fredag 29. april 2011

Meldingar frå ei vakker verd!

I går fekk eg Cow og Barnyard frå Lappestua på Eid, - og eg har byrja å planlegge å gjere den i kvit og svart - naturlegvis veit eg at eg kan bruke lang tid på planlegginga! Eg fekk den kreative boka til IKEA i går, der var det også ymse ein kan tenkje seg ein kan gjere utover sommaren!

Sola skin frå skyfri himmel, så det vert nok litt uteliv i bakhagen i dag også! Eg har planlagt å bruke den breibremma grøne hatten eg nytta på 10.000årsjubileet i Jeriko litt i dag - det er jo kongeleg bryllaup så eg vel å vere anstendig kledd, tiara sit så dårleg på 7 mm langt hår!

I går feira vi med is på gatetrappa og grillmat litt sienare på dagen i sola ved uthusveggen - førsommaren er her så absolutt. Framleis er eg lett medisinert - og har ikkje vondt nokon stad - har starte med å øve på øvelsane! Har litt ødem, men ikkje noko å reise til by'n for!

onsdag 27. april 2011

Har fått vattpupp!

Illustrasjonane er frå gruppa of MontrealNattjazzen og frå Circus Cirkör: Inside out 2010 frå Festspillene i Bergen sitt program.

Eg berre måtte skrive det, - eg fekk sterke assosiasjonar til førpubertale skulejenter på tidleg 70-tal som ville kompensere litt,- og jaudå eg har brått litt å kompensere. Den hyggelege spesialsjukepleiaren var dyktig og driven til å fortelje og forklare korleis ein skal gjere det greiast mogeleg for resten av livet.
- og at dei har fjerna det meste av lymfekjertlar i armhola, skapar andre problem enn brystet.

Dei to drena er fjerna og verda kjennest rett grei, - at ein er litt medisinert hjelper på!
Utskriven frå sjukehuset - skal heim i kveld og kviler litt i Vognstølen før avreise.
Startar med stråling om 4 vekers tid, det vert 5 dagar i veka i 5-6 veker - slutten av mai + juni i Bergen, det kan ikkje vere anna enn greitt at ein får vere i by'n når det er på det aller vakraste!!!

tirsdag 26. april 2011

Påskemorgen slukker sorgen;- nåja ikkje heilt!

Vert stendig meir fokusert på at det lir mot operasjon, - humoren har nok vorte litt råare i det siste!
No ligg eg i operasjonskø, - skal ikkje avgårde før etter 13.
Alt vel!

Klokka 14.35 var eg vaken - han hin fekk lov til å vere her til drygt 8.
Det er heitt her - dryge 24 grader - så dei nye tørre svale sengekleda og ny stooor nok nattskjorte gjorde godt!

Knivskjeraren måtte eit stykke lenger ut i arma før han fann friskt vev i lymfeknutane, sa han då han var innom på oppvakningsrommet - men får vite meir imorgon tidleg - er smertefri og vaken - med andre ord ikkje dopa heilt fredeleg. Har det godt og dei tek vel vare på meg!

mandag 18. april 2011

Kugalskapens glede!

Ryddar på syrommet i øverste høgdi - høyrde på Påskelabyrinten og no veit eg noko om Børselv som eg ikkje visste før Sarpsborg var første svaret...
Medan eg rydda i kustoffa mine tok eg ei sjefsavgjerdsle om at no må eg snart lage eit kuteppe. Gjekk ned i første høgdi fordi trongen etter eit stort kaffiglas var for stor, - og måtte innom Fjesboki. Lappestua-Eid hadde nokre nye bilete og der var dette biletet...
- det er naturlegvis forlengst tinga - dei har ikkje nettbutikk, men e-postadressa låg på Lappestua si verdsvevside!
Kan naturlegvis ikkje nytte kustoffa mine til denne - men treng visst noko i lyse og gyldne batikkstoff.
Om han hin ikkje syntest vi trong ei resirkulert pappku med ein meter mellom ytterkantane på horna, - må han like denne!

Trur eg må nytte påska til å ta bilete av alle kyrne som er komne innom bøagarden, sidan sist fotorunde - må ha eitkvart viktig å skrive om etter påske også...

- og sidan eg no er opphengt i Eid i dag - sjå på Magni sin blogg, der har han hin lova egg i nye versjonar kvar dag sjekk dagens hjartelege versjon!

lørdag 16. april 2011

Basar for ungdomshuset palmesøndag kl 15.00!

Basarteppet er klart for levering i ettermiddag - det er meldt om mange gevinstar!
Huset treng midlar både til drift og til renovering & oppussing, og meldingane tilseier at det er kome inn mykje på bøkene som har vore lagt ut på Kiwi & Coop. Mange har bidrege med åresalgevinstar også!
Linedancedamene baker kaker,
- det er meldt om godt basarver - litt grått overskya og lett fuktig!










Etterskrift: Teppet og ein bærepose med give-aways frå jobb er levert!
Eg kunne med sjølvsyn sjå mengdene av store og små gevinstar og gåvekort og hjelpe litt til i organiseringa av gevinstar og denslags!  
Det vert -

Basar med stor B!
- og resultatet vart vel 58.000



onsdag 13. april 2011

Berekraftig kugalskap!

Har det heilt klart for meg, det er ikkje alle som vil svare ja om eg spør, -
men - er den ikkje nydeleg ?

Denne typen bruk av gjenbruksmateriale til rein dekorasjon - har eg verkeleg sansen for!
Firmaet som sel denne og mangt anna inkludert eit ansikt og ein fisk er Cardboard Safari.

I går deltok eg på brannøving i Verneområdet -
og hasta vidare til restarten av Lærdal kunstlag i kultursalen.
Det er laga nokre nydelege rom til kunst på Sogn kunstsenter - gler meg til opninga og resultatet av utvidinga av kulturhuset med kunstsenter og lydstudio og omliggande herligheiter!
Interimstyret for kunstlaget hadde fått Oddleiv Apneseth til å vise bilete og fortelje frå fotoprosjektet sitt på Jølster i 2008 - herleg, men det vart ein sein kveld!


I ettermiddag har vi hatt falsk brannalarm,  det er alltids ei mogelegheit for at sola har greidd å varme opp støv i andre høgdi -  har likevel vanskar for å tru at det er ei så enkel forklaring.
Først sjekka eg at det ikkje var brann og så gjorde eg herdige forsøk på å avmelde brannen på displayet.
Det enda med at eg måtte ringe 110 og fortelje at eg ikkje fekk slått av meldaren - og alarmen dura i mange minutt etter den tid også. 
Trygt å vere kobla opp mot alarmsentralen i fylket - og i går fortalde varabrannmesteren at dei er 1- 1 1/2 minutt unna på dagtid. Verneområdet har utløyst ein del millionar i utstyr,  brannmeldarane er det berre vi som har, men trena mannskap med kort utkallingstid, bilar og ekstrautstyr er til glede for alle i Lærdal - og også for alle dei som køyrer gjennom kommunen.

mandag 11. april 2011

Sender hjarte-eplestafetten vidare...

I går var det 35 år sidan Apple 1 - den første pc'en - personal computer vart presentert.
Eg såg datamaskiner første gong sommaren 1969 i datarommet til Landbrukshøgskulen på Ås.
Det er ei glede å kunne halde kontakt med kjende og ukjende på verdsveven.

Miranne sende meg denne førre veke - no er det stunder for å sende den vidare.

Prisen skal vidare til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at vi kan inspirere kvarandre.

Slik er reglane:

1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar
3. Ein må svare på fem spørsmål

Eg fyl mange og på ulike språk - valet fell på at dei skriv nynorsk - eit par av dei fortel ikkje kor mange som fyl dei på fast basis, difor vel eg at dei er innanfor grensa:

Hildebjørg på Strikkemor(o)
M&E på På Gløtt
Magni på Magfly
Mallemor på Mallemor
Oline på Oline

og Solveig på Solveig si side fordi ho skriv så viteleg om mat og andre fornuftige ting!


1. Kvifor starta du å blogge?
Skulle setje igang eit åttebladroseprosjekt - hittil har eg ein del fleire eksempel på åttebladroser i ulike teknikkar og prosjektet er framleis ikkje målretta igangsett...

2. Kva slags bloggar følgjer du?
Rimeleg breitt innan ulike handarbeid og handverk - mat - politiske og filosofiske - historiske - sånne som berre er vakre eller på andre måtar får meg til å stogge opp.

3. Favorittfarge?
Raud

4. Favorittfilm(ar)
LOL - filmtitlar er det andre i familen som skriv om, huskar og samlar på...
Det eg huskar er den til ei kvar tid siste, - som Ladder 49 i går, - med rikeleg høve til å få skylt tårekanalane - ja - den var verkeleg på tørkerullnivå...
- dessutan skal vi ha brannøving i Verneområdet i dag

5. Kva land vil du besøke, og kvifor?
Palestina - igjen møte vener i Jeriko - neste gang om våren
Sverige/Danmark - køyre motorsykkel på Storebæltbrua  - den er lettare tilgjengeleg enn Route 66...
Dei baltiske landa - kunst/kultur/handverk/mat - burde ha vore innom Mariehamn på Åland på vegen
Tsjekkia - kjøpe krystallysekrune
... og resten av Noreg og resten av verda - fordi gode opplevingar som ventar utanfor bøagarden også!

Nydeleg telefonstemme!

Kreftlegen min i by'n ringde i føremiddag og sa at det var ikkje kreftceller i prøvene som vart tekne av "flekken bak øyra".
Den vakre stemma fortalde at det difor ikkje var funne spredning av kreften,
- eg går rundt og gler meg over å berre ha brystkreft!

Du verda kor glad eg er for at røntgenlegen min i by'n fann ut at det var mogeleg å nå flekken og at øyrenasehalslegen min laga større bihuler på meg for å få tatt prøver,
- slik at eg slapp å bli strålt i skallen!

Tenk kor mange hjerneceller eg har spart - dei skal jammen vidareutviklast til noko godt!

mandag 4. april 2011

#12 - ooooops her er det store dobbeltrom også!

Vart ei natt ekstra i by'n!
Det er så mange måtar å sjå utvikling på, - i dag har eg eit rom som må reknast som tilpassing til nye krav eller ynskje frå pasientane - og eg har dobbeltrommet heilt åleine!
Store gode rom som viser at ein har planlagd for langtidspasientar -  to sengar -
( 4 sengar kunne godt ha vore plassert her! )
Begge med godstol ved kvar sine vindu, der ein kan nytte pasientterminalen som denne på Ullevål - den kan også nyttast i senga...
Universell utforming, - god plass til rullestol, også på badet.
Manglande toalettpapirholdar og plassering av toalettbørste er einaste festlege element, - det må vere ein grunn til løysinga...
Dessutan safe og kjøleskap - god plass til baggasje og luft, mykje luft...
Svale gode fargar i grått, blått og bjørkefiner.. tilogmed sengetøyet har strekteikning av blomar i rette svale gråblå nyansen....

Innrømmer enkelt at eg håpar eg ikkje får bruk for slike rom, - men det er deilig å få høve til å bu her for ei natt!

Har fått siste CG-kuren og fjerna det som fungerte som kompress i nasen i dag!
3 timar køyretur heim vert rekna som langt her,
for å spare snarleg tur-retur freista dei i dag å ordne med time hjå spesialist på operasjonen som vert utsett frå ein dato like før påske til etter påske. Det let seg ikkje ordne, så eg nyt livet og får ein time i morgon føremiddag i staden.

Etterskrift - ei god natt utan smertestillande medisin utan å vere vaken - ein lang god dusj og så inn på kaféen etter Biola og te til morgonnyhenda på skjemen på rommet og så lang frukost i kaféen etterpå....
No har kafédama vore innom på rommet med oppskore frukt, juicar,vaniljesaus og yoghurtar - før ho serverer fiskesuppe til lønsj - kirurgtimen vart  i totida - så vi har det godt, medan vi ventar...
Regnet er kome -  vi synest det er greitt å vere inne!


Parkbygget - verandaen i øverste vindusrekkje høyrer til kafeen på kreftavdelinga - ytterst i venstre for den, er det første av vindua på #12.




Utsikta frå rommet mot Gamle hovedbygning og Fløien i det fjerne...





 

Kven har vel ikkje gjort umogelege forsøk på å få plass til baggasjen når ein har vore innlagd på sjukehus.  Alt dette var "mitt" - tilsvarande skåp med kjøleskåp, safe, hyller og opphengsplass på hi sida av rommet...
Her heng dessutan hatt og jakke på ein veggkrok - lett tilgjengeleg...


Persienner og rullegardiner dekkjer utsikta når ein treng det!
Godstolen med bord
Pasientterminalen med tv/radio/telefon/avislenkjer - verdsvev og sjukehusinfo






Dusjforhenget går heilt inntil høgresida av kassa som toalettet er festa til -
toalettkosten heng difor inne i dusjen!

lørdag 2. april 2011

Rapport frå #524










Sit i senga - har drukke avkjølt kaffi og te - for helbreds skuld skal eg ikkje ha noko heitt i dag - og gler meg over at det meste er greitt!
Operasjonen var vellukka - bør vere det når to overlegar styrer på - den eine var kanskje med berre for å sjå... Vevsprøver er henta ut - og eg er glad for at dei ikkje berre sette i gang stråling av "flekken bak øyra".
Tumoren er innom den bakarste bihula på høgre side - i den same bihola er det også ein del viktige faktorar for synet - det var greitt å kunne bekrefte til overlegen då han kom innom på overvåkninga, at eg såg han med begge augo!
No har eg altså utvida bihuler på høgre side - og smerter som ei bihulebetennelse og øyrebetennelse - men slikt finst det smertestillande for...

Har einerom - det er litt veldig greitt...

Etterskrift - har hatt doktorvisitt - "du er klar over kor langt inni haude ditt dei hæ vør?"  - pussig når slikt vert sagt av sunnmøringar...