tirsdag 7. august 2012

Etterkontrollert og klargjort.



Om to veker er eg altså student.
Eg har forlengst fått ny ryggsekk og planlegg å lage eit penal som høver betre enn dei eg har - Milkakyr i kvitt og lilla er av dei som ikkje er å rekne som ideelle...

Fadderveka er noko nytt sidan den førre gongen eg studerte.
Det kan verte interessant å ha ein 20-åring som fadder -
med opplæring i det sosiale studentlivet i Sogndal -
men eg let nok vere å lære meg å like øl, ved denne studiestarten også!

Eg er endeleg ferdig med Stjernekarteppet - det vart endå litt ekstra pause i ferdiggjeringa.
Alle nåler og absolutt all tråkletråden fjerna,
teppet har vore vaska i vaskemaskina og tørka i tørketrommelen.


Eg skal ha ein ny operasjon i haust, men så dei fann endringar på MR/CT for eit par veker sidan
-  i mars i fjor fekk eg også ei sterk melding om at operasjon fekk siste prioritet.
Førre torsdagsmorgon trente eg Qi-gong på rommet på sjukehotellet og
somna etterpå 3 gonger på benken under skjelettscanninga på 20 minutt,
- ingen skal fortelje meg at det ikkje verkar -
men heile forsvarsverket var sett i funksjon ei god veke før!

Hadde møte med Mannen med vakrast stemme like før eg vart utskriven på fredag -
såg ikkje ut til å vere noko farleg endring
og lova ei ekstra god og tett oppfølging.

Han gav meg beskjed om å gå ut og feire med vin og kaker!

På veg ut frå ringde hin legen og sa det vart operasjon om ikkje så lenge.

Eg smilte då eg sat på Baker Brun på Bystasjonen -
eg åt 2 store kakebitar til ein dobbel espresso -


og gledde meg stort då eg skåla for livet i Freixinet hjå vener på fredagskvelden...

No er det berre penalet som må klargjerast før studiestart!




Hjørne av Stjernekarteppet, det heng på rekkverket i 2.høgdi til avkjøling!

3 kommentarer:

  1. Godt nytt :o)
    Målrock i helgi?
    Strupetakarane og Kaizers?

    Er på tur til Tangen snart for å hente festivalpasset eg vann i Sogn Avis :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi har ikkje kjøpt/tinga billettar - eit festivalpass frå Sogn avis høyrest særs greitt ut!

      Det har gått vel fort unna i det siste - han hin gjer seg ferdig med førskulen i morgon -
      - hadde lyst å høyre/sjå fleire på programmet - Kaizers er eit godt Målrockband!

      Slett
    2. Synest de bør vurdere det! Eg kan ordne i morgo om det trengst :o)

      Einaste punkbandet i verda med notestativ er også eit framifrå målrockband - sjølv utan Kari, håpar eg. Blir litt spesielt - - -.

      Slett