mandag 31. oktober 2011

100 liter eplejus og ei intelligent vaskemaskin


Eplejuspressaren vår ringde i førre veke -  han var klar med pressa på laurdag.
Han hin bar eplekasser i bilen og ut av bilen og inn i kjellaren til Steinar -.
Eg bar dei tomme kassene ut att til bilen -
vasking av 1 1/2 liters brusflasker og skylling i atamon,
er meir min jobb!
Det er alltids ei mogelegheit for at frysaren ikkje toler innfrysingspresset -
også i år tinga vi venehjelp til dette... :-D8

Vaskemaskina vår gav opp å vere til teneste på torsdagskvelden,
midt i vasking av eit av dei gule kviltateppa som vart laga omtrent på den tida vaskemaskina var ny.

Han hin ringde til den gode elektriske bui i Aurland for å tinge ei ny på laurdag,
- den var utstillingsmodell og vi kunne hente den med ein gong!

Med hjelp av berekraftig naboskap vart den gamle boren ned frå andre høgdi -
via nokre andre rom naturlegvis - dei fleste eigentleg -
og oppigjen med den nye og endå tyngre maskina same vegen.
 
Gleda av den intelligente vaskemaskina med patentert skånetrommel,
fullelektronisk softtronic-styring og oppdateringsmogelegheit av vaskeprogram via datamaskina...
er kjempestor -
spesielt fordi den har ei heftig sentrifugering og er stillegåande som ein draum :-D8 !!!

Den førre høyrdest ut som om den var på veg ned til etasjen under for å henge opp kleda -
denne varslar med eit sus, - om ein er i nærleiken, at den er klar... 

Både teppa som isolerer for vinteren framfor den litt mindre tette gatedøra og dei to gule kvilteteppa som har hengt over to gelender på kvar si side av loftstrappa
i syrommet på loftet
er nyvaska og tørketromla.


tirsdag 25. oktober 2011

Praktisk bygningsvern

Til deg som er glad i gamle hus og vil ta godt vare på dei!

- er tittelen på seminaret som Fortidsminneforeninga inviterer til laurdag 5.november på Knaken kafé og befaring på Kaupanger hovegård.
Her er lenkja til Fortidsminneforeninga si side!
Dette er huset vårt!
Det er ei glede å bu i eit verneområde med 170 bygningar i eit hus frå 1847 -
med gamle gode vindu som har fått innervindu og difor betre enn mangt anna og
panel som huset har hatt sidan det vart kledd for vel 100 år sidan.
Det er viktig for meg å fortelje at gamle hus er gode hus!

Eg gler meg til seminaret til Fortidsminneforeninga (Fmf) og trur det er mykje å hente
frå dei tre som held foredrag og andre seminardeltakarar.
Varm lunch og omvisning på Kaupanger hovedgård svekkar ikkje akkurat seminaret!

Hallvard Trohaug, Jon E.Tamnes - dagleg leiar i Fmf Sogn og Fjordane og Hans Johnsson
Ove Losnegård

Hallvard Trohaug - arkitekt, kunsthistorikar og hovedstyremedlem i Fmf held foredraget:
Kva kan spora i huset fortelje oss? 
Korleis verte ein husdetektiv? Korleis gjer du huset ditt fornuftig for deg, samstundes som du tek vare på karakteren til huset?

Ove Losnegård - snekkar, båtbyggjar og leiar av Fmf avd Sogn og Fjordane:
Vindu i gamle hus – betre enn nye?
Om val av gamle vindu. Kva kan du gjere sjølv for å ta vare på dei originale vindua i huset ditt?
Gamalt glas gjev huset karakter og dei gamle vindua er av betre kvalitet enn dei som vert laga i dag.
Meir om Ove Losnegård her.
  
Hans Johnsson - bygningsantikvar held foredraget:
Gamle hus treng komposisjons- eller linoljemåling!
Då vert dei best ivaretekne. Linoljemåling er ein av dei beste målingstypene du kan bruke,
den passar på dei fleste overflatene og er lett å påføre.
Få med deg denne grundige gjennomgangen av kva linoljemaling er, hva slags eigenskaper den har og kva du bør tenkje på før du går i gang på eige hus.
Vi skal koke komposisjonsmåling på låven, og omvisningane i tunet på hovedgarden vil vise eksempel på både vellukka måling og vi får høyre om dei problema som kan oppstå.

Det vil også vere ei orientering med gode råd og vink til dei som vil søke om offentlege tilskot til arbeid på eige hus.
Arrangementet kostar kr. 500,- for medlemmer av Fortidsminneforeningen og kr. 700,- for andre.
Dette inkluderer dei tre foredraga, varm lunsj m/kaffi på Knaken kafé og befaring ved
Kaupanger hovedgård.

Dei som teiknar medlemskap i Fortidsminneforeningen i løpet av kursdagen får attende mellomlegget på kr 200,-. Deltakeravgifta skal betalast kontant.
Laurdag 5. november kl 10.00 – 16.00
Påmelding til Fortidsminneforeninga på e-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
Påmeldingsfrist 31. oktober 2011.

søndag 23. oktober 2011

Planlegging av våren og gode minne




I dag er det 13 varme plussgrader -
ein god dag for planting av løk.
Freistar vere budd på å ha flaggfarga blomar til 1.mai - eller før!
Tulipanløkane skal bli raude med frynser (utan det guloransje)
Perleblomane blå og narcissane kvit-kvite!

Ei sakte helg -
alle inntrykka frå veka som har vore byrjar å finne plassen sin i erindringsboka.
Ei kvilehelg, veka har vore i ytterkant av det eg greier.
Eg gjentek det gjerne -
det er så viktig for meg å gjere og oppleve slikt
som gjev meg positiv energi!


Oslotur med vitjing av plassen med utsikt til Utøya,
Vigelandsparken, den palestinske flyktningleiren ved Kulturkyrkja Jakob og
besøk på den heilt nye Palestinske ambassaden 
er opplevingar som set spor! 

Ein fredagstur til Voss inkludert eit lengre opphald på Harald Seim a/s er også fint -
det er fint å sove på bussen fram og tilbake også!

Medan hendene kjenner på vakre nye arabiske tekstilar.
 Boksar med jerikodadlar berre står der og fristar - og tankane gjeng vidare til andre typer
vårplanlegging
ein tanke om ny Jeriko-tur,
enkelte av oss ynskjer å fare i mars.


Tone - som har brodert alle kappene mine i spisestove & stove, lærer Zeina å sy hardangersaum.





fredag 21. oktober 2011

Åleinekjensla kan vere så mangt

Åleinekjensla på Gardermoen når alle har sjekka inn bagasjen og forsvinn vidare, er inderleg stor.
Åleinekjensla på busshaldeplassen heime på Øyri, er inderleg god når ein stig ut av nattbussen.
Ei intens veke er over -
reknar ikkje med å treffe att alle som har vore på vitjing denne veka -
kanskje endå meir sannsynleg sidan det var så mange unge -!

I går busstur til hovedlandsbyen
vi stogga på fylkesgrensa og kasta snøball
og vi var innom Vigelandsparken på veg til hotellet.


Eller slik Vigeland Museum fortel det:
Livshjulet er eit symbol på evigheita og utforma som ein roterande krans av kvinner, menn og barn som held fast i kvarandre til evig tid.
Slik oppsummerer skulpturen det dramatiske temaet for heile parken:
Ein bilethoggar sine refleksjonar over mennesket si vandring fra vogge til grav,
gjennom glede og sorg, gjennom draum, fantasi, håp og lengt etter evigheita.

Det var interessant å høyre dei vaksne sine reaksjonar og refleksjonar over både nakenheita, storleiken på parken og islamsk syn på å gjengje skaperverket på denne måten -
og vaksne, unge og barn si tolking av enkelte av statuane.
Eit særs interessant kulturmøte.
Rask handel og sightseeing og middag og innom leiren ved Kulturkyrkja Jakob -
ein ny dag med mange inntrykk!
I dag på vitjing hjå ambassadøren på den vekes gamle ambassade - tidlegare representasjonskontor.
Litt meir handel - flytog - og farvel og på gjensyn -
Insha'Allah - ein ny vår i Palestina - nærare bestemt i mars!

Fiskesuppemiddag hjå ein ven
og nattbussen heim.
Kvifor ialledagar set bussjåførar på ein så høg varme på vinterstid på nattbussane?
Godt å gå av bussen heime, - sjølv om ein skal ta ein ny buss to timar etterpå til Voss.
Vel å ikkje nytte tida til ein times søvn -
likegreitt å starte med ein variant av striskjorte og havrelefse -
ein lang varm dusj, - eit stort teglas, klibrød og biola!

tirsdag 18. oktober 2011

Korte dagar - mange gleder

Opphaldet for jerikanske vener går mot slutten -
i kveld er det kulturkveld i kulturhuset -
og i morgon er det avreise.
Torsdag på desse tider vinkar eg farvel på Gardermoen.

I dag fekk eg grovbrødskive med olje frå fetaostglaset og Zatar
og to små kaffikoppar med arabisk kaffi til frukost.
Det er også godt! No er eg så utstyrt med likt og ulikt av krydder
at eg trur mangt og mykje av som vert servert i tida framover
får i det minste eit hint av det palestinske kjøkkenet.
Det var moro å rekke å sørge for
at ei av jentene fekk innføring i hardangersaum ved spisebordet vårt i går.
Mor hennar, systra og ho broderer veldig mykje.
No er ho utstyrt både med broderipakke frå Nilssen på Bryggen,
eit par broderibøker frå Biblioteket mitt
og tre hardangersaumhjarte
som ho fekk av læraren sin - den same som har brodert gardinkappene mine.
Eg ser fram til å sjå hardangersaum når eg fer til Jeriko til våren!
På tide å pakke litt no før alt anna tek laust, -
eg skulle vist skrive noko som skulle inn i eit blad også...

Biletet er frå Vindhellevegen -
teke på laurdag då gjengen gjekk den gamle vegen frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen
til Rimskjold.

søndag 16. oktober 2011

Søndag og kviledag - Utstillingsopning Sogn kunstsenter


Det er så greitt med ungar og foreldre som har vore på utstillingsopningar før -
begge partar veit at det finst alternative sysselsettingstiltak!

Mykje etterarbeid etter middagen i går -
store mengder kjøreld til lammefrikasse og ein variant av melokhiasuppe.
Ideen med å nytte finserviset med sølvkant frå seint 50-tal
er mindre lur når ein må vaske dei for hand - men karamellpuddingen med karamellkremsaus -
laga etter oppskrifta til Kirsti på Offerdal hotell, fortener fintallerkane.

I dag opna utstillinga:
Eg er det tilfeldige sin plan
og meitemarken si reise







Kurt Johannessen - herleg humor -
med tidvis altfor lita skrift
for oss som egentleg burde hatt med briller når ein fer på denslags!

På plakaten står det at utstilling er open til 16.desember. Rett dato er 27.november 
 - den heng framleis i første helga av julemessa til Lærdal husflidslag 
som i år held til i foajeen i Sogn Kunstsenter - Gjesmesamlinga.





I den store salen heng det eit tjuetals bilete av Hans Gjesme - dei fleste har vore utstillt mange ganger før som dette sjølvportrettet.


-  i "mellomrommet"er det to skulpturar.

Eg veit ikkje kva namnet på denne er - eg har ei formeining om at Gjesme laga den som 
eit utkast til ei eller anna utsmykking - så eg kjem vel attende med namnet!

I bakgrunnen på det øverste biletet på veg vekk er Hans Jakob Reite
han laga denne artikkelen og radioinnslag frå opninga

lørdag 15. oktober 2011

Ung delegasjon på vitjing frå vennskapskommunen Jeriko i Palestina

Biletet er scanna frå dagens papirutgåve av Sogn avis.

Her er verdsvevversjonen av artikkelen frå Sogn avis

Denne gongen er det ein delegasjon på 9 personar som er på vitjing i regi av organisasjonen
Av dei 9 er det 6 barn og unge.
Dei to yngste representerer Barnas kommunestyre i Jeriko.

Det er alltid ei glede med vennebesøk frå Jeriko -
dei to førre åra har eg vore på vitjing i Jeriko på denne tida.

Dei har eit stramt program med ulike tema i helga og til barnehagar og skular måndag og tysdag.
Opphaldet i Lærdal vert avslutta
med ein kulturkveld i Kultursalen tysdag 18.oktober.

  

fredag 14. oktober 2011

Vinternatt eller vinterdag




Vinternatt ved Rondane - Harald Sohlberg

Vinternatt eller vinterdag - 14. oktober,
er første dag i det nordlige vinterhalvåret.
Dette inneber at det er første dag på vintersida av Primstaven.
I kyrkjekalenderen er dagen vigd minnet om pave Calixtus 1.
Primstavmerket er oftast ein vott, som enkelte har meint vere ein pavehanske
- eller ein stav med ispigg.



Biletet er lånt frå bloggen til Ida Elisabeh Ida og Muskatt  - her viser votten!

Viktig merkedag for vinterveret; blei i Verdal kalt vinterspåmannen.
Over hele landet blei det sagt at slik veret var vinternatta, kom vinterveret til å bli.
Vinternatt var ein av dei mest vanlege flyttedagane for tjenestefolk på landet,
og frå då av skulle hestane ha dombjøller.
Opplysningane om vinternatt (2011-10-13) i Store norske leksikon.
Eldre hanske med åttebladrose og blomsterranker.
Wikipedia fortel i tillegg dette om dagen:
Vinternettene (også kalla haustblot, vinterdag og vinternatt) refererer til blotet, ein hedensk offerfest, som folk i norrøn tid heldt 28 dagar (fire sjudagersveker) etter haustjamndøger.
Wikipedia fortel at det vart slutt med flyttedagar på landet fram til første verdskrig -

Far fortel at det var stas å møte opp på kaia når fjordabåten kom
på flyttedagane i oktober og april, for å kike på jentene!
Han var konfirmant i - 46, så den regelen overlevde nok ei stund lenger!

Når bilen er isete - er vinteren komen - det er vinternatt!


Etterskrift 1:
Sit her med ullsokkar på beina - og lurer på kor mange ekstra ullplagg våre palestinske vener som kom seinkvelds i går, har funne fram i morgontimane .
Vi laga eit lite beredskapslager i går - det er 29 varme plussgrader i Jeriko i dag!

Etterskrift 2:
Dei er på spasertur med ordføraren i tettstaden -
dei ringde på døra -
gjensynsglede -
og ein gullchiffonpose med Jerikodadlar frå Jumah -
varme -
gledestårer!

tirsdag 11. oktober 2011

Sylteglaset og to koppar kaffi


Når tinga i livet verkar nesten uoverkommelege; og 24 timar pr.døgn ikkje er nok, -
husk sylteglaset og kaffien.

Ein dansk professor sto framfor filosofistudentane sine med nokre ting framfor seg.
Då timen starta tok han uten å seie eit ord
fram eit veldig stort og tomt sylteglas og byrja å fylle det med golfballar. 
Då han hadde gjort det, spurte han klassa om glaset var fullt, -
dei var enige om at det var det.
Professoren tok fram ei kasse med småstein,
og byrja å helle småsteinane ned i glaset.
Han rista glaset lett, slik at småsteinane fordelte seg imellom golfballane.
Igjen spurte han studentane om glaset var fullt, og det meinte klassa at det var.
Professoren tok fram ei kasse med sand og byrja å helle sanden i glaset.
Sanden fylte naturligvis dei resterande holroma i glaset.
Igjen spurte han om det var fullt. Klassa svarte einstemmig ja.
Til slutt tok professoren to koppar kaffi og helte dei begge i glaset.
Holrommet mellom sandkorna, vart no effektivt fylt.
Studentane lo.
"Vel - ", sa professoren, då låtten stilna av -
" - dersom de no ser føre dykk at dette glaset representerer livet dykkar.
Golfballane er dei viktige ting i livet -
slikt som familie, kjærestar, barn, helse, vener og yndlingspasjonar -
dei tinga som, sjølv om alle andre ting gikk tapt, og berre desse tinga var tilbake,
ville dei likevel gjere liva dykkar fullkomne.
Småsteinane er dei andre tinga som betyr noko - slikt som jobb, hus, bil osv...
Sanden er alle dei andre småtinga."

Professoren fortsette: "Heller de sanden i glaset først,
er det ikkje plass til verken småsteinane eller golfballane.
Det samme gjeld i livet: 
Nyttar de all energi og tid på dei små ubetydelige tinga,
får de aldri plass til det som er viktig for dykk.
Vis merksemd til dei tinga som er avgjerende for lukka dykkar.
Leik med ungane. Pass på helsa! Inviter partneren på middag.
Opplev kultur eller sport, ta ein runde til på golfbana eller gjer noko bra for samfunnet.

Det vil alltids vere tid til å gjere huset reint og ordne avløp.
Ta dykk av golfballane først - dei tinga som verkelig betyr noko.
Få styr på det de vil prioritere - resten er berre sand."
Ein av studentane retta handa i veret og spurte kva kaffien representerte.
Professoren smilte: "Eg er glad for at du spør.
Det er berre for å vise at uansett kor fullstappa livet ditt opplevest å vere,
så er det alltids plass til eit par koppar kaffi saman med ein ven".

Det er litt vel mange ting eg skulle ha greidd å få gjort slike dagar -
middagskvildene mine har difor ein tendens til å verte litt vel lange
før eg greier å ta meg inn att!

Av ein eller annan grunn var eg inne på Livet i Lønnetunet,
den gamle bloggen til Lyst på livet
eg veit har lenkja til den før
- eg berre måtte skrive den om til nynorsk!


Dørtepper


Desse to gamle teppa vart opprinneleg laga på 90-talet
 for å skjule innhaldet av to hengehyller i tekstil frå Ikea.
Den eine var til oppbevaring for handdukar, - den andre til barneklede.

No heng dei om sommaren på kvar side av den doble gatedøra vår.
Om vinteren heng teppa også framfor døra,
men då heng det som opprinneleg
var to kvilta sengeteppe i ubleika bomull frå Ikea bakom desse husteppa.
Ikeateppa er litt lengre enn høgda og betydeleg breiare enn rommet
slik at dei kan brettast mot golvet og gå godt over kvarandre på breidda!

Gatedøra i huset frå 1847, er på ingen måte tett -
dette er ein grei måte å halde varmen innomhus om vinteren -
då nyttar både vi og gjester kjøkkendøra!

Kvifor i alle dagar fortelje om dette?
Eg har lyst på eit av to årsabonnement av Gamle hus, hager og interiør
som Livs lyst har på bloggen sin.
Ikkje heng dei vakkert, - og biletet er langtfrå godt -
men det var dette eg tok meg tid til for å få eit lodd i trekninga!

mandag 10. oktober 2011

Har lagt om til vinter!



- har strømper på beina frå og med i dag!

Syr saman dei siste blokkene på det grøn/svarte teppet som har vore i arbeid ei stund.

Den 10.10.2010 feira vi 10.000 årsjubileet til Jeriko i Palestina -

denne reportasjen sende Arve Uglum heimatt til Nrk om feiringa i Lærdal Park, dagen etter!

På torsdag kjem det vitjing frå Jeriko - det inkluderer litt informasjonsarbeid!

Eg saknar varmen!

fredag 7. oktober 2011

Tinekyrakoppar og flotte damer og litt rosa!


Har hatt vitjing av tante og onkel -
og fått to nye kyrakoppar!
Dei fekk lunka nybakte eplemuffins - baka med glutenfritt mjøl og Raud Aroma-eplebitar,
sidan eplehausten er så elendig i år at dei ikkje kunne få med meir eple austover!

Det er ekstra gildt å ha tanter tilsett i Tine når dei har tinga så fine koppar frå Porsgrunn Porselen!

I dag var det tida for at Jagland skulle fortelje kven som har vunne Nobels fredspris 2011!
"Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2011 skal deles i tre like store deler mellom:
Ellen Johnson Sirleaf,
Leymah Gbowee og
Tawakkul Karman
for deres ikke-voldelige kamp for kvinners sikkerhet og deres rett til full deltakelse i fredsbyggende arbeid."

Nobels fredspris gjeven for arbeidet knytt til arabisk vår, Tawakkul Karman fra Jemen.
Nobels fredspris gjeven for arbeidet knytt til liberisk nasjonabygging, president Ellen Johnson Sirleaf
Nobels fredspris gjeven for arbiedet knytt til liberisk grasrotbevegelse, Leymah Roberta Gbowee

Den Norske Nobelkomiteen si heimeside

Her er ein av Dagbladet sine artiklar.

og her er omtale i BBC News

og omtalen i BT


- og så måtte eg legge ut denne videoen!
Den er god i starten og vert berre betre!




onsdag 5. oktober 2011

Etterkontrollert


Var til lækjaren med vakrast stemme i går.
Han spurde, høyrde og forklarte, slik han er så flink til!

Han gjer pasientane - ( les: meg ) - trygge.

Ikkje teikn til spredning,
- og ei god rettleiing i korleis eg skal undersøke meg sjølv fram til kontrollen om tre månader.
Han seier: oppdagar du noko så ring meg, - er eg ikkje tilgjengeleg, så ringer eg oppatt!

Var naturlegvis på handel
- ovanfor er den vesle fløyte-/mjøkemuggen CALF&HALF 
- begge plassar fekk eg umåteleg god service! 

- naturlegvis var eg innom på Rezepten for å hente protesen og bh'en frå Tyskland
No har også eg "høi byste"!

Middag med godt selskap på Jacob Aall.

Før vi for heim sat eg ei lita stund og kvilte på ein benk på Bystasjonen
- åt dadlar frå Palestina eg hadde handla på Meny - Bergen Storsenter
og innsåg at eg var lukkeleg.