onsdag 17. desember 2014

fredag 12. desember 2014

Oppteljinga til jul 10.-12.desember

No vert det stendig vansklegare å vise oppteljingane berre på eit bilete.
Difor vert det mange bilete på kvar biletbloggside.
 

tirsdag 9. desember 2014

Kyrabloggen - ei oppteljing til jul - osv...



Oppteljinga dei fyrste ni førjulsdagane er ferdig - no står resten igjen!
Kyraregisteret

onsdag 3. desember 2014

Oppteljing til jul - Del I til XXIV

I fjor ville eg lage ein adventskalender som kyraregister eller kuregister.
I år er Kyraregisteret ein eigen blogg som held fram til eg ikkje har fleire kyr.
 
Julekyr frå Patience Brewster Krinkles


tirsdag 30. september 2014

Rosa


I dag er det fire år sidan eg fekk beskjeden.
Årleg får svært mange slike beskjedar.
Dei aller fleste av oss er kreftoverlevarar.
Dei viktigaste årsakane til dette
er den årlege aksjonen som syter for mykje pengar til forsking og informasjon.
Merksemda kring aksjonen minner kvar enkelt av oss om å sjekke sjølv.
Opne lommeboka di for rosa oktober, for sikkerheits skuld!

mandag 29. september 2014

Oliventre


                     
For fire år sidan stod oliventreet mitt i gangen, akklimatisering på veg innomhus.
Dagen etter fekk eg vite at eg trong helsehjelp ei stund.
Eg tok uansett den lenge planlgde turen.
 
Om fire dagar sit eg på flyplassen.
Oliventreet mitt kan trenge akklimatisering
Eg tek det inn i morgon.
 
Eg ser fram til å sjå oliventre, og palmar og Sakkeus sitt morbærtre,
der det står på russisk-ortodoks eigendom.
Eg ser fram til å møte vener og få nye vener.
Denne gongen får eg truleg også sjå korleis EAPPI arbeider.
 
Eg trur eg må ha hummus til middagen i dag. 
og mitt kamera skal ikkje knusast.

Etterskrift - det vart falafel, hummus, kylling og salat.
Gler meg til å smake korleis det eigentleg skal smake! 

lørdag 20. september 2014

Når det kjem til stykket


År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.
 
Olav H. Hauge -

Diktet er frå diktsamlinga "Janglestrå" 1980 
 
Biletet er funne på Pinterestkontoen til Unni Merete

onsdag 17. september 2014

Bovin spongiform encefalopati

Eg har lenge vore open om at eg har denne sjukdomen.
Difor treng eg slike sofaputer i sofabenken på Biblioteket.



I følge Store norsk leksikon er Bovin spongiform encefalopati
ein smittsom hjernesykdom som utviklar seg langsomt.
Inkubasjonstiden er frå månedar til fleire år.

Eg fekk den for 16-17 år sidan og resultatet av sjukdomen aukar stendig.
Litt av resultatet er å finne oppe i høgre hjørnet på verdsvevsida
"Kuregister"
  

fredag 12. september 2014

2000 ord



Skriv mange bokstavar
i mange ord 
ikkje lett
å finne det rette ordet
i den rette setninga
i rett samanheng
i rett avsnitt
i rett rekkefølge.
Det siste ordet får sensor.

torsdag 11. september 2014

Ogmund reiste lengre


Ogmund rid heim
 
Du kunde godt venda heim.
Ingen jorsalfar hadde lenger veg.
Stengd av drivis i Kvitehavet.
Lange var elvane i Russland.
Med askespjot frå Spånheim
stod de ved Jeriko.
No rid du heim yver sletta i Ungarn.
Kveldsoli skin,
og vinden helsar frå nord.
Då ser du skautet på Vassfjøro.
Tårone dryp under hjelmen.
 
(Olav H. Hauge - Dropar i austavind 1966)
 
Snart et eg frukost i Jeriko.
Reisa mi vert noko enklare enn då jorsalfar Ogmund reiste for 800 år sidan.
 
Han for i korstog saman med fleire skip til Bjarmeland.
Ogmund av Spånheim drog vidare frå Arkangelsk på dei russiske elvene til Suzdal og Kiev for å besøke slekta. Han for vidare til Svartehavet og Konstantinopel og nådde fram til Jeriko i det heilage landet.
Spånheim er ein gard i Ulvik herrad, der er også fjellet Vassfjøra som er 1633 meter høgt. Fjellet har ei form som gjer det lett synleg.

Jeriko er 260 meter under havoverflata.

Biletet er teke frå Freistingsfjellet over Jeriko, i bakgrunn ligg Dødehavet og fjella bak er Jordan.
Foto: JET 2010

tirsdag 9. september 2014

Gamle historier


Ein kar i Sogndalsdalen har irritert seg over steinheller i hagen,
han har ikkje kunna slå med grasklipparen over dei.
Han ville grave vekk hellene med gravemaskin.

Han fann eitt sverd.
 
Han gjorde det eine rette og melde frå til Fylkesmannen.
Han hadde funne ei smedgrav frå vikingtida.
 
 
Olav H. Hauge skreiv om ei endå eldre grav.
Alle tre fortel ei historie om det som har vore.
 
Steinaldergrav 
Mauren vimar
gjenom verdi.
Det gjer mannen òg.
Eit armt krek.

Men du
la att
beini dine...

som vitne
at du var her,
kvite bein
og ei leirkrukke
i ei liti hole.

Og du var djerv
og bar livet.
Og draum flakka i hugen.
Ein sterk eld.
(Frå Dropar i austavind)
 

søndag 7. september 2014

Auksjonkyr - lokkekyr - fine kyr.





Har uendeleg mange kyr laga av uendeleg mange materiale
og ting som er dekorert med kyr.
Denne handla eg på ein auksjon i sommar.
Fordi den er så fin, er den endå ikkje flytta vekk frå spisebordet.
Den har vore ei stund i Aurland og er fint medfaren, før den kom til oss.

 

lørdag 6. september 2014

...gåve til godgut

Han er kokk på det beste hotellkjøkenet i Nordfjord,
dei kan også kortreist mat.
Teppet har både eplegrønt og Puma-grønt.
Eit teppe med lang produksjonstid.
 
Olav H. Hauge skriv om eple som ikkje kjem på marknaden.

 Eg hogg ned den store apalen utafor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um summaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.
 

 
Framsida eller baksida.
Jada, - teppet skulle ha vore meir dandert -
men dei flygande gjessene -
viser kor breitt stoffet var. 
 

Eller kanskje baksida eller framsida.
 

fredag 5. september 2014

Badegolv




 
Ser fram til å sjå det att om fire veker
reisefeberen har byrja å melde seg!

Livets tre - er eit pomelotre.


 

torsdag 4. september 2014

Gjer ein annan mann ei beine


Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øyvindstò.
Og han var raust
og baud betal.
Men Osamannen
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
Så gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå.
Olav H Hauge
(frå Seint rodnar skog i djuvet)


Øyvindstò er eit par tre kilometer frå Osa -
i ei av fjorarmane til Hardangerfjorden.

I dag opnar Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
Eg ser fram til ein tur til Ulvik.


Biletet er frå Storfjorden på
Utsiktspunktet på Ljøen fv60,
der Sunnylvsfjorden møter Geirangerfjorden.

Ei fredeleg stund akkurat då -
fri for dei store mengdene av foto- og utsiktsvillige reisande,
men den verkelege verda var til stades med ein ikkje heilt lydfri vedproduksjon.

Hurtigruta er på veg til Geiranger - ein sightseeingbåt nærmar seg Matvika.

Ta i mot hjelp frå ein som vil deg vel og gjer det same vidare,
det er også ein måte å betale gjelda av takksemd.

onsdag 3. september 2014

Utsikt frå ein blå traktor i Provincen





"Lær av i går, lev for i dag, håp for i morgen."
 
Det finst uendeleg mange Albert Einstein-sitat, men dette held fram med:
 
 "The important thing is to not stop questioning.”  
 
 
 

tirsdag 2. september 2014

Starthjelp er godt - ...greitt å oppdage!

 

Oppdagingar - Trine Hovden
 
Kring Høgskulebygget i Sogndal er det 50 små bronsefigurar.
Nokre svært synleg, andre er synlege for berre dei som leitar.
 

mandag 1. september 2014

...mykje vatn har runne i havet, mange trådspolar har minka...

...og meir skal det bli...
 




Høgskulen starta i august, då var også siste teppe ferdig!

søndag 10. mars 2013

- no også med tur-blogg!

Wien er byen for kaffihus er det naturleg å ha dennne boksida med:  
Livets Kamp er alligevel svær nok.
 
- og måten Friele fortel om då kaffien kom til Europa via Wien i 1683.

Turen til Wien og Bratislava - og kanskje andre reiser - har no fått ein eigen blogg:
 

mandag 25. februar 2013

Sachertorte og rosa


 
Gleder i vente - !
og skikkelege studenterkneiper - dei lydbileta får eg kome attende til...
 
Tradisjonskost er viktig -
Franz Sacher laga Sachertorte til Klemens von Metternich i 1832.
 
Eg er klar for å nyte kortreiste kaker og kaffihus,
elles vert det iallefall verken wienerbrød, wienerschnitzel eller wienerpølser -
 
Eg har ikkje energi til alt eg vil,
sidan november har det vore mindre enn det eg heilt har kunne godta.
 
Eg er framleis nesten ferdig med det grøne og svarte teppet mitt,
- elles har eg byrja på eit nytt rosa teppe.
Eigentleg er det to rosa teppe, sidan eg skal nytte både Twister- og Lil'Twisterlinjalen.

 
 

I dag har Merete i  En reise med små (s)ting i bagasjen 
Merete har planlagt og testa ut trykking i dei seinaste blogginnlegga sine
og er klar til å dele med oss hine!
 
Gjett om eg har meldt meg på ynskjelista!

Gjett om eg er litt engsteleg for at eg no skal lage det andre og tredje rosa teppet mitt.
Eg vel å tenkje det slik at eg har utvida fargepaletten min litt! :-D :-D :-D
Brunt og lilla er framleis eigentleg heilt utanfor! 
I alle kubikkmetrane med stoffa eg har, har det alltid vore svært lite rosa.
Teppet til Trønderinna - som er ei av dei to i bloggen Frontlosjen -

fredag 30. november 2012

Ein gledens dag!

For gode vener er håpet stort om å få leve i sitt eige land.
Palestina har no fått status som observatørland i Dei sameinte nasjonane.

I dei siste 15 åra har eg vore heldig og fått lære meir om byen Jeriko.
I oasen ved det som i bibelsk tradisjon er kalla Elisjas kjelde, er restar av murar og busetnad mogeleg å datere omtrentleg 10.000 år attende.
 
Eit fredfyllt, herleg varmt folkeferd, der også mange ulike religiøse trusretningar lever i fint samkvem med kvarandre.
Jeriko ikkje langt frå Jordan-elva, Dødehavet er ei mil unna.
Dødehavet som ligg 410 meter under havoverflata, og Jerusalem som berre er 3 mil unna, på "toppen av bakkane", ligg 670 høgdemeter høgare oppe.

 
Illustrasjonen har eg lånt frå  Khaled Jarrar 
 

mandag 26. november 2012

- kort ved høgre øyra!

Stao no pao!
 Har alltid likt denne kvinna som Hans Gjesme modellerte -
er så glad i rørsla framover med sterk sidevind!
 
Studielivet er fint,- det går ikkje rakt framover - sidevind der også!
 
Sett med mitt eige fokus nett no,- frisyren til kvinna er asymmetrisk!
 
 
Håret over høgre øyra mitt vart barbert vekk for tre veker sidan.
 Ein særs dyktig nevrokirurg hadde ein vellukka operasjon
Eg hadde nokre smertefulle døgn i starten,
men det var verdt det! 
Det 12-15 cm arret er nesten dekka av kort-kort hår, 
eg kjem nok til å få fin julefrisyre.
 
- og om ikkje så altfor lenge kan eg ha asymmetrisk frisyre som er kort ved venstre øyre.
 
Stao no pao - er eit godt slagord!
Sogndal greidde det i siste kamp og Hødd vann cupfinalen.
- det er ikkje lett å forutseie kva retning vinden bles!

tirsdag 2. oktober 2012

Bygda har fått ny brurekrone

Lærdalsmarknaden vart brurekrona som var ferdig 25.september presentert.
Her er artiklane på verdsvevsida til Porten - høvesvis fredag, laurdag og søndag -
den siste med stor bildeserie
og i Sogn Avis denne artikkelen på måndag.
 
Dei som er kledd opp i brurestasen er
tidlegare ordførar Olav Wendelbo sr. og Siri Bjerknes ei av jentene frå "Gøy på landet"-serie.
 
 
 
 


 Brurekrona til Lærdal og Borgund bygdekvinnelag.

Bygdekvinnelaga ønskte at det skulle vere ei brurekrone i bygda - og har arbeidd med det i 10 år.
 
Prosjektgruppa har vore Kjellrunn Nesse frå Borgund bygdekvinnelag, Anne Sofie Natvik Henriksen og Kari Hjermann frå Lærdal bygdekvinnelag og Jorunn Hunderi som syr bunader.

Gruppa har vore på De Heibergske Samlinger på Kaupanger og til Årdal for å sjå kronene der.
Ei brurekrone frå Lærdal kan vere reist til Amerika, men har ikkje vore mogeleg å spore opp.
Eldre bryllaupsbilete viser at det som helst var nytta var
ein slags blomekrans av stoff som vart knytt rundt hovudet.

Her er ein artikkel frå Magasinet Bunad om brurekroner frå Indre Sogn

Bygdekvinnelaga var samde om at krona ikkje skulle vere tung og den skulle ha motiv frå Lærdal.
I samarbeid med dei som skulle lage krona,
har den fått mønster frå gamle Hauge kyrkje og eit ansikt frå Husum-beltet på leddstolpane.

Bygdekvinnelaga fortel at dei har hatt eit veldig godt samarbeid med
Knut Mykkeltvedt frå Fjordsylv i Vik som hatt ansvaret for å lage krona.

Brurekrona er finansiert gjennom bygdekvinnelaga sitt dugnadsarbeid med den tradisjonsfyllte koking og sal av rømmegraut Lærdalsmarknaden,
Dessutan har Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank, Borgund husflidslag, Lærdal husflidslag, Lærdal og Borgund bondelag, Tønjum grendalag, Lærdal kommune, Østfold energi og ein privatperson bidrege.

Drakta som Siri har på seg, er sydd av Jorunn Hunderi. Det er ein kopi av ei gamal drakt frå ei brur i Lærdal.
Olav sin sognebunad vart sydd av Hanne Smedegård til 2000 årsjubileet.

Bygdekvinnelaga vil leige ut bryllaupsstasen til dei som skal gifte seg.
Den første som giftar seg i den, vil få leige den gratis.

mandag 24. september 2012

Studenten prokastinerer - mappeoppgåve

Skulle gjerne vere laid-back som Francis Sejersted!
 
 
 
Kven skulle ha trudd at eg i desse dagar skulle sitje og slite med deler av boka hans:
 
 
Det har vore særs triveleg å verte student igjen -
men slitsamt med pendling og lange dagar!
Det vert ikkje så mykje høve til å kvile når eg treng det,
slik eg har gjort dei siste 2 åra!
 
No derimot, er alvoret kome!
Det er ikkje mange dagane til innlevering av oppgåva -
og om tre veker veit eg resultatet av arbeidet hittil.
 
Prestasjonsangsten er heftig og lammande!
 
Får tru det vert betre dagar enn dette!
Apropos prokastinere - sjekk denne 'YouTube-videoen!'

I helga var vi i Provincen og plukka litt eple,
veret var nydeleg med knallblå himmel og sol
- og eg hadde ikkje med noko kamera!
'Bilete frå i fjor!'

Foto Arne Flaaten - lånt utan å spørje om lov!
 
 
  

mandag 13. august 2012

Sommarlukke - Sol, Quiltemagasinet og Ikeakatalogen!

Tid til lang lønsj i bakhagen -
to tidsskrift i postkassa -
då vert nokre planlagde arbeidsoppgåver utsett!

gjev idear om det vil eg gjere -
eller det skulle eg ha gjort eller så kan ein rekne det som augegodt -
og berre til å nyte! 

tirsdag 7. august 2012

Etterkontrollert og klargjort.



Om to veker er eg altså student.
Eg har forlengst fått ny ryggsekk og planlegg å lage eit penal som høver betre enn dei eg har - Milkakyr i kvitt og lilla er av dei som ikkje er å rekne som ideelle...

Fadderveka er noko nytt sidan den førre gongen eg studerte.
Det kan verte interessant å ha ein 20-åring som fadder -
med opplæring i det sosiale studentlivet i Sogndal -
men eg let nok vere å lære meg å like øl, ved denne studiestarten også!

Eg er endeleg ferdig med Stjernekarteppet - det vart endå litt ekstra pause i ferdiggjeringa.
Alle nåler og absolutt all tråkletråden fjerna,
teppet har vore vaska i vaskemaskina og tørka i tørketrommelen.


Eg skal ha ein ny operasjon i haust, men så dei fann endringar på MR/CT for eit par veker sidan
-  i mars i fjor fekk eg også ei sterk melding om at operasjon fekk siste prioritet.
Førre torsdagsmorgon trente eg Qi-gong på rommet på sjukehotellet og
somna etterpå 3 gonger på benken under skjelettscanninga på 20 minutt,
- ingen skal fortelje meg at det ikkje verkar -
men heile forsvarsverket var sett i funksjon ei god veke før!

Hadde møte med Mannen med vakrast stemme like før eg vart utskriven på fredag -
såg ikkje ut til å vere noko farleg endring
og lova ei ekstra god og tett oppfølging.

Han gav meg beskjed om å gå ut og feire med vin og kaker!

På veg ut frå ringde hin legen og sa det vart operasjon om ikkje så lenge.

Eg smilte då eg sat på Baker Brun på Bystasjonen -
eg åt 2 store kakebitar til ein dobbel espresso -


og gledde meg stort då eg skåla for livet i Freixinet hjå vener på fredagskvelden...

No er det berre penalet som må klargjerast før studiestart!




Hjørne av Stjernekarteppet, det heng på rekkverket i 2.høgdi til avkjøling!

onsdag 18. juli 2012

Stjernekarteppet - til studenten frå studenten!

I fjor på desse tider var eg klar med framsida til  'stjernekar-teppet' til han hin -
No derimot har det fått bakside og er i ferd med å verte tråkla,
og har naturlegvis 42 stjerner dette året!

Denne gongen nyttar eg bomullsvatt og tråklar altså teppet!
Det er lenge sidan eg har tråkla teppe.
Det er best å ha strekkehjelp når ein skal nytte tråklespray,
 men her skal baksida også stemme med framsida.
Då vert det enklare med nåling både på framsida og baksida
Teppet vert stort for maskina - 155 x 230 - så eg treng mykje tråkling.
Tråklelim opplevest ofte som det vert meir stivt.
Eg satsar på at det er klart til neste gong han har helgefri og er heime!
Det kjem kanskje til å verte teppe på Studenthybelen i Storbyen, i staden for på Salen i 2.høgdi!
I andre høgdi bør eg vel lage eit med svart som hovudfarge - ein gong...
I går fekk eg stadfesting på at eg er komen inn på studiet eg søkte på i Sogndal!

Av mange andre ting eg har sjekka
er naturlegvis kva slags rabattar som gjeld for meg på offentlege transport middel!
Eg gler meg til å kunne smile og seie pent at eg skal ha studentbillett!

mandag 16. juli 2012

Frå Mor sitt skattkammer

Vi var på dei heimlege strendene førre helg -
Mor hadde sin 84. åremålsdag.
Mor mi er betydeleg meir ryddig enn meg -
ho viste meg ulike skattar, slik at eg skulle vite kvar dei er og kvar dei kom frå.
Dei fleste fekk ligge igjen,
eg ville ho skulle halde fram med å
ha gleda av å stryke mildt og mjukt over skattane!




Denne hekla dåpshua var av dei skattane eg fekk med meg -
den er nesten 84 år gamal.
Den vart hekla av Mor si Grandtante Sofia på Nes i Naustedalen og har vore i bruk saman med dåpskjolen Bestmor sydde av
bryllaupsantrekket sitt for 85 år sidan.
Eg vil tru stoffet i engelsk broderi var av eit underskjørt og ikkje kjole.
Med løyve frå Bestemor vart dåpskjolen og og dåpshua (sjølv om det er ein jentemodell)
nytta til Son sin Namnedag på Trollhaugen.
Dåpskjolen høyrer til garden -
men hua høyrde til Mor, så ho fekk den attende etter mange tiårs bruk -
no har eg fått den.
Dåpskleda har vore i bruk til dei aller fleste av etterkomarane etter Bestemor og Bestefar,
og også til mange dåpsborn i heile grenda.
Eg har ikkje stroke dåpshua -
den vert så fort gul då! 
Innerst mot ansiktet er det ein kant som med stryking vert veldig bølgete,
medan dei to andre skal stå opp meir opp frå hovudet.

Av dei meir rare tinga Mor hadde teke vare på i skåpet ho skulle spørje meg om eg ville ha,
 - før ho eventuelt gjorde andre ting med -
var Barbiedukkene mine, bittesmå dukkehusmøblar og to små dukker i rett storleik til møblane.

Då eg såg i dag at '365 saker du kan sticka' hadde lenkje til Barbiedukkeklede,
skjøna eg at det var av dei signal eg burde ta for å lage klede til dukkene,
av ein eller annan grunn var dei ikkje i posen.
Det kan godt vere at dei i forrige årtusen vart gjevne til verdige mottakarar for slikt!  



onsdag 11. juli 2012

Gjesme-konsertane 2012

Tysdagane i juli er det konsert på 'Sogn kunstsenter' - dei to første har vore herlege opplevingar!

Førre tysdag var det konsert med Jostein Avdem Freland med elektronisk musikk.



I går var det Erlend Apneseth med hardingfele.


Eg er ikkje av dei som høyrer mykje på nokon av desse musikkgreinene -
men eg er særs glad for å ha høve til å delta på konsertane med desse unge musikarane!

Begge tek utgangspunkt i vestlandsnaturen.

Jostein tok oss med i uendelege vakre tonar - den vakre naturen i dei store glasflatene på begge sider av foajeen gjorde det vakrare - det gav fred.


Når Erlend leikar seg fram på hardingfela - merkar ein kvifor han er i A-gruppa av spelemenn i Noreg trass i at han berre er 22! Leikar - ikkje fordi eg trur det er enkelt - men fordi han leitar fram vakre tonar i fela. 

Med små gode historier, smil og latter vert opplevingane endå betre.

Josten har gjeve ut Fivreld - eg finn ikkje lenkje på den.
etterskrift - naturlegvis fann eg den ikkje, rett namn er naturlegvis ' Fivrel!'
og etterskrift 2 -'lenkje til Porten sin omtale'

Erlend har gjeve ut Jølster 2012 -'omtale av platesleppet' og  'CD'en'.
Denne plata er innspelt i det nye lydstudioet i Sogn kunstsenter.

Konsertane startar 18.00 og inngangsbiletten, som kostar 100 kr, inkluderer inngang til Gjesme-utstillinga i Sogn Kunstsenter.

Dei andre konsertane er:

Tysdag 17. juli:
Lars Rossvoll - klassisk gitar

Tysdag 24. juli:
Camilla Hole - saksofon
(m/ Jostein Avdem Fretland - liveelektronikk)

mandag 2. juli 2012

på den smale veg...


Ein lastebil køyrde den smale vegen mellom 2 bygningar for eit par-tre veker sidan.
- møtte veggen vår og tok med seg listverk og hjørnebord -
dette er vegen ut i gågata frå bakhagen vår. 
Det vert mykje styr av slikt -
spesielt når sjåføren seier at han ikkje la merke til at lastebilen er borti huset.
Styr vert det også av at slikt må spesialbestillast
og ein bør gjerne halde fram med å nytte handsmidde spikrar.
Førre veke var vi innom Molo for å handle linoljemåling og ymse anna
som slike fine buer brukar å ha.

Eg har hatt eit par veker ferie og ete meir mat av typen eg skal ete mindre av.
Eg er difor ekstra klar for å leve endå sunnare.
- og sidan han hin har sett i gang med vekependling -
kan menyen vere endå meir målretta enn elles! 
Ernesto på Lærdal torg har alltid svært gode bær og grønsaker
- det aller meste er svært kortreist mat.
I tillegg til  jordbærkorga frå Ljøsne, kjøpte eg lilla blomkål og romanesco.

Det vart naturleg i ettertid å legge inn denne lenkja på Porten:
Landbruksministeren vitja Lærdal -
kommunalministeren var heimom frå ferie og viste han rundt.

søndag 3. juni 2012

Søndagstur på Seltåsen



Jordbærblomar ber bod om somar

Vegen over Seltåsen er ein av dei mange historiske vegane i Lærdal



Vindhellavegen på andre sida av Elvi er kjent for sine høge vegmurar -
men muren har ei viss høgd her i Gravdalen også!


Berre restane av eit uthus - der berget har vore litt vegg og litt tak -
men elles bratt lende til å plassere eit slikt bygg -
det er naturleg å tru at den som bygde ville nytte minst mogeleg dyrkbar jord til tomt.
I Seltåsen har det gått mange store skred, det ligg at steinar så store som hus -
det vert mange gode hellarar under slikt!!!
I eit slikt område er det naturleg at husmannen bygde på stadar som var noko mindre rasutsett
- her rullar steinane rullar ned ved sidan av eller over.


Husmannsplassen Galdane og fossen Sokni

Her er innlegget om Galdane på sognefjord.no sine sider


Sokni gjennom bjørkestammer


Steine bru -
at det har vore ei bru der visest berre på hi sida av Elvi -
så bratte bruer var nok ikkje vanleg standard, då heller!

Vegen over Filefjell har alltid vore ein viktig ferdsleveg mellom aust og vest,
vinterstid er det den sikraste vegen - då som no.

Sverrestigen - brei som ei spydlengd -
kong Sverre nytta den i 1177
Sverrestigen går langs fjellfoten på hi sida av Elvi oppover til Borgund stavkyrkje.

Skulle vegen gjerast køyrbar med vogn, 
var det veldig liten plass til veg når fjellfoten går nesten rett i Elvi.

Vegen i høgre biletkant er den gamle riksvegen - den nye går i tunnel under Seltåsen.
Og hengebrua viser at Elvi har vore ei stor lakseelv!
  

 
Må legge ved ei lenkje til Nrk SFj også,



Nesten attende til parkeringsplassen i Koren.
På andre sida av Elvi er Sverrestigen synleg der den går langs fjellfoten.
I heile dalføret er det gode velhaldne turvegar - mange av desse er gamle ferdslevegar som ikkje har vorte øydelagde av nye traseval!



mandag 28. mai 2012

Frontkjempar


Eit kort eg fekk i gåve frå ein frontkjempar.
Eg drikk vatn som er smaksett med mynteblad -
har helt varmevatn over blada og ventar til det er kaldt.
God drikke etter ei langøkt på treningsstudioet -
ute er det god sommartemperatur.
Tenkjer på varm te med mynte, servert i skuggen av nokre tre ved Elisjas kjelde.
Dagen i dag er også ein merkedag på dei kantar.

lørdag 26. mai 2012

Vinternøkkelkyr


Denne har lys for å finne nøkleholet.
No er det mindre enn 1 månad til sola snur, det er godt å ha den i beredskap.

I helga er det starten på innspelinga av
Gøy på landet, her på Lærdaøsøyri.

I tidsskriftet Gamle hus, hager og interiør heiter det på framsida:
Her du reise: Gamle Lærdalsøyri.
Det er ein åttesiders reportasje -
ein ganske stor del er knytt til Sanden pensjonat,
men både naboar sine og vårt hus er avbilda.

Det er godt å bu i sentrale strôk på landet også!

Det er praktfullt ver - sola skin frå skyfrihimmel!
Eg er litt innomhus, også for å gjere klart til i kveld.

I dag har vi vår tradisjonelle Grammpri-fest.
I mange år har vi hatt selskap når det er internasjonal Grand Prix finale.
Dei færraste av oss er opptekne av musikken,
 - men det har aldri vore eit problem for oss som likar å diskutere antrekk!
- men eit problem for dei som gjerne ville ha høyrt betre!

torsdag 24. mai 2012

Neglekyr



I dag har blomsterbed på gatesida av huset fått fleire nye blomar -
mellom dei er Blå torskemunn og Levisia.

I mange av krukkene i bakhagen har eg planta fine nye blomar frå Blomsterbui.

Prydtobakk minner meg alltid om Vancouver.
Eg fann nokre spanske margerittar som eg syntest gjorde seg godt til fargen på huset.
Hengelobeliaen var komen, men ikkje kantlobeliaen, og eit par av dei måtte også verte med.

Eg likar best dei små kvite margerittane.
Blomsterbui fortalde at dei fekk altfor mykje veksthemmande midlar for å verte slik og 
dei ikkje ynskjer å tilby det - greitt nok - etter dette handlar eg dei vanlege margerittane! 

Det er begrensa kor mange blomster ein får i 4 papirbæreposar på sykkelen.
Eg gjekk heimatt i dag, med to på kvar side av styret.
Uaktuelt å ta risikoen med noko anna!

Når ein er ferdig med utearbeidet er det greitt å ha ein neglebørste,
i tillegg til den kvardagslege frå Felleskjøpet, har eg naturlegvis ei neglekyr.
Neglekyra står ikkje heilt på eigne bein - den treng litt oppoverbakke.

Det er akkurat eitt år sidan eg starta strålebehandlinga -
eg nyt å kjenne meg frisk og levande
og dekker framleis huda på halsen og brystkassa med solfaktor 50.

I går hadde eg ei lang treningsøkt på treningsstudioet på tidleg føremiddag
og bassengtrening på ettermiddagen.
Det vart ein rask sykkeltur for å rekke ein seinkveldsavtale.
ikkje så lang -
men nesten framkomen -
gjekk det opp for meg at det er sein mai -
med uendelege mengder av årsaker til allergiar -
og eg var ikkje andpusten ein gong.

Det er det same om det var allergiane eller anna som gjorde meg blankøygd der og då -
det kjentest fint.