tirsdag 20. mars 2012

Om glede og sorg - Kahlil Gilbran


Når du er glad til sinns,
se da dypt inn i ditt hjerte,
og du vil finne at bare det som ga deg sorg,
kan gi deg glede.
Når du er bedrøvet, skal du atter se inn
i ditt hjerte, og du vil finne at du i sannhet gråter
over det som har vært din glede.
Noen av dere sier, «Gleden er større
enn sorg,» og andre sier, «Nei, sorgen er
størst.»
Men jeg sier dere de er uatskillelige.
Sammen kommer de, og når den ene sitter
alene til bords med deg,
så husk at den andre sover i din seng.
       Frå Profeten, gjendikta av Johann Grip     


I dag for 1 år sidan skulle stråleterapeutane starte strålinga av ein flekk på skallen.
Onkologen var redd for kunne vere ei spredning av brystkreften -
det var eit område som eigentleg var utilgjengeleg for biopsi.
Røntgenlegen og øre-nese-halslegen og kreftlegen fann ut at det var mogeleg å gå via bihulene -
det betydde å meisle seg veg gjennom nase og bihuler for å ta prøve, 
- øre-nese-halslegen greidde det.
Det var ikkje ei aggresiv spredning - eg slapp å stråle skallen og få andre skadar.
Dei skulle likevel operere vekk brystet og stråle meg godt og lenge -
eg kunne framleis få eit langt liv!
Er det rart glede og sorg blandar seg slike dagar?

søndag 18. mars 2012

Kjensla av vår er komen!

  eit lånebilete frå insomniac på flickr

Blomsterbeddet på framsida av huset er rydda -
rosene har fått eit beskyttande lag av lauv -
benkane er komne ut på gatetrappa -
vi har drukke årets første utekaffi!

Naturlegvis er det vår -
det er 14 dagar til sola skin på oss -
men vårkjenslene er komne!

fredag 16. mars 2012

Tvibandstrikking på handarbeidskafeen på De heibergske

Bjørg Hovland sine OL-vottar -
Bjørg var ei av dei mange bunadkledde som bar skilt framfor dei ulike landslaga
inn til opningsseremonien i Lillehammer.
Bjørg fortalde at ho visste at ho trong vottar i kulden til bunaden sin -
ho leitte i kjelder og museumsregister etter vottar frå Indre Sogn.
Ho fann Lærdalsvotten frå 1787 som er sidan 1877 har vore i samlingane til
Nordiska museet i Stockholm.
Ho fekk strikka votten i tvibandstrikking, broderte sjølv broderiet, med årstal og initialar på tomlane. På hennar vottar er det ikkje flossaum - den ruta blå/gulekanten som er på orginalen,
den har nok gjeve ekstra varme kring handleddet.
I innkallinga/pressemeldinga frå museet og Sogn bunadnettverk var nemninga tveband nytta
her gjengjeven på Lærdal husflidslag si verdsvevside.

Tveband og tviband vert nytta om kvarandre.
Tvi- og tve- er ei eldre nemning for to -
 "totråda strikking" 



Bjørg Hovland viste også fram desse strømpene som er kopi av mannsstrømpene frå litt lenger ut i fjorden som ho strikkar nett no.
Orginalen og andre strømper har helar i tvibandstrikk -
naturlegvis er årsaken at teknikken gjer strømpa slitesterk!




Eit vottepar frå Færøyane som ei av kafegjestene hadde med seg


Framside/bakside - i to fargar er det lettare å sjå korleis dei to sidene er ulike -
På Lærdalsvotten er det brodert på den glatte sida - det er den stripa "framsida" ovanfor.
Færøyvottane har forskyving av stripene som viser ovanfor.



Dette vert då baksida - som viser at kryssinga av trådane på baksida lagar mønster
og sørger for at det vert ekstra sterkt, varmt og tett.

Det er mykje å finne på verdsveven både i bilete og på film.

Den engelske nemninga er twined knitting og svenskane kallar det tvåändsstickning. 
Her er Krokmaskan si vevside - med teknikk, produkt og lenkjer 

Her er Knitwhits Tutorial - Siena Braided Trim: - god beskriving av opplegg og kanten.



På vegen heim bestemte vi at vi skulle ha strikkekafe i Eldhuset den fyrste tirsdagen etter påske 10.april klokka 18.00 - med høve til å kome i 7-tida!

Enkelte av oss "må strikke oss opp" innan den tid!

Sogn Bunadnettverk - Siri Benjaminsen - opplyste om at Lærdalsvotten nett no vert kopiert i Sverige  og det vert laga mønster som kjem for sal gjennom Bunadnettverket til hausten -!

Det trengst med andre ord trening.


- og så må eg dele denne videosnutten  om
den viser etter vel 10 minutt at eg var på syrommet i aller øverste høgdi.
Det er iallefall lys der!

Stofftrådkorgene har stor berekraft -
og etter at stoff og utstyr er komne i hus, er det særs kortreist etterpå!


torsdag 15. mars 2012

Aurlandsskoen, Hopastova og Huldra på Fylkesårsmøte

Nokre få av dei mange bileta som vart tekne på Sogn og Fjordane fylkeshusflidslag sitt årsmøte på Fretheim hotel i Flåm.
Aurland husflidslag gjorde ein særs god jobb med å vise litt av det kommunen har å tilby!

Eg kjem attende med meir bilete og tekst!

Eg kunne ikkje anna enn først å vise at veska mi krev nokre raude aurlandssko, -
eg trur eg skal tinge meg slike semskasko men svart lersole - då kan eg danse med dei også!
Om eg ikkje gjer det, så vel eg nok ein svart gummisåle!
























onsdag 7. mars 2012

Første teppe til "Tepper til glede" er ferdig

På årsmøtet i husflidslaget var teppet og puta nesten ferdig -
no er det nyvaska og nytromla og klart til å sendast via Årdal quiltelag til
Det var dei som starta innsamlinga saman med Bergen Quiltelag,
Stord Quiltelag og Quilt Scandinavia. 
Etterkvart har Førde Quiltelag, Årdal Quiltelag, Bømlo Quiltelag, Laksevåg Quiltelag, Åsane Quiltelag, Askøy Quiltelag, Voss Quiltelag, Os Quiltelag, Sotra Husflidslag, Kvammaquilten og enkelt personer bidrege.
Til dags dato har "Tepper til glede"-organiseringa
samla inn 1041 tepper til langtidssjuke born på Haukeland

Her er lenkja til husflidslaget -
Eg er særs nøgd med bruken av dei to siste stjerneblokkene og stoffrestane til ei pute med hankar inni
slik at teppet vert berbart!
Det er årsmøtetid og mykje jobbmøter og travle dagar -
trening måndags-, onsdags- og fredagsmorgonen gjer godt!
Det trengst litt endorfinar i slike tider!
Er ikkje sikker på om det er eit forståeleg bilete av hankane -
som er sydd heilt flate og festa på innsida i øverste del av 9-bitsrutene - øverst på puta...
ein god grunn til at dette biletet vart med, er at fargane til teppet og puta er mest rette her!

torsdag 1. mars 2012

Vår og tankar om ei ny tid


Lånebilete frå verdsvevalbumet http://photo.elinlunde.net/



Jobben min er nedlagd, - eg er endå ikkje i jobb etter kreftbehandlinga.
Det er rart å tenkje på seg sjølv som jobbsøkjar, - det er nokre år sidan sist!

- eg tenkjer på siste del av siste verset av songen av Amanda McBrooms - høyr!: 

- i den norske oversetjinga til Hanne Krogh heiter det:

"... husk at langt innunder sneen
som skal smeltes av en vår,
spirer kimen i et frø som

blir en rose neste år."