn held snart Søndagsskule - det vert nok ein suksess som sist, husk å melde deg på!

onsdag 20. oktober 2010

Vakkert på heimeplan!

Medan vi fer utanom bøagarden, er det andre som er heime og arbeider - berre sjå kor vakker Raudestova har vorte!


Den store datamaskina vår har teke pause - at det iallefall truleg er skjermkortet og kanskje meir, seier han hin...

tirsdag 19. oktober 2010

- bekymringsdemping...

Cellegifta utsett ei veke grunna "turistmage" - ikkje klokt å fjerne immunforsvaret når noko slikt er i kroppen, seier dei som veit slikt - kan så lett bli frykteleg sjuk!
Reiste heim med uforetta sak - og leverer prøva på laboratoriet på sjukehuset heime i Lærdal...

Var naturlegvis innom Ei trapp ned og Olefine - om nokon lurte på om eg trong litt trøst i dag også!

Medan eg sat på sjukehusbussen på veg heim, fekk eg melding om at reportasjen om Marius og dei hine musikarane vi hadde med oss til Jeriko, skulle på Vestlandsrevyen 18.40 i dag.
I dag funka ikkje det trådlause internettet på bussen  http://www.b-box.no/  i det heile ,- og dei har ikkje reell kundeservice heller, men ei talemelding som seier dei skal ringe attende - dei svarar ikkje før, under eller etter kontortid - så veit ein det! Det same gjeld visst for e-postadressa deira.
Men den gamle mobilen min verka...
fekk sendt tekstmelding til dei fleste av dei som var på Jerikotur - her er lenkja frå Vestlandsrevyen 19.10.2010 - artig å sjå att musikarane og andre staute karar...

mandag 18. oktober 2010

Meg og giften min...

Har ikkje tenkt at dette skal vere rapporten frå den fryktelege verda, - men eg må dele at eg har allereie vorte minna på at eg må lese og forstå - ikkje tenkje og tru!
Skulle ta Medrol klokka 8 i dag og klokka 8 i morgon sa sjukepleiaren medan ho skreiv på konvolutten med med 4 pillarar. Var vaken litt før 8 så eg har gjort det, - på pillarkonvolutten står det klokka 20 på i dag - så eg bør freiste finne ut om eg kan få meg ein kveldsdose også...
Jaja - alt bør gjerast for å skjerpe sansane framover, - kan du tenkje - men dette er altså medisin som gjer det motsette! - Det verste er at eg humrar av skjødesløysa mi, - eg får skulde på HelseFørde, - det er litt meir politisk korrekt i mine krinsar!
Eg reiser til Førde i morgon for 1.dose cellegift og reiser heim i morgon eller dagen derpå, - usikkerheita er eit uttrykk for lang reiseveg og at ein ikkje veit korleis hjarte og resten av systemet tek imot det som renn inn via venoflonen.

Eg trur eg tek med meg åttebladrosestrikkearbeid til Førde. Eg handla tilogmed 6-kanta utstansa pappbitar på Ei trapp ned i Førde på fredag - åh, det er ein god butikk å kome inn i!

I løpet av dagen legg eg inn litt meir historier og litt meir bilete frå sist veke -

fredag 15. oktober 2010

Mangt slag!

Smiler og tenkjer på Issa frå Abu Dis når han nydeleg flettar inn uttrykket "Mangt slag" på rette staden i konversasjonen...
Sit på Sjukehusbussen og bloggar på trådlaust nett til 19 kroner døgnet! - og veit at så langt gjekk ikkje fantasien då eg skreiv stil i barndommen om fantastiske vyer for framtida!

Det er stille på bussen i dag, vart reint redd då eg kom på busshaldeplassen og fann den heilt tom! Hadde bussen gått, nei - det kunne ikkje stemme! I gårkveld stillte eg attende klokka mi frå "Lassetid", - oppretta på ein av bussutfluktene! Det er visst berre haustferie, - det er kanskje berre dei som må, som sit på fredagsbussen i dag!

Mellomskrift: - På Fjesboki nemnde eg at no var det berre arabisk kaffi som mangla - og jammen kom ikkje hjelpesmannen på Sjukehusbussen rundt og spurde om vi ville ha kaffi då vi kom til Jølster! Det var berre eit titals passasjerar på bussen - så absolutt i "haustferiemodus".

Frukost i ein av godstolane i sjukehusvestibylen, - og det er eit trådlaust gjestenett her på sjukehuset også - skjønar at eg kan nytte ventetida på mange måtar!

Etterskrift: - På heimveg - første dose kraftig dose cellegift startar tirsdag - tillitsvekkjande lækjar som likte Jeriko om våren - tilsvarande ålreit sjukepleiar som skal gje meg første dose!
Har gjort dei første tingingane om kort parykk - sidan eg har fått så mange positive kommentarar om frisyren i det siste. Det er vel no ein skulle ha satsa på lange blonde krøllar - sidan dei seier "blondes have more fun",- kan vere eg treng det no...
Ja, det er mangt slag...

torsdag 14. oktober 2010

Heime igjen

Attende på Øyri 20.45
- ei heimreis som varar vel 30 timar merkast på kroppen!
I postkassa låg brevet om at eg er venta på sjukehuset i morgon klokka 11.00
- eg er fordømt trygg på ein ting
- ei vekes utsetjing på cellegift var greitt!

onsdag 13. oktober 2010

Heimreisedag -

Reiser frå Jeriko klokka 12 til Jerusalem - sjølve flyturen startar ikkje før i 5tida i morgon tidleg. Vi skal ha ein lang ettermiddag og kveld i Jerusalem og ein del timar på flyplassen i Tel Aviv før vi flyg heimover, - først mot Wien og seinare til Gardermoen.
Det vart jukekrybbehandel og vasspipehandel i går.
Møte med muren i Abu Dis og vitjinga på Arafat si grav var sterke augneblink.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdag - Ramallah og Betlehem

Vi gjer oss klar til å vitje Arafat si grav i Ramallah og Betlehem med Fødselskyrkja og omliggande marker - begge stadar har butikkar med store freistingar - så det kan lett verte ein dag ein må halde godt på pengane!











Jerikoku 2010

Eg har forlengst handla ku hjå min lokale kuselgar, Fares,- han har svensk kone og eit lengre Sverigeopphald bak seg. Han har vore Anna sin faste leverandør av smykke sidan første gongen ho var her  for 13 år sidan, etter det har ho sørga for at mange lærdøler har handla der. I fjor stod kua og venta på meg i utstillingsvinduet - eg nemnde det for Fares at eg handla ku i fjor - og langt baki på ei hylle fann han fram ei kort armlenke med ulike påheng. Han hadde kjøpt det for lenge sidan i Egypt - og rekna det vel knappast som salsvare lenger. Han plukka av kua på armbandet, - fann ein litt større ring til å henge den i og fann fram lenkene han syntest passa til ei litt mørk ku!
Med andre ord - eg har framleis ikkje kjøpt noko Fares har laga, - men eg har iallefall kjøpt smykke hjå han!

Bloggaren Kort møte i høgre margen har "som vanleg" allereie skrive langt og godt forlengst og legg bileta rett ut også - medan eg planlegg dette som etterarbeid når eg kjem heim og legg bileta på den andre maskina!-

mandag 11. oktober 2010

Etterpåbingo - kan vere eit godt dagen derpå ord!

Drikk arabisk kaffi i lobbyen på InterContinental Jericho, - dei staute servitørane freistar få meg til å seie "utan sukker" på arabisk. I dag er det ei italiensk gruppe som lagar ein del støy - dei har med seg minst ein prest - det er tett av religiøse pilgrimsplassar for vaksne italienske damer også her!

Elles er det interessant å oppdage - at det er større aktivitet på ein måndagsmorgon - enn ein søndagsmorgon - det har vel samanheng med at dette er eit internasjonalt hotell!

I dag er det kulturutveksling i Lærdal Park som står på programmet - ein del førebuingar som inkluderer steiking av vafler her på hotellet i førekant.

- og eg har enno ikkje rukke å kome meg til YWCA butikken!

etterpåskrift - mykje å fortelje om denne dagen - har vore på YWCA- butikken -men det var stengt!

søndag 10. oktober 2010

Jeriko feirar 10.000 år

Drikk arabisk kaffi i lobbyen på InterContinental, - har funne ut at det må vere nett like mange tungemål her som ein sommardag på gatetrappa heime!
Det vert for lite tid til å fortelje kva som skjer heile vegen - eg skriv også http://www.jericholaerdal.org/  - reknar med at Arve Uglum også dokumenterer godt - og etterkvart vert det også i Sogn avis.
Men kjem til å fortelje meir når eg er heimkomen!

I går drog halvparten av gruppa inn til byen med Issa for å gå på vasspipefortausbar - ei spanande oppleving - det vert nok med vasspipe heim! - No er det på tide med frukost!

Den offisielle feiringa skal foregå på det palestinske politiakademiet, - før den tid er det ulike program.
Våre musikarar spelar på scena i rundkøyringa ved rådhuset 16.30.

lørdag 9. oktober 2010

Laurdag i Jeriko

Ein ny dag ventar i Jeriko, frukosten er unnagjort og vi tek taxi til Kids Club der musikarane våre skal øve - eit greitt utgangspunkt for ein handle og kiketur på by'n. Vi må også vitje Hishams Palass i løpet av dagen.
Ein del nyttar badeanlegget på denne "kviledagen", ei av våre hadde hatt ein nydeleg avlappingsmassasje i Fitness senteret ved hotellet på morgonkvisten, det høyrdest ut til å vere meir enn verdt å prøve!
Alt vel!

Mellomskrift kl 1800 - snart "allmøte" - vi har hatt ein dag utan fellesprogram.
Vi vitja Kids Club og leverte nokre gåver - var på ein liten rundtur - fekk nokre spørsmål på telefon - var innom rådhuset og traff Tatjana som ville lære å lage vikingsmykke, utstyret har vore plassert i Kids Club sidan vitjinga frå Jeriko i 2004. Fleire tilsette var interesserte - då er det greitt å kunne seie at vi har den rette karen med oss.
Det gjorde det endå meir interessant at det var ein kar som lærde det frå seg...
så no har han hin helde eit grundig lynkurs på Kids Club.

Vi hadde ein god stor grillmiddag med alt innhald og for vidare til Hishams Palace - som eg skal fortelje meir om... - no allmøte!

På allmøtet vart vi oppdaterte på programmet i morgon -the Lærdal Music group skal spele på scena i rundkøyringa ved Rådhuset klokka 1630. Vi deltek på det offisielle arrangementet på det palestinske politiskulen.

I kveld har vi vore på vasspipebar, - og det er heilt klart det vert handla vasspipe til bruk på gatetrappa i Øyragata.

fredag 8. oktober 2010

Fredag i Jeriko

Er straks klar for frukost i 9.etasje på InterContinental i Jeriko, ei kort natt svevn.

Etterskrift!: Gondolbana til Freistingsfjellet, - vitja Klosterkyrkja der og var innom fleire av turistvareutsala der og på utgravingsområdet på Tel Jericho - der ein finn "bevisa" for at det har vore bydanning ved kjelda i oasen i 10.000... Der møtte vi nokre norske deltakarar frå ei reise som vert arrangert for ulike deltakarar av fagrørsla. Etterpå såg vi Elisjas kjelde - der også Norge har bidrege med sikring og rensing av vasskjelda som syter for det meste av vatnet i Jeriko. I fjor var dette området ein kaotisk byggeplass, i år drakk vi myntete i anlegget ved kjelda! Her sit vi i trappa ved kjelda - nesten alle saman!



I år vart det også fotostogg ved Morbærtreet som Sakkeus klatra i for eit par tusen år sidan - får finne referansepunktet i Bibelen seinare, rett ved treet vert det bygd eit russisk museum - også dette parkanlegget skulle vere ferdig til i morgon!



Middag på hotellet der ordføraren av Jeriko kom og vitja oss, vi hadde ein lauseleg invitasjon til å delta i ein del av palestinsk bryllupsfeiring - det vart vel travelt for verten vår så den delen av avtalen vert usett til laurdag.
Ein fredeleg roleg kveld i restauranten ved badeanlegget på hotellet!
Alt vel!

torsdag 7. oktober 2010

Dagen er komen!

Klokka er passert midnatt på reisedagen, - det meste er pakka - skal stå opp om 4 1/2 time.

Vi er vakne og snart reiseklare, yoghurt og te smakar best - det vert vel frukost på Flå eller noko slikt! Det som no ikkje er med - får vente til neste tur!

Sit på hotellrommet på InterContinental i Jeriko, er nydusja og prøver å drikke litt vatn for å kompensere for væsketapet, før eg legg meg til for å sove etter eit langt reisedøgn!
Bussturen til Gardermoen gjekk greitt, stogga lenge nok til å kjøpe iskaffi på YXVang i Valdres, og fekk oss frukost på Valdresporten noko seinare.
Bøkene frå Tanum var klar på Gardermoen - ein del arbeid med bagasjesending - men ikkje verre enn ein kan vente. Flyet Gardermoen-Wien letta og landa i rute, ein eldre flymodell - god plass til føtene tilogmed!
Handla ku og parfyme på flyplassen, leitte etter sommarhatt!
Wien - Tel Aviv hadde eit større fly men trangare, varmare og pasta med tomatsaus og kylling og ein fruktpure til dessert. - av alle dei filmar som kan tenkjast visast på eit Austrian air fly ein oktober kveld - var naturlegvis den nye karate kid filmen - retteleg ein Lærdalsfilm!

Vi heldt oss på same brune cafe på flyplassen, åt italiensk is, og kyllingwok...

Det gjekk brukandes, lang ventetid men høvisk og greitt gjennom ankomsthallen.
I Tel Aviv sto bussjåfør og guide og venta på oss, - og køyrde ein annan veg til Jericho enn sist -
så vidt innom Jerusalem - så vi har sett Klippemoskeen på nattestider...

God å kome attende til InterContinental - dusj var særs viktig - det har vore ein varm dag!


onsdag 6. oktober 2010

1 - det er forventa nedbør i Jeriko i helga også!










Drikk te. Det regnar. Tenkjer høgvyrdige tomme tankar. I morgon på desse tider har vi passert vasskiljet - på veg mot Gardermoen.
Det er pakkedag og sisteaugneblinks planleggingsdøgn!
Livet er godt å leve!

Mellomskrift - Vi tenkjer og planlegg og tel og pakkar - 100 refleksvestar for småungar - 50 bærenett og eit tredvetals bøker skal også med og andre smågåver, - eit par datamaskiner, ein del foto-, video- og opptaksutstyr, og litt klede som Mari skreiv det så greitt - er pakka med omsyn til både heten og anstendigheten...

Mellomskrift - Raudestova vert stendig vakrare, medan eg driv med alt anna - måtte avgarde og ta nokre bilde - no er det glas og bordkledning ned til muren.

Bystudenten har fått låne ei bunadskjorte og ein bunadsvest på Ljøsne - vi har vore på køyretur - det fossar vatn ned frå fjellsidene - det bles og regnar - nett no er det 10 1/2 time til vi fer - pakkar koffert!


tirsdag 5. oktober 2010

2 - blogging på bussen!










Tilogmed på sjukehusbussen er det trådlaust nettverk som verkar. Det er trangt på bussen, - men når hjelpemannen/billettøren er gått av bussen i Sogndal på heimatturen, så står skrivebordsplata hans ledig, - fint det! Eg er ikkje heilt sikker på om Sogn billag har same definisjon for komfort som dei hadde tidlegare  - det kan vere at der er rullestolheis - men er ikkje sikker på om eg skjønar kor rullestolen skal stå...., men det kan jo vere gjort i ei handvending å fjerne nokre bussete, for det eg veit...

Kontrastvæske i begge hender og ein mugge kontrastvæske til å drikke, jaudå det var kontrastane i meg som kom fram i dag - i tillegg til meir ultralydundersøking.
Nokre sjukehustilsette fortel alt som om det er fyrste gong og spesielt til deg, - på CT var det ein slik kar i dag!
Andre går ut frå at du har høyrt det før, er lei av å gjenta seg sjølv - då vert det stundom litt snautt...

Kake frå Naustdal dampbakeri vart dagens kos!

Kjenner eg gler meg litt til å synke ned framfor tv'en og statsbudsjettet...
Langdagen verkar inn, - har vel ein del ting eg må ordne i dag også...
Bystudenten kjem heim i kveld, - noko ekstra god kveldsmat bør det verte råd med!
Det spørs om han vert overraska med heimelaga pizza! 

Dagen derpå etterskrift!: Det einaste eg fekk med meg om statsbudsjettet var at Tora hadde trukke attende forslaget på endringane til 10 månadsutbetalingar frå Lånekassa allereie, -
det vart Grandis til kveldsmat - men han hin var ikkje nøgd med smaken av den tynne versjonen med mozarella - han fekk ny!

mandag 4. oktober 2010

3 - reisefeber


















Tusen takk for nydelege blomar på spisebordet!

Trur det er sunt med ein overgang frå nesten +20 grader på Øyri til i underkant av +30 grader i Jeriko. No har vinden løya litt igjen - så det er berre fin sommarvarme ute.

Er innkalla til fleire større røntgenundersøkingar pr telefon til Sunnfjordby2 i morgon, - og kan stadfeste at eg nytta nyerverva kunnskap! Bad om at innkallinga vart sendt pr fax, så eg har noko å vise føre meg både på sjukehusbussen og på nucleærmedisinsk seksjon. Bratte læringskurvar kan vere greie!
Det var eigentleg ikkje lov å sende personinformasjon på denne måten - men uendeleg mykje enklare for den heldige brukar!

Har nokre prosjekt eg skulle ha gjort ferdig før eg reiser, har til Mor si store forundring ikkje funne fram kofferten endå - det vert nok seinare i dag!

Etterskrift: Eg ser det vert vanskeleg å verte ferdig med alt ein skulle ha gjort før reise, men er komen så langt at eg rekk det eg rekk. Kofferten er ikkje funnen fram, - men du verden så mykje som skal med, - møtet i kveld viste at det vert fulle koffertar hjå dei fleste! - og eg gler meg - for ein fin gjeng!

søndag 3. oktober 2010

4 - heftig vind løyer litt - MC til vinteropplag!

Vi tok inn alle utemøblane i går, og det meste av krukkene: Det har blese heftig sidan fredag, temperaturen har stige meir enn 10 grader.
Det syng og durer og vibrerer og smell i slike gamle hus, - reknar med at denne helga har medført ein del skader rundt forbi...

Har kost meg med nye quilteblad - og fordøyer dei siste heftige døgna - som å setje meg inn i Pasientreise-systemet...
Har tidlegare meint det har vore mykje bestyr, - for eit lite resultat for attendebetaling ein gong i framtida, - trur eg las ein kvan stad at refunderinga skjer innan 3 månader - men det er ikkje så gale no lenger. No ser det ut til å verte litt meir bruk for...

Det manglar litt i førstelinja hjå sjukehuset i Sunnfjordby2, - seier ikkje at det er deira feil, og bevisbyrden ligg så absolutt til den heldige brukar.
Ein har ikkje noko dokument å vise for seg når kirurgen som er på Brystdiagnostisk senter på torsdagane, ringer etter si arbeidstid.
Skulle møte klokka 12, - det ville verte noko venting - fordi eg skulle puttast inn mellom pasientar, vi var budd på det med godt med lesestoff.
Kunne naturlegvis teke Sjukehusbussen like før 7 og kome fram like før 10, - betalt på vanleg måte som reisande, for eg kunne ikkje ha dokumentert at eg var pasient...
Han hin veit at det finst tidspunkt i livet då det er meir enn særs godt å ha nokon, han køyrde til sjukehuset og vi er der i god tid.
Møter opp i luka - og får beskjed om å vente på kirurgisk poliklinikk. Sit i 2 1/2 time og ventar, inntil nokon kjem og nemner namnet og seier eg skal vente på venterommet i 3.etasje. Nokon hadde sett etter oss, for kirurgen kommenterte at eg ikkje lenger hadde langt hår som sist, 2.9.!
Eg skulle truleg ikkje høyrt på førstelinjetenesta, men gått rett forbi - og plassert meg på venterommet og håpa at nokon kjende meg igjen...

Etter den lange samtalen fekk eg beskjed om å gå ut i resepsjonen i vestibylen - for å hente kvittering for oppmøte. Den tilsette kvitterer ut at drosje og følge er unødvendig, og gjev meg ein ferdig adressert konvolutt med eit ark og ei 4-sidig rettleiing - som eg kan bruke inntil "8 gongar". Ho har definitivt ikkje lest, forstått eller sett! Dette dokumentet ho deler ut med høgrehanda som står så lett tilgjengeleg - der mellom anna klokkeslett for behandling er eit gjennomgåande tema..., kanskje ho refererer til at det er 9 linjer på pkt 3. Reiseutgifter til og fra behandlingssted.
Eg fekk kvitting for poliklinisk behandling ved kirurgisk avdeling datert og signert,

og så les ein nestsiste pkt 8. Sjekkliste for nødvendig dokumentasjon...

... oppmøtebekreftelsen må inneholde dato og klokkeslett for behandling - stempel og signatur fra behandler...

Sjukepleiar og kirurg har kanskje heller ikkje lese, - bevisbyrden ligg på den heldige brukar. Eg skjønar kanskje ikkje kvifor behandlar skal belemrast med slikt kontorarbeid...  Må visst lære meg dette å krevje dokumentasjon og tidspunkt, - det betalar seg ikkje å surmule etterpå - får vel ikkje betalt for rimelegaste reisemåte heller, når det ikkje kan dokumenterast når, eg har vore der...

Jaja, - å ha han hin med seg slike dagar kan ikkje betalast med pengar, - det er betydeleg meir enn tapt arbeidsforteneste og reiseutgifter Pasientreiser og helseføretaka har laga eit skjema som krev større kunnskap i alle ledd...
Misbruk er utgangspunktet, - underforbruk av rettar er resultatet, - det betalar seg sikkert.


Etterskrift - og vinden tok seg oppatt - vi tok MC'en min på tur i lasterommet i bilen og plasserte den i vinteropplag..., er spent på om eg greidde å få skikkeleg bilde av den elektriske bilen og rullatoren i MCspegelen, har øvekøyrt begge i dag!

Vi nytta høvet og greidde å kapre eit 4 mannsbord på China House i Øvre rett før alle andre som ikkje hadde tinga bord kom,
nydeleg mat, rask og grei service - vel verdt å vitje igjen! Vi har ete relativt mange gangar  på restauranten i Sogndal og på Voss, men aldri den i Odda...

Sogndal vann, - og på Leikanger baka dei verdens lengste eplebitkake! - BT fortel om heite netter i oktober!

lørdag 2. oktober 2010

5 - framtidsvyer

Handla Allers juleideer saman med mjølk og helgemiddag på Coop i går kveld.
Ikkje av dei mest forlokkande julemagasina etter at plasten var skrella av, -
men der var opptil fleire gode idear å bruke, - det var ikkje det... 
men eit Fons&Porter's Quilting - Easy quilts frå beste bladbua i fylket - Narvesen i Gravensteinsgata i Sogndal, lovar meir!

I postkassa låg Quiltemagasinet - av dei finaste på lenge!

Fyl Vox populi - Knut Johannesen sin blogg - fredagslyrikken hans hadde rette perspektivet denne gongen også - uendelegheit!

No er vi klare for laurdagsfrukost på Pensjonatet!

Mellomskrift - der fekk eg boksen med desse 4 koppane fordi dei har stått å venta på ein god dag for slikt - kjøpt på museumsbutikken i Mosjøen på tur nordover...



fredag 1. oktober 2010

6 - sjukehustur istaden for epleplukking i Provincen

Far skulle kome og hjelpe oss med epleplukking denne helga, sidan neste trulege epleplukkehelg kan vere om tre veker. Første helg etter Jerikoturen, er arbeidshelg.
Frukta er sein i år, men lenge som tre veker til heng det meste av epla nok ikkje... Med unntak av Ingrid Marie - det kan bety flott farge på eplejuicen vi får pressa sjølv!

Fekk melding på jobb sein ettermiddag i går, om at eg burde ta meg ein tur attende til Førde i dag, for å sleppe å få vite kva planar sjukehuset har om behandling pr telefon. Blei sjuk i juli, og no er det oktober, - men det betyr at han som tok grovnålsbiopsi for første gang på ein pupp sist torsdag, fann det han skulle! Eg skjønar eg slit litt med tilliten til systemet, - nokon i Førde må gjere noko for bygge den oppatt!

Etterskrift - 6 rundar cellegift før operasjon, - skulle ha starta i veka som kjem - reiser framleis på tur -  røntgen neste veke - startar med cellegift etter at eg har feira Jeriko.

torsdag 30. september 2010

7 dagar til det er frukost i Jeriko!

Te og rista toast med honning...

Miranne har laga verdsvevside for årdølene - den er nydeleg, sjekk!

og her informerer unge husflidarar via YouTube og verdsveven!

- det er no så enkelt for desse unge!

Eg fekk beskjed av ei av dei vaksne husflidskvinnene at eg såg 20 år yngre etter eg hadde vore til frisøren, - så eg får nytte høvet no medan eg er mellom dei yngre vaksne - og lære etterkvart!

Det ser ut til at håret også kan bli kort ei stund framover!

onsdag 29. september 2010

8 - den store bokdagen - og fyr i peisen!

















Framsida av boka "Farvel Rune" av Marit Kaldhol - illustratør er Wenche Øyen - utgjeven av Samlaget - gler meg til å halde den arabiske versjonen av boka!
Bibliotekpakken vi skal ha med oss til Jeriko, byrjar å ta form!
Kjenner det er ekstra stas å ha varmen frå peisomnen i ryggen, her eg sit på biblioteket. Eg har insistert på å gå berrføtt i sandalane til eg er attende frå tur, men det byrjar å nærme seg at eg må finne fram nokre ullsokkar likevel. I dag har ikkje bilen vore isfri, der den står i bakhagen, blomar og gras har eit kvitt dryss av iskrystallar.
Oliventreet står på dørstokken mellom kjøkkenet og gangen, det vert vel boren opp i andre høgdi før helga - det ser ikkje ut til å verte varmt nok til å ha den utandørs før våren kjem.

Fargane frå bibliotekvinduet har byrja å verte gul-oransje-grøn-brunt.  Det er haust no!

tirsdag 28. september 2010

9 - sauming i lys av lyden av Jerusalem og leit etter det palestinske kjøkken!




Vil sy litt på føremiddagen i dag, kom så godt i gang i Eldhuset i går kveld.
Det ryddar så godt tankane - får tenkt slike gode tomme høvyrdige tankar på den måten!
Eg ser hushjelpa har vore litt snarfaren siste vekene, - må visst ta ein alvorsprat med henne etter jobb i dag - det ser noko pussig ut når ein må ta begge sider av konversasjonen - (LOL)
får iallefall rydde godt nok til at han hin kjem til med støvsugaren og teppebankaren...

Som førebuing til turen har det kome fleire fine lenkjer via Facebook -
Sidsel Wold sitt ferske korrespondenbrev frå Jerusalem

og via Haifa og Ben i Vancouver: videosnutten ovenfor på YouTube
Planet World - Bobby Chinn kjøkkensjef og matreisereportar sin leiting etter det autentiske palestinske kjøkken.
Han startar med falafel ved Damascus Gate i Jerusalem og synleggjer reiseproblematikken der han fer via Ramallah og daddelproduksjon i Jeriko og frukt og grøntmarknader og slakting i Betlehem og couscousproduksjon i Gaza - og avrundar om gjestfridomen!
- naturleg reisefeber og full av forventning!

LOL - måtte utsetje sauminga, skulle kvile litt middag etter jobb - før eg gjekk for å sy - og sov heile kvelden -
det var dette med energien som ikkje fyller forventningane...

mandag 27. september 2010

10 - finever og fine forventingar




















Med slikt ver vert det farge på frukta i Provincen.

Freistar følge opp ein del skrivearbeid i forkant av reisa både dit og til Palestina

På veg heim frå bui og runda hjørnet for Lindstrøm Hotel, såg eg at Handverkaren hadde starta med taket på Raudestova. Førre veke sa han at han ville nytte det fine veret som var meldt, til å legge det nye taket, og han reknar med at også torva er lagt på før vinteren kjem.
Eg har teke ein del fleire bilde enn dei eg har lagt ut,- slik at eg kan vere med og dokumentere dei endringane vi som bur og ferdast i gata ser skjer med Raudestova.

I omnen bakar eg raudbeter og poteter - snart middag.

Etterskrift - sauming av åttebladroser!

søndag 26. september 2010

11 - Marknadssøndag og reiseskildring frå Praha!

Fredeleg søndagsstart,- det er stundom ekstra viktig å ha mjukstartar!
Te og rista brød med brie og fersk fiken - kan ein ha det betre...

Den knallblå himmelen fortel at det vert vanskeleg å passere 10 plussgrader her i solskuggen.
http://www.yr.no/ fortel at det kan bli +14, det er nok på Moldasida. I Jeriko vert det varsla om +36.

I Verneområdet har det vore satsa på brannvern siste åra, - ein del planarbeid for gata vår og arbeidet med Losjehuset har stogga opp.
Håpar ikkje dette utspelet fører til at dei gamle teikningane vert nytta.
Fann dette biletet på verdsveven, teke av H. Ottesen, det viser så greitt at sola ikkje når "oss" i ytterste venstre bildekant - halve året. 

Etterskrift: Ein betydleg fredlegare marknadsdag, utan at det betyr at ein har mindre å gjere.
I dag var fristelsen ein ikkje kunne seie nei til, - knappar i boden til Strikkeglede frå Hemsedal - to sortar kuknappar og 24 epleknappar i tre.
Eit heilt naturleg val for adventskalendar, i tradisjonen til Karin H. og Lærdal husflidslag.

Der stod eg heilt forsvarslaus og glad og tel knappar... (LOL),  med ein hårfrisyre som folk som kjenner meg har problem med å kjenne meg att med, og så spør dama på hi sida av disken noko slikt som - "sant det er du med strikkekua"?

På ein Lærdalsmarknad hadde dei hadde fått låne med seg strikka dyr som illustrasjon på eit hefte med julekrybbe. Eg såg den ståande der på kanten og berre vente på å få kome til ein god heim,- eg sa berre at eg skulle ha den kua, men den hadde altså ikkje prislapp på.
Dei fekk lov å selge meg kua, etter at dei hadde fortalt korleis kunden hadde sett ut!
Dessutan fann eg strikkekoppen i assortementet deira - vert truleg ei gåve! Tøfft! Dei har mykje nydeleg garn og mykje nydelege oppskrifter...- også mogeleg å tinge varer via verdsvevsida http://www.strikkeglede.no/

Medan vi andre gjekk vidare til ein ny arbeidsdag - vann naturlegvis Sogndal 2-1 mot Alta! Elvis'en hamna på sjukehus i Sunnfjordby2!
- og Porten har lagd ut sin artikkel om Haustmarknaden.

Bystudenten og Trønderinna har ikkje vore Heime på Haustmarknaden - naturlegvis har vi sakna dei, der dei har vore på Praha-tur! Eg må berre dele denne reiseskildringa!


lørdag 25. september 2010

12- Haustmarknad

Dagen starta med fint overskya ver, det er alltid eit godt teikn når det er Haustmarknad på Lærdalsøyri.

Eit pluss for oss som bur innanfor Verneområdet, er at det er kort veg heimatt med varene som er handla.

Vi har arbeidshelg  - så det vart gjort unna litt lønsarbeid før det var tid for å stå i Marknadsnemndi si bod med gratiskonkurransen.

Dagens konkurranse var innan ei merkevare som er noko breiare enn dei fleste huskar på - Lærdalspoteter!

I 8 boksar var det plassert 3 poteter. Det var åtte av fleire potetsortar som vert dyrka i Lærdal, det galdt å gjette rett namn!

Rekkefølge som gav rett svar: Asterix, Blå Kongo, Berber, Kerrs Pink, Mandel, Oleva, Peik og Rutt. Premien er ein sekk poteter - og ingen hadde alle rette!

I morgon er konkurransen truleg ein sekk gulrøter - det er tradisjon på på dei to marknadane i Lærdal at Marknadsnemndi har ein slik gratis konkurranse - då veit alle kor ein kan spørje etter hjelp av nemndi, eller kor næraste minibank eller toalett er - eller alle kan fortelje at dei synest vi har trivelege marknader i Lærdal. Det fine lett overskya veret heldt seg, så sjølv om sola forlengst har forlate området der Marknaden er plassert,- så var det brukelege temperatur.

Eg har handla spekepølser hjå same pølseselgaren frå Venås Engros - 2 gongar i året - og i det siste også på Rørosmarknaden!
Pølseselgaren sa i dag at første gong var i 1996, den gongen jobba eg i kulturetaten og yngste han velkomen til marknads! Han er dyktig - han huskar kva smaksvariantar vi likar, og veit kva for nokre nye sortar han kan by oss til å prøve - ikkje rart han har mange svært faste kundar!

Elles handla eg blomkål, rødbetar og reddik og ferske fiken hjå Ernesto på Lærdal torg - dei er så flinke i høve marknadane.

Eg tinga ei kasse honning frå Sognebia til dei heime på Sunnmøre, dei likar den gode smørbare honningen på brødskiva med gamalost.

Ingrid på Ellen Antikk kom ut og viste fram kua dotra hennar hadde handla hjå ein brukthandlar i Kvammegården.
Eg misforstod og tok fram lommeboka, - og det heile enda opp med at eg likevel fekk kjøpt kua!
Korga med kantarellar derinmot, var ein del av middagsmaten og forlengst oppeten.

Han hin kom frå jobb, vi åt middag og så for vi av garde til Kultursalen og såg einakteren "Mordet på Lunde". Her er artikkelen i Sogn avis om Kaupanger Ungdomslag si førestilling, då dei spela den på hi sida av fjorden i mai.
No trøytt!