søndag 23. oktober 2011

Planlegging av våren og gode minne




I dag er det 13 varme plussgrader -
ein god dag for planting av løk.
Freistar vere budd på å ha flaggfarga blomar til 1.mai - eller før!
Tulipanløkane skal bli raude med frynser (utan det guloransje)
Perleblomane blå og narcissane kvit-kvite!

Ei sakte helg -
alle inntrykka frå veka som har vore byrjar å finne plassen sin i erindringsboka.
Ei kvilehelg, veka har vore i ytterkant av det eg greier.
Eg gjentek det gjerne -
det er så viktig for meg å gjere og oppleve slikt
som gjev meg positiv energi!


Oslotur med vitjing av plassen med utsikt til Utøya,
Vigelandsparken, den palestinske flyktningleiren ved Kulturkyrkja Jakob og
besøk på den heilt nye Palestinske ambassaden 
er opplevingar som set spor! 

Ein fredagstur til Voss inkludert eit lengre opphald på Harald Seim a/s er også fint -
det er fint å sove på bussen fram og tilbake også!

Medan hendene kjenner på vakre nye arabiske tekstilar.
 Boksar med jerikodadlar berre står der og fristar - og tankane gjeng vidare til andre typer
vårplanlegging
ein tanke om ny Jeriko-tur,
enkelte av oss ynskjer å fare i mars.


Tone - som har brodert alle kappene mine i spisestove & stove, lærer Zeina å sy hardangersaum.





1 kommentar:

  1. Så flott med slike gode opplevingar som gir energi - her har vi hatt middagsgjestar - nyinnflytta frå Den Dominikanske Republikk. Artig å servere dei Brennsnut som endatil vart godt likt:-))

    Klem

    SvarSlett