tirsdag 11. oktober 2011

Sylteglaset og to koppar kaffi


Når tinga i livet verkar nesten uoverkommelege; og 24 timar pr.døgn ikkje er nok, -
husk sylteglaset og kaffien.

Ein dansk professor sto framfor filosofistudentane sine med nokre ting framfor seg.
Då timen starta tok han uten å seie eit ord
fram eit veldig stort og tomt sylteglas og byrja å fylle det med golfballar. 
Då han hadde gjort det, spurte han klassa om glaset var fullt, -
dei var enige om at det var det.
Professoren tok fram ei kasse med småstein,
og byrja å helle småsteinane ned i glaset.
Han rista glaset lett, slik at småsteinane fordelte seg imellom golfballane.
Igjen spurte han studentane om glaset var fullt, og det meinte klassa at det var.
Professoren tok fram ei kasse med sand og byrja å helle sanden i glaset.
Sanden fylte naturligvis dei resterande holroma i glaset.
Igjen spurte han om det var fullt. Klassa svarte einstemmig ja.
Til slutt tok professoren to koppar kaffi og helte dei begge i glaset.
Holrommet mellom sandkorna, vart no effektivt fylt.
Studentane lo.
"Vel - ", sa professoren, då låtten stilna av -
" - dersom de no ser føre dykk at dette glaset representerer livet dykkar.
Golfballane er dei viktige ting i livet -
slikt som familie, kjærestar, barn, helse, vener og yndlingspasjonar -
dei tinga som, sjølv om alle andre ting gikk tapt, og berre desse tinga var tilbake,
ville dei likevel gjere liva dykkar fullkomne.
Småsteinane er dei andre tinga som betyr noko - slikt som jobb, hus, bil osv...
Sanden er alle dei andre småtinga."

Professoren fortsette: "Heller de sanden i glaset først,
er det ikkje plass til verken småsteinane eller golfballane.
Det samme gjeld i livet: 
Nyttar de all energi og tid på dei små ubetydelige tinga,
får de aldri plass til det som er viktig for dykk.
Vis merksemd til dei tinga som er avgjerende for lukka dykkar.
Leik med ungane. Pass på helsa! Inviter partneren på middag.
Opplev kultur eller sport, ta ein runde til på golfbana eller gjer noko bra for samfunnet.

Det vil alltids vere tid til å gjere huset reint og ordne avløp.
Ta dykk av golfballane først - dei tinga som verkelig betyr noko.
Få styr på det de vil prioritere - resten er berre sand."
Ein av studentane retta handa i veret og spurte kva kaffien representerte.
Professoren smilte: "Eg er glad for at du spør.
Det er berre for å vise at uansett kor fullstappa livet ditt opplevest å vere,
så er det alltids plass til eit par koppar kaffi saman med ein ven".

Det er litt vel mange ting eg skulle ha greidd å få gjort slike dagar -
middagskvildene mine har difor ein tendens til å verte litt vel lange
før eg greier å ta meg inn att!

Av ein eller annan grunn var eg inne på Livet i Lønnetunet,
den gamle bloggen til Lyst på livet
eg veit har lenkja til den før
- eg berre måtte skrive den om til nynorsk!


1 kommentar:

  1. For et herlig bilde på livet og så sant så sant! Takk for at du delte det:-)

    SvarSlett