mandag 10. oktober 2011

Har lagt om til vinter!



- har strømper på beina frå og med i dag!

Syr saman dei siste blokkene på det grøn/svarte teppet som har vore i arbeid ei stund.

Den 10.10.2010 feira vi 10.000 årsjubileet til Jeriko i Palestina -

denne reportasjen sende Arve Uglum heimatt til Nrk om feiringa i Lærdal Park, dagen etter!

På torsdag kjem det vitjing frå Jeriko - det inkluderer litt informasjonsarbeid!

Eg saknar varmen!

2 kommentarer:

  1. Strømper? Jeg flyttet inn i ullsokkene for flere uker siden! Må innrømme det ble noe varmt da gradestokken krøp godt over 20 noen dager, men nå er alt tilbake til normalen...

    SvarSlett
  2. Har arva varme føtter og hender - ikkje på noko overnaturleg vis altså, - men heilt reelt!
    (Eg slutta å seie at eg hadde varme hender så eg ville ikkje ha varmepute når eg fekk cellegift, - helsepersonalet trudde eg snakka om legande krefter! Etterkvart sa eg berre at eg ikkje trong varmepute på handa!)
    Men eg ynskjer litt varmare dagar både for deg og meg og alle hine!

    Minst halve året går eg barbeint i sko, sandalar eller kloggar - ifjor heldt det litt lenger sidan eg var til Jeriko!
    Elles i året foretrekk eg tynne ullstrømper - med eit hus frå 1847 som er litt golvkaldt i første etasje kan det stundom vere greitt med tova tøfler!

    Eg avgjorde det med sånn 4-5+ grader og regn og litt småfrosen kjensle då eg sto opp!

    SvarSlett