mandag 31. oktober 2011

100 liter eplejus og ei intelligent vaskemaskin


Eplejuspressaren vår ringde i førre veke -  han var klar med pressa på laurdag.
Han hin bar eplekasser i bilen og ut av bilen og inn i kjellaren til Steinar -.
Eg bar dei tomme kassene ut att til bilen -
vasking av 1 1/2 liters brusflasker og skylling i atamon,
er meir min jobb!
Det er alltids ei mogelegheit for at frysaren ikkje toler innfrysingspresset -
også i år tinga vi venehjelp til dette... :-D8

Vaskemaskina vår gav opp å vere til teneste på torsdagskvelden,
midt i vasking av eit av dei gule kviltateppa som vart laga omtrent på den tida vaskemaskina var ny.

Han hin ringde til den gode elektriske bui i Aurland for å tinge ei ny på laurdag,
- den var utstillingsmodell og vi kunne hente den med ein gong!

Med hjelp av berekraftig naboskap vart den gamle boren ned frå andre høgdi -
via nokre andre rom naturlegvis - dei fleste eigentleg -
og oppigjen med den nye og endå tyngre maskina same vegen.
 
Gleda av den intelligente vaskemaskina med patentert skånetrommel,
fullelektronisk softtronic-styring og oppdateringsmogelegheit av vaskeprogram via datamaskina...
er kjempestor -
spesielt fordi den har ei heftig sentrifugering og er stillegåande som ein draum :-D8 !!!

Den førre høyrdest ut som om den var på veg ned til etasjen under for å henge opp kleda -
denne varslar med eit sus, - om ein er i nærleiken, at den er klar... 

Både teppa som isolerer for vinteren framfor den litt mindre tette gatedøra og dei to gule kvilteteppa som har hengt over to gelender på kvar si side av loftstrappa
i syrommet på loftet
er nyvaska og tørketromla.


2 kommentarer:

  1. Smart å gå for kremen av vaskemaskiner! Vår er like gamal som vesparypa, og er framleis ein draum for meg som vaks opp med AEG turnamat i ein kald vaskekjellar. Men oppdateringar via pc høyrdest då veldig fancy ut -.

    SvarSlett
  2. På dei heimlege strendene er det "vaskekjellar i kjellaren" - første dør til høgre - med køyreveg heilt inntil - enkelt å byte maskin der! Hus bygd av snekkarfedre på frykteleg tidleg 60tal, var uendeleg meir praktisk enn hus frå 1847! Den gamle utvendige trappeoppgangen vart gjort om til eit kammers eller ei bod for lenge sidan - det var først i dette århundre/årtusenet det vart bad&vaskerom!
    Eg er jo ikkje merkebevisst som han hin, - han har vel meint i ein tiårs tid at den gamle vaskemaskina sikkert ikkje held så mykje lenger!
    Når eit stort teppe er så tørt og lett etter sentrifugering - utan at vaskemaskina har hoppa og skaka - vert eg overbevist...

    SvarSlett