tirsdag 18. oktober 2011

Korte dagar - mange gleder

Opphaldet for jerikanske vener går mot slutten -
i kveld er det kulturkveld i kulturhuset -
og i morgon er det avreise.
Torsdag på desse tider vinkar eg farvel på Gardermoen.

I dag fekk eg grovbrødskive med olje frå fetaostglaset og Zatar
og to små kaffikoppar med arabisk kaffi til frukost.
Det er også godt! No er eg så utstyrt med likt og ulikt av krydder
at eg trur mangt og mykje av som vert servert i tida framover
får i det minste eit hint av det palestinske kjøkkenet.
Det var moro å rekke å sørge for
at ei av jentene fekk innføring i hardangersaum ved spisebordet vårt i går.
Mor hennar, systra og ho broderer veldig mykje.
No er ho utstyrt både med broderipakke frå Nilssen på Bryggen,
eit par broderibøker frå Biblioteket mitt
og tre hardangersaumhjarte
som ho fekk av læraren sin - den same som har brodert gardinkappene mine.
Eg ser fram til å sjå hardangersaum når eg fer til Jeriko til våren!
På tide å pakke litt no før alt anna tek laust, -
eg skulle vist skrive noko som skulle inn i eit blad også...

Biletet er frå Vindhellevegen -
teke på laurdag då gjengen gjekk den gamle vegen frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen
til Rimskjold.

1 kommentar:

  1. Så spennande med besøk frå utlandet og få smake andre sine spesialitetar og så fint å få lære frå seg noko. Du bur i eit flott landskap og den turen såg fin ut.
    jannetove:-))

    SvarSlett