fredag 21. oktober 2011

Åleinekjensla kan vere så mangt

Åleinekjensla på Gardermoen når alle har sjekka inn bagasjen og forsvinn vidare, er inderleg stor.
Åleinekjensla på busshaldeplassen heime på Øyri, er inderleg god når ein stig ut av nattbussen.
Ei intens veke er over -
reknar ikkje med å treffe att alle som har vore på vitjing denne veka -
kanskje endå meir sannsynleg sidan det var så mange unge -!

I går busstur til hovedlandsbyen
vi stogga på fylkesgrensa og kasta snøball
og vi var innom Vigelandsparken på veg til hotellet.


Eller slik Vigeland Museum fortel det:
Livshjulet er eit symbol på evigheita og utforma som ein roterande krans av kvinner, menn og barn som held fast i kvarandre til evig tid.
Slik oppsummerer skulpturen det dramatiske temaet for heile parken:
Ein bilethoggar sine refleksjonar over mennesket si vandring fra vogge til grav,
gjennom glede og sorg, gjennom draum, fantasi, håp og lengt etter evigheita.

Det var interessant å høyre dei vaksne sine reaksjonar og refleksjonar over både nakenheita, storleiken på parken og islamsk syn på å gjengje skaperverket på denne måten -
og vaksne, unge og barn si tolking av enkelte av statuane.
Eit særs interessant kulturmøte.
Rask handel og sightseeing og middag og innom leiren ved Kulturkyrkja Jakob -
ein ny dag med mange inntrykk!
I dag på vitjing hjå ambassadøren på den vekes gamle ambassade - tidlegare representasjonskontor.
Litt meir handel - flytog - og farvel og på gjensyn -
Insha'Allah - ein ny vår i Palestina - nærare bestemt i mars!

Fiskesuppemiddag hjå ein ven
og nattbussen heim.
Kvifor ialledagar set bussjåførar på ein så høg varme på vinterstid på nattbussane?
Godt å gå av bussen heime, - sjølv om ein skal ta ein ny buss to timar etterpå til Voss.
Vel å ikkje nytte tida til ein times søvn -
likegreitt å starte med ein variant av striskjorte og havrelefse -
ein lang varm dusj, - eit stort teglas, klibrød og biola!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar