søndag 31. januar 2010

Symål - avslutte eit teppe i månaden - nesten ferdig!

Sit ved spisebordet og jobbar, greitt med kvadratmetervis av furuplank - slike dagar!

Vert nok ikkje ferdig med kvilting og lukkekant, - men nesten!
Framleis har eg det heilt klart for meg at eg har vore særs flink - bortimot måloppnåing!

Frå sterk vind og snøføyke, i går og i natt har det vorte svært mykje kaldare i løpet av dagen,-
to siffer etter minus forlengst!


wikipedia om februar:

lørdag 30. januar 2010

Laurdagskveld og ferdiglimt teppe!

Har vore i Eldhuset i dag og fjerna uendelege mengder med trådendar på det blåkvite teppet, det vert ein del på slike prosjekt.
Det vart aldri noko bilete av baksidestoffa, - men eg fekk nytta "brukt" materiale, - lagervare!
Det var for mykje volum i "teppet" frå Ikea, - så det vart bomullsvatt.
No ligg teppet på Eldhuset og tørkar, - greiast slik då vert det mindre limkliss på nåla og i maskina. Eg går ut frå at det vert tidleg start i morgon, - det får no vere måte på tolmodigheit!

Trur eg må drøfte med mottakaren av det rosa teppet om volum kan vere eit pluss der, - i såfall får det vere med i val av mønster.

Eg planlegg å quilte på skrå, både gjennom dei blå og kvite rutene, - har ikkje testa om det let seg gjere å rulle teppet saman i liten nok rull til symaskina...
Det vert spanande med eit så stort teppe i vaskemaskina, reknar med den hoppar rundt i rein glede under sentrifugeringa!

Har tinga plass på veskekurset i syhelga i Luster, - ikkje det at ein har for få vesker. Det kan vere greitt å få brukt noko stoff der også...

I kveld er visst månen på sitt aller største i år, det får vi visst ikkje glede av i dette snødrevet...

        











fredag 29. januar 2010

God helg, - det skal det jammen bli!

Det var triveleg å vere på vitjing til quiltelaget i Luster i går kveld, det gjer godt med ein tur utanom bøagarden! Eit spanande fellesprosjekt - der alle medlemmene bidreg med tulipanblokker 15x15 cm sydd på papir. Dette vert vi naturlegvis med på, og kanskje om nokon ynskjer det så tek vi ideen med hit også!

Luster quiltelag trong fleire deltakarar på veskekurset sitt. Vi vert likevel ikkje opptekne den helga i laget, - så det kunne vore ein fin måte å ha arbeidshelg på! les meir om kurshelga og påmelding her!


Det vert nok ei travel helg, skal det blå-kviteteppet verte ferdig, - så vert det mykje sauming!

torsdag 28. januar 2010

Dagens høgdepunkt - årsmøtet i Luster quiltelag!

Vel, det vart kanskje litt feil spissformulering! Det er kanskje ikkje sjølve årsmøtet som er høgdepunktet, - men alt det andre som er inkludert... Sida til quiltelaget i Luster! Slike ting som Sy og strikkebui og Narvesen i Sogndal, før vi fer vidare til skulen i Gaupne, der årsmøtet føregår!
Etter årsmøtet er det "vanleg aktivitetskveld", der temaet er Tepper som varmar og det skal syast tulipan-blokker i papirsaum som eit fellesprosjekt. Sjåføren har med si nye symaskin, medan eg leitar fram sysaker og stoff i "rolege pastellfargar".

Broderi er stendig noko eg tenkjer eg må få gjort noko med, -
eg gler meg over eit avsnitt i denne BT artikkelen - om vertinna på Gamlehaugen når kong Olav var i by'n!

Broderiet ho har i glas og ramme på veggen i gangen sin, viser at ein ikkje treng vere yngre dame som treng løyse opp litt muskelstivheit ved englevingefestet med ein rampestrek eller fleire -!
Med referanse til twittersignaturen Geriljabroderi og fjesboksida "for eit meir aggressivt korstingsbroderi".

onsdag 27. januar 2010

Ein vakker onsdagsmorgon - ein merkedag - pappaen min er 79 år!


Far er naturlegvis den flottaste pappaen som tenkjast kan!
Eg har ikkje spurt nokon av desse to om lov til å legge dei ut på verdsveven, - eg leitte lenge etter eit bilete eg tok i fjor inntil det gjekk opp for meg at eg tok det med hans kamera!
- Han liggande i lattermild kvile i trillebåra med ei eplekasse til fotskammel!
Eg nyttar eit bilete der han hjelper til som fruktarbeidar sist haust, - han til venstre er 40 år yngre, - eg glad i han også!

tirsdag 26. januar 2010

God tirsdagsmorgon!

Eit mjukrosa lys over nabohuset, styggeveret Ask ventar i nordvest!

Ein retteleg god dag til ei Nemi-stripe frå bt.no...

Siste måndag i januar - kanskje ferdig i januar

Den blåkvite baksida er under arbeid, snautt med tid mellom jobb, middag, kvile og møter.
Første gong eg nyttar lappesaum til å lage bakside, - limer saman teppet i kveld.
Trur framleis nesten på å verte ferdig!


Wilkipedia om Pålsmesse:
Pålsmesse, etter apostelen Paulus også kalla Pål med bogen og Pål skytter

Boge, sverd og fisk er merke som er nytta på primstaven om Pålsmesse 25.januar.

søndag 24. januar 2010

Kva er ein god januarsøndag

litt meir fri fritid, kanskje -!
Kjensla av å vere nyttig kan vere fin...

Den blåkvite toppen er ferdig, men er endå ikkje presentert for mellomfyll og bakdel, det vert ikkje før tirsdag. Eg har bestemt å vere ferdig med den blåkvite i januar, og på torsdag er det årsmøte i  Luster Quiltelag...

Neste helg vert visst kviltehelg og metervis med lukkekant med handsaum, sikkert ikkje så mykje fri fritid då heller - det får verte februar det!

lørdag 23. januar 2010

Non, mihi ignosce, credo me insequentem esse!

slik kan - "no e d min tur!" - også seiast og skrivast!






Ein god dag for å gjere slikt ein burde ha gjort ei stund, - på kjøkkenet for eksempel!
Elles ein god dag  for å rydde frosen Feiosfrukt ut av uthuset, før epla tinar!
Eg syr blåkvitt og planlegg nye prosjekt.
I pakken frå Desiree kom endå meir frukt og grønt også...

fredag 22. januar 2010

Kode rosa!


No er innsamlingsaksjonen igangsett!

Greitt nok for alle som kjenner meg, - rosa  er IKKJE meg, - det har alltid mangla i klesskapet mitt!
Går ein i djupna av problematikken, så er det to unntak, - ei rosa buksedrakt med kvite jakkeslag i crimpelene og då snakkar vi ca akkurat 1970 og veldig rosa, nesten mot cerise! Nabojenta hadde buksedrakt i same stoffet og buksedrakt er rette ordet!
Eg hugsar at Mor og eg handla stoffet, - hugsar det også som at vi kjøpte det først, - så det kan ikkje vore ynskje om look-a-like nabojenta som var årsaken til fargevalet heller!
Dessutan ei alpelue ca 10 år seinare, sist gong eg nytta den, var på ØNH poliklinikken på Åse sjukehus!
Eg har fleire kubikkmeter stoff, nokre ytterst få har litt og då snakkar vi bittelitt, rosa i seg!
Har kjøpt alle fire sortane Hobbykjellaren hadde, medan dette er handla hjå stofflangaren i Sande i Sunnfjord - Desiree!







torsdag 21. januar 2010

Fridag med symaskina - litt lukke!



Ein av dei gode grunnane til å glede seg over det frivillige prosjektet Wikipedia!
har du nokon gong lurt på korleis ei symaskin verkar? - trykk her!?






Elles er det 6 år sidan Ingrid Alexandra  vart fødd, om du også har utsikt til offentlege flaggstenger frå skrivebordet!

Hadde ikkje tenkt å lage noko royalistisk vinkel på bloggen heller, men sidan eg no har starta med å skrive litt om primstaven - gamle  og nye merkedagar...
Dette friske biletet fann eg på db.no, trur eg, - eit av dei bileta som er offentleggjorde i høve dagen!
Slik ser med andre ord ei norsk prinsesse ut !

onsdag 20. januar 2010

Vi syr i Eldhuset i kveld!

Det har vore ein grusomt masete dag - i staden for å synke saman på sofaen, - kosar vi oss med fint stoff & fine tankar!
Nyttig avrunding!

I dag viser Primstaven at det er Brødremesse
og er merka på primstaven med ei øks eller to piler i kors - vil nok hugse Brødremesse for mangt både nært og fjernt.


Synest Nemi frå bt.no beskriv rette mattheita her!


tirsdag 19. januar 2010

2rvund: "Når ein står med dagen framfor seg, hendar det at kvardagar fortonar seg som kravdagar."

Eg høyrer til dei som har glede av Twitter, der ramma ein må halde seg innanfor er 140 teikn.
Signaturen "2rvund" sørger for små smil i kvardagen eller boblande latter eller ei djup undring...

- denne kom like etterpå i dag:

Plutseleg kom eit lite barn fram frå folkemengda, peika og sa: "Sjå, Keisaren har ikkje knær!" Då såg brått alle kor rart keisaren gjekk.

- som signatur på sida si har han : - "ikkje la optimistane ta knekken på deg".


Det blåkvite teppet mitt har vakse litt i dag også. No er det sein ettermiddag, og på tide å gå på jobb!

mandag 18. januar 2010

På veg til broderte namnedukar i Øvre, men tankane er hjå kollegaer på Fagernes!

Når mediekvardagen vert for stor, - er det greitt med eit spøt mellom fingrane eller nokre fine stoffbitar ein kan stryke handa over...


og det er naturleg å tenkje uttrykk slike dagar - broderi på ein ny måte....



Vi fann fram til salen der Årdal husflidslag hadde invitert husflidskonsulenten Synøve E. Vadøy til å snakke om namnedukar.
Ho starta med nyttige attendeblikk frå år 850 - det er funne bitar eller fragment av namneduk i Sentral - Asia.
På den tida hadde Hishams palass med anlegg for varmevatn forlengst ramla saman av eit jordskjelv i Jeriko og kjøpstaden på Børkjo hadde også beviseleg halde på ei stund.

Ho viste materiale som Prosjektgruppa i broderi - 2009 har funne fram ( Husflidskonsulentane Anna Halsne, Annie Eikenes og Synøve E. Vadøy).
Dei har laga 4 hefte med broderitips - " sting i tiden" - Mangfold i roser, Fri som fuglen, Løse lommer og Bokstavelig talt,  desse kan lastast ned her: Sting i tiden - frå Prosjektgruppa i broderi 2009- Norges husflidslag.


Ein fin gjennomgang av historikk via Europa og Bergen og symbolikk bokstavar og tal, mønsterbordar og livets tre, englar, bygningar og blomstervasar...

Ein skulle ha brodert meir...


Eit viktig poeng frå Synøve er dei små broderiprosjekta som kan få barn og unge i gang med å brodere -.
Ein treng ikkje starte med namneduk, - men ein kan vere midt i livet og glede seg over ferdiggjering av eit lite prosjekt også! Det var med litt prosjektarbeid heimatt til Øyri også...

3 hadde teke med seg eksemplar av namnedukar, og andre fortalde om namnedukar dei hadde laga eller fått.


Eit godt husflidsmøtepunkt!


På veggen hang eit prosjektarbeid som 8.klasse i 2008/2009 hadde laga i Kunst og handverksfaget.
Elevane hadde måla kvar sine tja ca 15x15 cm utsnitt frå ein tur på Øyri og stavkyrkja på Borgund.
Desse var montert på ei stor svart plate.
Trappa og gatedøra vår, er tredje bilete frå høgre i andre rekkje!

Bilete kjem nok etterkvart...

søndag 17. januar 2010

Lyserosa søndagsmorgon

Skyene er lyserosa - naboen sin gråmålte vegg har eit mjukt lyserosa slør...

Vinden roa seg i løpet av natta, så det vart betre svevn enn eg rekna med ved leggetid!
Teglaset er ferdig oppdrukke, det blåkviteteppet ventar på øverste loftet - ein god sydag!


Jaudå det er vart ein god sydag, det lyserosa lyset forsvann fort på føremiddagen...
No snart middag og så er det jobb til midnatt.

Har endra på planane for teppet, gjer dei fem panela litt lengre - slik at heile teppet vert 9-ar ruter og lysekvite kvadrat.

Kanskje det vert eit teppe til den senga det vart testa på, -!

På primstaven vert dagen kalla Antonsmesse

og primstavmerka for dagen er ein gris eller eit kors.













lørdag 16. januar 2010

Det bles stundom heftig og det er kaldt - trass i at mildveret er kome!

Det er arbeidshelg, - er forlengst ferdig med både arbeidsdag og middag- !

Dersom eg skal verte ferdig med teppet av dei blåkvite9ar-rutene mine i januar, så må eg nok sy litt i dag også...

I morgon vil eg nytte dagslyset til bilete, - vert nok ikkje like bloggefine som Miranne sine. Eg trur ikkje eg skal bale med å seie at ho har så mykje betre kamera og ny linse!
Eg trur vel om det blåkvite teppet som har vore i arbeid ei stund. Eg trur det er på tide med minst ei ferdiggjering i månaden av ymist i  "dette har vore i arbeid lenge"- lageret mitt.

Ein vert sliten av å vakne mange gangar om natta av sterke vindroser som riv og slit av gammal vane i gamle
hus. Ei lita middagskvild hadde nok gjort godt!

fredag 15. januar 2010

Ein frifredag i januar.

Ein fredeleg fredag, det skal saumast og haldast helg!

Dei blå 9ar-rutene skal gjerast ferdig til eit stort teppe i januar, - så enkelt er det å planlegge!

torsdag 14. januar 2010

Endeleg "mildver" !














Ein god sykveld på Eldhuset, -og naturlegvis er det ikkje mengda av produserte 4er- ruter det er snakk om, Det er delte øyeblikk om gleder og sorger, - ein god kaffikopp og ein sjokoladebit, - avtalar og avklaringar,
det er gode og konstruktive idear og løysingar for ei årsmøtehelg i mars!
Det er deling av informasjon om husflidsmøtepunkt i Øvre på måndagskvelden, og på museet i februar!
Det er så mangt, det kan skiftast ord om.
Det har vorte betydeleg varmare, det gjer godt - ein ser litt lysare på mangt då!

Primstaven - merket for dagen eit tjukkgreina tre eller ein bispestav. - iflg monet.no

onsdag 13. januar 2010

Tjuandedag og gamle nyårsdag

Vi har både rydda og vaska i dag, og dei to nissane i spisestovevinduet er tekne ned!
Det er ein god dag å pakke saman julekrybba frå Betlehem - og la andre ting få attende plassen sin.

Meldingane og bileta frå Haiti er vonde, - dei har sanneleg mykje å ta tak i!

Tjuendedagen, Knutsdag, avfaredag, gamle nyttårsdag
Fra gammelt av blei det rekna tolv juledagar.
Helligtrekongarsdag, 6. januar, skulle jula være slutt og juleølet skulle være drukke. 6. Januar er eigentleg tolvte juledag, men vart kalla Trettendedagen Gamle juledagen. Årsaken til dette var innføring av den gregorianske kalenderen i år 1700. Da vart tolv dagar fjerna i kalenderen, slik at den gamle 1. juledag fall på 6.januar.
Tjuendedagen vart omtala allereie i midten på 1200-tallet som gisladag. I ein runekalendar frå 1328 vert dagen omtala som atundi dagr. På noen stedar vart jula jaga ut med bjørkeris. Ein gjekk frå rom til rom og slo med riset i kvarr krok og jula vart til slutt jaga ut gjennom døra. Tjuande dag jul var den absolutt siste dagen for eit etterjulsgilde med dei siste restane av julemat og -drikke. På Primstaven er merket m.a. ein feiekost og eit drikkehorn som var snudd på hovudet for denne dagen. Feiekosten var til å feie ut jula og det oppnedvendte drikkehornet viser at juleølet skulle vere oppdrukke.


De ivrigaste juleentusiastane heldt jul heilt til Kyndelsmess 3.Februar og sa:
Kyndelsmesse Knut - Dreg jula ut!
(wikipedia)

tirsdag 12. januar 2010

Endå ein møtedag - hadde ikkje tenkt å vente til torsdag før eg sydde meir!













Midtvinterdag, hökunótt


Midtvinterdagen (også kalla juleblot, midtvinterblot, jól, torreblot og hökunótt) var opprinnelig ein hedensk offerfest som fant stad ved første fullmåne etter første nymåne etter vintersolverv, altså 28 dager etter vintersolverv. Midtvinterdagen er halvveis mellom første vinterdag og første sommerdag.
Dei norrøne forfedrene feira Jul på midtvinterdagen, når vinteren var på det kaldaste og altså ikkje ved vintersolverv.


Dagen vart rekna som ein dei 32 farlige dagane i året! Det var svært viktig å først kle på seg på høgre side denne morgenen, - det ville bringe lukke,  og ulukke dersom ein byrja å kle seg på venstre side.
Det er ingen kyrkjelege tradisjonar knytt til denne dagen, bortsett fra at dagen vert rekna som minnedag for benediktinermunken Reinhold. (wikipedia)




Reinhold som døydde i 960. Han var benediktinermunk ved eit kloster i Köln. Han var sett til å halde oppsyn med eit kyrkjebygg. Han meinte at arbeidet gikk for seint og tok han sjølv eit tak for å få opp tempoet. Det kosta han livet. Arbeidarane knuste hovudet hans og kastet han i Rhinen. Merket er ein snøkrystall  (monet.no)

mandag 11. januar 2010

Har aldri hatt likt teikneseriar noko særleg, men -






eg og Nemi forstår kvarandre!




Eg har eit rosa problem, - kor mykje rosa må det vere i eit teppe for at det skal opplevast som rosa...


Primstaven:
Brettemesse, også kalla Brettesmesse, Brettifumesse, Brittifumesse, Brictiva virgo, Brigida virgo eller Brettiva virgo - er ein norsk merkedag som vart feira 11. januar til minne om den keltiske helgenen Brictiva (Brettifa) som ble henrettet med øks. I Norge var det tradisjon for at restene av julematen skulle brettes (dvs brekkes) i biter, kokes i gryte og spises denne dagen sammen med resten av juleølet.

Vi åt nesten alle restane av kransekakestenger - men dei vart ikkje kokt i gryte og utan juleøl!
Dagen var værtegn for mars og april. Slik været var på formiddagen 11. januar skulle været bli i mars og slik være var på ettermiddagen 11. januar skulle været bli i april.
Dette skulle bety at enten vert det veldig kaldt eller så vert det finever, eller begge deler...
Ifølge gammel overtro kunne ting lett gå i stykker denne dagen. Ein skulle ikkje køyre med hest, ellers kunne den brekke beinet.
(Wikipedia)
BRETTESMESSE. Opprinnelig Sta. Brictiva messe. "Brette" er her brukt i tydinga å dele opp (brekke) noko i småbitar. Denne dagen skal ein ikke kjøre hest. Alle matrestane frå jula skal brytast og leggast i gryta. Merket er ein hest, ei øks, eit kors eller eit flagg.
(monet.no)

søndag 10. januar 2010

"No skin det sol i høgste Svealia..." - ,det er for kaldt til å tru på vår...

elles rette dagen for religiøse tankar:









som elles er Nemi lånt frå bt.no -!

er uroa over urolege meldingar frå Midt-Austen -

aljazeera med meldingar om at amerikanarane røyve på seg


Det var kaffivatn i springen i dag - godt det!

lørdag 9. januar 2010

Treng kaffivatn, - vårt er så kaldt at det vert verande i røyra!

Av og til står det igjen nokre dropar i vasskokaren, ikkje eingong der var der noko!
Det var ein ispropp i røra då vi kom attende frå nyårsferie, no er det på alvor!

Han som kunne bere varmevifta oppigjen på øverste loftet sist søndag utan at den var i bruk, måtte vekkast og er i jordkjellaren for å prøve å varme litt opp der...

Aller siste gode nytt:

 - Det hadde frose i kjøkkenbenken - varmevifta er allereie fjerna derifrå og vi har fått morgonkaffien vår!

fredag 8. januar 2010

Hendingar i media siste døgnet - i ei kald verd på Øyri!

Israel har utført luftangrep på Gazastripa i kveld - store delar har mista straumen.. fortel Dagbladet

Al Jazeera om hendingane i går
Dagsavisa i dag om ikkje å gløyme Gaza
Klassekampen om skader av kvitt fosfor over Gaza i fjor

Ikkje noko meldingar i løpet av dagen,
- det har heller vore meir av denslags:

BT - Osterøyferga fraus fast i fergelemmen
Are Kalvø om minus
Ho sov i sovepose som tålte minusgrader!

 Året som gjekk på 2 minutt - Eirik Solheim Nrk Beta


eller så var det berre det at det var viktig å rekke å ha helg og glede seg litt av nyhenda!
Elles ser det stakkars termometeret på utsida av kjøkkenvinduet til å snart trenge å verte henta inn.

Fylkesbåtskjorta er representert på Nytt på nytt - så viktige lokale nyhende er på riksmedia også!
Likar betre det enn at Nrk Sfj må grafse i Fjesboksider i si sakn etter sine eigne debattsider som vart stogga tidleg i veka...



torsdag 7. januar 2010

Første sydag i Eldhuset på Eldbjørgdagen!

I dag skal det syast på Eldhuset, det er lenge sidan! - skreiv eg like etter midnatt og sauming vart det!


Denne versjonen av Nemi frå gårsdagens BT.no, er vakker - ho har fatta poenget for måloppnåelse!












Eg har vore i Eldhuset, - det måtte gjerast på Eldbjørgdagen - den første torsdagen i det nye året!
Eg starta det nye saumåret på Eldhuset, - heilt åleine - alt anna enn noka heit oppleving.
Eldhuset, som truleg aldri har vore eit eldhus, har nye varmeomnar og eit nytt straumnett som toler at omnane vert nytta. Romtemperaturen var å rekne som sval. Eg sauma firerruter i raudt og kvitt - starten på ein løpar eller noko meir.

Eg varmar meg førebels med eit stort cappucinoglas - og peisomnen varmar godt i ryggen!

Primstav Eldbjørgdag, ildbergingsdag, St. Knut
Eldbjørgdagen betyr ildbergingsdagen. Dagen også feiret til minne om dansken St. Knut, som blei drept denne dagen i 1131. På 1600-tallet vart dagen slått sammen med feiringa av trettandedag jul 6. januar, som var den verkelig store festdagen etter nyttår.
Elbjørgdagen (ildbergingsdagen) drakk ein i retteleg gamle tider for å bevare åreelden, heiter det på nettstaden dagsdato.no - og : "Det var også ein fest for at sola sto høgare på himmelen," - ja særleg - det var fin sol i Oftedalen i dag!

Elles fortel dagsdato.no at "åreelden var viktig, og den måtte aldri slokne. Då forsvann husvarmen, og ein kunne lett fryse ihjel. Det vart drukke eldens skål og det vart samstundes skvetta litt øl på elden!"

Eit lite kors, ei klokke eller ei svøpe var primstavsymbola på dagen, skriv nettstaden monet.no/Agnar Nilsen , medan dagsdato.no nemner kors eller øks.

onsdag 6. januar 2010

YWCA Jericho sin honning er rein!

Les i Dagbladet på nett, om ei hending på Meadows Field Airport i Bakersfield, vel 20 mil nord for Los Angeles  artikkelen i Dagbladet , der heile flyplassen vart stengt fordi ein mexikanar hadde med seg ei flaske med heimelaga honning attende til USA etter å ha vore på ferie i Mexico.


På Ben Gurion hadde den flyplasstilsette som undersøkte honningglaset eg hadde med,  ikkje problem med å konstantere med måleinstumenta sine, at det var rein honning, - men så har YWCA Jericho lagt vekt på å produsere mat, utan tilsetningsstoff!

Det er kaldt, men naturlegvis kaldare på Røros - 41, det er mykje det!
Det er greitt å hjelpe varmepumpa med tilleggsvarme frå peisen!

Endeleg her er biletet av trekantsjalet som eg starta på i nyårshelga, - ikkje dagen for ekstrapoeng for gode bilete,  - vi kallar det illustrasjonar i dag, trur eg!





Eg har vore heimom det store lageret, der ein finn slikt ein sjølv eller kreative familiemedlemmar har laga over nokre tiår... Eit eksempel eg har laga i ein gong, kanskje som  prøvelapp på ei sengeteppeoppskrift.
Denne har eg tenkt å kopiere til utstillinga, har fleire sengeteppe med åttebladroser som har viktige familieanekdoter knytt til seg. Den første eg kopierte var eit som Bestemor i Bygda hadde, kopien ligg på ei seng i Feios  Det hadde Far sine systre hekla, nokre av dei var flinkare til andre ting, så Tante Ellen fekk dei hine systrene til å gå å gjere husarbeid eller gardsarbeid for seg, slik at ho hekla ein større andel enn dei hine - og alle var nøgde!
















Dette er eit anna eksempel på åttebladrose som er nytta til eit sengeteppe, fortsetjinga på denne kjem!
















Primstaven - Helligtrekongersdag - Trettandedagen - 13.dag jul
Tre kors, tre kroner og tre menn er primstavsymbol som har vore nytta for dagen.

.

tirsdag 5. januar 2010

Ein lyt nokot segja, når ein ikkje fær tegja - dagens Ivar Aasen sitat

Trekantsjalet veks, joda eg har lova at eg skulle ha teke bilete av det, det vert nok i kveld - må berre hente ein lang nok rundpinne på syrommet... skal berre tøme kaffiglaset mitt...

Dei kvilta teppa som plar henge framfor den doble gatedøra skal opp i kveld! Vi har venta forlenge, - det er nokre varmegrader å spare på å dekke "sørveggen" i gangen med teppe! Slike nydeleg fine vinterdagar trengs alle varmegradene innomhus, vi treng ikkje bidra til den generelle oppheitinga av jordkloden via gatedøra! Men så var det desse opphengskrokane då, som eg har på syrommet - mykje har skjedd sidan dei vart rydda unna sist...

Eg senkar skuldrane - nyt varmen i ryggen frå peisomnen i stova - tømmer kaffiglaset!

Primstaven - Hellige trekongersaftan - tolvtedag jul

mandag 4. januar 2010

Gleda over å starte arbeidsåret seint på dag...

Det er halvkaldt i eit gamalt hus som har vore lenge åleine. Vatnet hadde nesten frose då vi kom heim. Ein liten ispropp kanskje,- ein kvann staden hindra vasstilførselen - lenge nok, til at varmevifte var henta ned frå øverste loft og var på veg ned i jordkjellaren.

Ein kombinasjon av varmevatnet som var igjen - og litt rørsle i røyra - kva veit eg, - men det gjekk bra!

Når arbeidsdagen startar seint nok som i dag, kan ein ha ein mjukstart eller ein liten arbeidsdag først, - det vert visst den første varianten i dag!

søndag 3. januar 2010

Heimreisedag...

Har nett kjensla av at det kalde veret kunne ha helde seg til i morgon tidleg,- søndag, snøver og heimreise er ikkje beste kombinasjonen...

Elles veks trekantsjalet, - og eg samlar saman 8-bladroseeksempel i eit godt lagerhus...
Det er meir enn dokumentasjon av kugalskapen som skal gjerast i 2010!

lørdag 2. januar 2010

14 minusgrader ute, er ingenting når ein sit ved Jøtulen innomhus.

Laurdag og fred i heimen - trekantsjalet veks i rett retning!
Har forlengst innsett at for karar som køyrer MC og slåmaskin om sommaren, kan løyve til å køyre snøfresar vere god nok grunn til å gå ut i kulden!

fredag 1. januar 2010

Nytt år & nye mogelegheiter

Snøveret frå i går er over. Dagen starta med nokre få minusgrader og knallblå himmel, - det har vorte uendeleg mykje kaldare!  Den vesle Jøtulen i veslestova har sørga for at vi ikkje har merka at det har vorte betydeleg kaldare ute i løpet av dagen.

Har høyrt nyårskonserten, sovna til nyårshopprennet og veit at Nortug vann med 0,8
- ein særs normal start på det nye året - den eine skuffelsen var at det ikkje vart lutefisk til middag...

Kokt kveite til middag etter Farmor Anny i Øvre Bjørkåsen si oppskrift, 
det er tilbehøret til kokt kveite med poteter som er det viktige:
Eggesmør -  ei blanding med mykje smelta smør og mykje opphakka kokt egg.
Men minst like viktig - Salat av 3 godt modne bananar i skiver, 2 Feioseple i bitar og 1 blomkål i små bukettar, og over dette dressing av rømme, i følge Mor,- eller i denne samanhengen Mormor, var mengdeforholdet nett i dag - vel 1 beger seterrømme og eit halvt beger lettrømme.
Det er meir enn godt, - og eg har fått lovnad om lutefisk på søndag...


Har starta på eit blått trekantsjal - har ganske enkelt plan om å gjere det ferdig.

Sjalet skal strikkast i rillestrikk av eit nyste 150 g Kauni garn i melert mørkblå og svart.
Legg opp tre maske.
1. omgang strikk dei tre maskene rett .
2. omgang aukar etter 1. og 2. maske.
3. omgang strikkar dei 5 maskene rett.
4. omgang aukar etter 1. 2. 3. 4. maske.
5. omgang strikkar dei 9 maskene rett.
6. omgang og vidare..., aukar etter 1. maske, før og etter midtmaska og før siste maske.
7. omgang og vidare..., strikkar alle maskene rett
Fell av,- truleg relativt laust, - når nystet er nesten oppbrukt eller når sjalet er stort nok.


Wikipedia om januar:

Primstaven 1.nyårsdag og åttendedagen - solhjul, timeglas og kyrkje er primstavsymbol som vert nytta.