fredag 30. september 2011

Eit ansleis år, men eit godt år!


30.09.2010 fekk eg telefon frå sjukehuset om at det var kreftceller i venstrepuppen min.
30.09.2011 har eg "Rosa-sløyfe"stand på Øyri

Ei av 12 kvinner får brystkreft i løpet av livet -
takka vere forsking overlever stendig fleire av oss

- lenkja over fortel også at du kan sende ein sms med
 ROSA til 2277
- då vert telefonen din belasta med 50 kroner
eller bidra med det du ynskjer til
kontonr 7001 09 88592

Elles vil eg oppfordre alle om å nytte lenkja til
Foreninga for brystkreftoperte

og her er lenkja som fortel om korleis du gjer sjølvundersøkinga.



Det øverste biletet er frå Rosa sløyfe aksjonen i Canada.
Sløyfa under er eit av produkta du kan kjøpe i årets aksjon

onsdag 28. september 2011

Tankar i lys av det eg skreiv for eit år sidan




Eg har sydd i Eldhuset i dag, - og det hadde eg i følge bloggen
tenkt å gjere 28.september 2010 også,
  - eg les at eg hadde tenkt å ta opp tråden etter kvelden før

Det var 9 dagar til reisa skulle starte for oss som skulle delta på 10.000 års jubileumsfesten i Jeriko.
No er det 15 dagar til ei gruppe jerikanarar kjem på vitjing her.

Eg hadde lenkja til Sissel Wold sin artikkel om Lyden av Jerusalem -
denne gongen høyrer ein kva utanriksministeren i USA meiner om byggeplanane 
av 1100 bustadar i Aust- Jerusalem.
Dessutan gleda som kom fram då president Mahmoud Abbas hadde levert søknaden
om medlemskap i FN i New York.
Likar meldingane frå talarstolen at Noreg stiller seg bak palestinarane.
Og vert lei meg når eg les det Kjetil Nilsen fortel i bloggen Checkpoint Vestbredden
om "Skriket" - det nye våpenet.


Eg syntest det stod dårleg til med reingjering i heimen i 2010, - eg var sliten!
I dag har eg vaska vindauge og stryk både hardangersaumkappene og dei kvite lingardinene til stova.
Gjorde det same på spisestova i går, - gjorde ikkje så mykje meir.
Vert sliten no også, - men på ein annan måte.

Ein Haustmarknad som den i år - førte til 2 dagar med ekstra mykje kvile og sømn,
- og det er verdt det!
Slik rapporterer Porten frå marknaden.


På fredag er det 1 år sidan eg fekk telefonen på jobb frå sjukehuset i Førde om at denne gongen hadde dei greidd å treffe den 4 cm kulen i brystet og at det var kreftceller i den.
På tysdag skal eg på første kontroll på Haukeland -
det følest trygt å reise dit.

Eg har sjølv valgt å få oppfølging der -
er glad for at det er mogeleg å velge vekk det sjukehuset ein høyrer til.
Etter at kreftlegen og kreftsjukepleiaren på Helse Førde valde å ikkje informere meg -
fordi dei meinte at eg ikkje hadde godt av å få vite kva
dei trudde dei hadde funne i skallen i mars 2011, -
mista eg tilliten til dei heilt og fullt.


Då er det fint å reise til Haukeland, - der eg i motsetning har møtt legar og anna helsepersonell
som er istand til å fortelje kva dei ikkje veit eller kva dei ikkje forstår
og korleis dei går fram for å finne ut meir.




Det er trist lenkja til videoen ikkje verkar - men det skapar gode arabiske og palestinske matminne.
Hm - :-D  - videolenkja verkar tydlegvis stundom!


Etterskrift - eg hadde heilt gløymt at eg har to nye mjelkemuggekyr etter marknadshelga-
den eine fekk eg hjå Ingrid i EllenAntikk;-
ei blå som ser ut som ein nyare og betydeleg enklare kopi av denne blå nederlandske bjøllekyra,
medan den eg fann i ei brukthandlerbu bortom Eldhuset liknar
på desse kvite mjelkemuggekyrne.

torsdag 22. september 2011

Vakkert pyntebrød frå Gamlebakeriet


I dag har eg lært litt meir om fyring av steinomn, baking og steiking av pizza, pyntebrød og vanlig brød!
Det har vore ein kjempefin dag i Gamlebakeriet!
- eg har svært mange bilete - som eg må sortere og legge ut seinare.

Dei som ikkje ser at pyntebrødet har ein vinranke med vinblad
må vere svært fantasilause, - eg synest det ser heilt fantastisk ut!

Pizzaen vart steikt i omnen 4-5 minutt - sprø tynn botn og spanande blandingar oppå.

Dette skal eg gjere igjen!

Her har pizzaen vore i omnen 1-1/2 min!


Her er brøda dei 25 brøda ferdig steikte.
 
Eg legg ut fleire bilete på flickr.com "kuregister" etter helga! 



onsdag 21. september 2011

Resirkkyr og helgeførebuing


Kyra vart kjøpt inn til ein anna heim som toalettkosthaldar -
den vart aldri teken i bruk, gjerne grunna at duppeditten som skulle halde kosten, vart knekt.
Den førre eigaren var innom i sommar og såg kjøkkenglaset mitt
som den fornuftige dama ho er, såg ho at ho kanskje hadde ein ny heim til kyra.
Resirkkyra har passa på basilikumkrukka på kjøkkenbenken -
sånne små krukker lever ikkje så lenge,
resirkkyra sin posisjon er difor oppjustert endå meir
- til spisebordet -



Det lir mot Haustmarknad -
eg har ikkje vore aktiv med i arrangementet siste året,
så eg skulle berre... 

I tillegg fekk eg spørsmål om å ta del i Rosa-sløyfeaksjonen -
dvs. ein liten pre-start, sidan det er marknad.

Difor vert det litt informasjonsmateriell frå Brystkreftforeninga & innsamlingsbøsse på Eldhuset.
Resten ventar eg med til oktober.

Eldhuset serverer Lærdal husflidslag nysteikte vafler og kaffi/te og sel husflidsvarer.

I same lokale er også Jerikobui som er driven på dugnad av medlemer i Vennskap Jeriko-Lærdal.
Jerikobui deltek på dei to marknadane og er sommarope i Eldhuset på laurdagane juli&august,
då sel dei også varer for husflidslaget.

I morgon skal eg bake i Gamlebakeriet -
då vert eg nok såpass sliten, at eg bør ta helgevasken i dag!
Haustmarknad inneber tilreisande gjester!




søndag 18. september 2011

Lokkekyr og søndagsskule


Eg vart varsla om at denne smørkyra stod og viste seg fram i eine butikkvindauget til

På veg med utstyr og tepper til Eldhuset i dagtidleg - gjorde eg meg eit ærend i Øyragata
og gjekk heimatt med eit stort smil.
Denne måtte eg ha!

Størrelsen?
Bak lokkekyra/smørkyra
 ligg det ein heilt vanleg Ramona kniv frå Hardanger bestikk...

Den kan tildømes brukast til ein mørk sjokolade- eller konfektbit...,
det er sjeldan behov for porsjonssmør her i heimen!


Eg har vore søndagsskulelærar i dag -

Tidlegare har husflidslaget hatt nokre kurshelgar, men i det siste helst eindagerskurs.

Eg har vel skrive tidlegare om då eg fortalde at eg hadde
testa ein ny metode til å sy "flygande gjess"
- i relativt få operasjonar og utan svinn -
så enda eg opp med å foreslå at eg kunne ha søndagsskule på teknikken.
Sjølv om det er ganske god plass i lagshuset til Lærdal husflidslag
er ein del av plassen oppteken med varer til Haustmarknaden neste helg.
Når 4-5-6 damer skal byrje med å skjere stoff samstundes,
vert det gjerne litt trangt på dei borda som er gode til denslags.
Nokre kursdeltakarar har sydd lenge, medan andre er ferske i faget.
Eg har lenge hatt ynskje å laga teppe til Tepper som gleder-aksjonen til Bergen Quiltelag.

Dette var rette høve til å få hjelp til å sy teppet!
Eg kutta opp bitane til alle blokkene,
sorterte dei slik at stoffbitane til ei blokk var samla kvar for seg,
- og teikna skjere/klippelinja og nåla fast til første syoperasjon på desse.

Eg sydde eksempel på saum- klippe- og strykeoperasjonane og
la dei i rett rekkefølge, slik at alle kunne sjekke neste steg på benken der dei låg.
Rekna med at det var enklare å lære teknikken på den måten -
då visste ein kva bitar som måtte til når ein skulle skjere det sjølv
og det kunne vere tid til å forklare for kvar enkelt etter kvart som behovet melde seg.
Eg hadde eit panelstoff  -
Sy- og strikkebui i Sogndal har det enno og skulle nytte rosa stoff eg hadde etter roseteppet til Trønderinna.

- berre så det er nemnt Trønderinna er på Epla med Sløyfe & co -
nydelege bittesmå sløyfeøyredobbar!

Eg hadde altså ikkje rett storleik på mange nok rosa stoff med rett farge,
så eg enda opp med å handle 4 nye rosa og eit beige stoff.
Eg byrjar snart å få ei heil trådkorg med rosa stoff - bekymringsverdig!

Iallefall - alle skulle sy ei blokk før dei byrja med ein gryteklut eller løpar eller duk...
Dei fleste sydde fleire blokker og dei som ikkje hadde høve til å delta i dag,
får sydd kvar si blokk seinare i veka...
Etter at eg har sydd ferdig dei blokkene som viser arbeidsoperasjonane
- er teppet på det næraste ferdig -

Om nokon ynskjer det - kan eg bruke kviltearbeidet på teppet til å forklare korleis kvilte slike teppe i tildømes tre delar, før ein saumar det heilt saman...

Sissel K., leiaren i laget, hadde laga gryterett med salat og ris til oss -
vi hadde også kake til kaffien!

Med andre ord, det var eit velsigna greitt søndagsskulemøte!





   





fredag 16. september 2011

Med lyseblå beautybag for puppen!


Kan ikkje anna enn dele eit bilete av denne,
naturlegvis treng ei brystprotese ein oppbevaringsplass...
Slik kan ein beautybag for denslags altså sjå ut og slik vert den levert frå fabrikken -
eg var på bytur i går på prøving og handel på Rezepten.
Med 2 proteser i året - kan det ende opp i eit utal av beautybag'er!

Det tek litt tid før eg går rundt med brystprotesen - tidlegare kalla "kyllingfileten"
- no korrigert til "kalkunfileten" - ei meir presis beskriving av storleiken.
Testa den litt i går - har tydelegvis framleis litt tynn hud - så eg ventar til resten av utstyret kjem frå Tyskland, før eg brukar den over lengre tid...
Ei heilt hyggeleg og grei oppleving!
Ein vert registrert hjå første bandagisten der ein leverer protesetilvisinga -
seinare kan ein gå til kvensomhelst -
som dama sa, det er ein tilstand som ikkje går over - ein treng ikkje tilvising kvar gong!   
Naturlegvis!     

 Hadde gode kvilestunder både på China Palace, Cafe Opera og Cafe Aura -
ein fin måte å treffe fleire til ulike tider gjennom dagen!
I så måte mest stolt over at eg ikkje let meg friste av kaker verken på Opera eller Aura -
Libra gjev meg styrke til å stå imot freistingane - dette må gå bra!

Quiltekroken stod eg derimot ikkje imot freistingane
og på Nordli fann eg ei artig bok med dei 100 første orda ein bør lære på arabisk.
Den kjem kanskje til nytte no når alle barnehagane og skulane skal førebu seg på besøk
av unge frå vennskapskommuna.

 Ein nydeleg haustdag ventar der ute -
denne artikkelen er å finne på verdsvevsida til avisa frå dei heimlege strendene
Sunnmøringen
- eg skal sykle vel 9 kilometer innomhus, før eg er klar til å gå ut i den store vide verda! 

onsdag 14. september 2011

Bakaromnkurs i GamleBakeriet 22.september med Else "Sprossa" Rønnevig - og litt til!


Det er på tide å lære å bake - eg har meldt meg på kurs - neste torsdag!

Fyre bakaromnen, steike pizza, bake brød og steike på ettervarmen...
Det er Lærdal Bærekraftpilot som er arrangør.

Gamlebakeriet, eigd av Fortidsminneforeninga i Verneområdet på Lærdalsøyri
har ein omn som verkar - etter at pipe og omn vart sett i stand for nokre år sidan -
med hjelp frå så vidt eg minnest,- ulike fond og organisasjonar.


Teppa eg har laga sidan 1994 eller deromkrig -
er i utgangspunktet meint for vaskemaskin (og tørketrommel ).
Eg trur dette er det tredje større teppet eg laga - i såfall  for 16-17 år sidan  
i motsetning til eit av dei eg laga for 14-15 år sidan som vart "brukt opp" -
 så har teppet vore brukt fram til det siste.
Den ytterste kanten har vore utsliten ei stund - no har eg sett på ein ny og dobbel kant -
smal som ein lukkekant på baksida -
og 5 cm som dekkar det utslitne området på framsida...
Nokre av stoffa er like fine - andre har skifta mykje farge - nokre av dei hadde litt gulltrykk og
ein del har altså ikkje vore "sterke nok" til den bruken teppet har hatt.
No kan det nyttast ei stund til som koseteppe på Salen...

Her er teppet med dei japanske stoffa ferdig til vask -
har nytta tråklelim - likar at den er vekke før teppet vert teke i bruk...


Er litt nøgd med baksida - hadde ikkje høveleg baksidestoff - hadde eit halvt beige/kvitt som eg syntest eg kunne nytte - litt ubleika lerret har ein alltids - men ikkje nok til halve teppet - 
 hadde nokre omtrentleg 20 cm restestriper av dei japanske stoffa - nytta nokre til baksida i skråskoren form og resten som dobbel lukkekant saman med to WOF-striper av japanskliknande stoff...

Mest nøgd er eg at begge teppa er ferdige og klar for vaskemaskina og tørketrommelen! 


Etterskrift - eit nyvaska og nytørka teppe heng på trappegelenderet i andre høgdi - og kjølnar seg før det vert rulla saman og plassert i den eine sofaen på stova -
det kan sjå ut som om den ikkje kom lenger.

mandag 12. september 2011

Mange slags val - godt val!

Eg nyttar borgarretten min og stemmer på det partiet eg brukar å stemme.
I år har eg tilogmed sagt ja til å stå på lista, det har eg tidlegare sagt nei til - men i år står eg på trygg plass!
Trygg plass i denne samanhengen er midt på lista i følge dei som plar stå på liste -
ikkje i nederste del av lista,
då vert ein synleg og får eventuelt ekstrastemmer for det
og iallefall ikkje i øverste del om det hadde vore aktuelt, - der ein heller ikkje er usynleg.

I tillegg har eg valt å starta på eit nettkurs med Libra 
- det overordna målet er å kunne bruke bunaden min -
då må eg halde på lenge - der er nokre delmål eg tek sikte på i mellomtida!

I dag er eg ferdig med teppet med hovedsakleg japanske stoff.
Eg kunne valt å halde fram med stjerneteppet til han hin, - sidan det er raudt og har rett farge for dagen!
Eg kjem nok til å halde fram med det grøne&svarte teppet,
det er meint å vere eit sengeteppe i Sunnfjord.
No når eg har funne den greie måten med å kvilte tepper i tre delar, - slik at det ikkje er for tungt for meg.

Vi var i Provincen i helga - han hin plukka eple, pærer og plommer,
det var raskt gjort å plukke det som var modent.
Det er lite eple i år - med ein vinter som har krevd oss på andre felt,
 har vi heller ikkje klipt årsskot og gjort grunnarbeidet.
Det var ein kald vår, mykje regn og lite sol verkar også inn på frukthausten.
Det var eit naturleg val å ta og sidan ein del av frukta ikkje er feilfri,
vert det ein god del eplejuice i år - seier han hin.

Eg valde vekk å hjelpe til med den vesle frukthausten og sydde prøveeksempel for dei ulike "arbeidsoppgåvene" for den komande søndagsskulen,
Eg har funne nokre typiske barnestoff som kan nyttast til første prøveeksemplar,
då kan eg velje å gjere dei ferdige til Teppe til glede.
Eg veit ikkje om nokon har meldt seg -
prøveeksempla kan nyttast på ein vanleg lappesaumarmåndag også!
  
Eg valde å starte dagen med å sykle 9,2 km på ein halvtime i dag. Eg var godt i gang med denslags på Pusterommet på Haukeland, - dei store strålesåra gjorde til at det stogga heilt opp.
No er eg igang igjen!

Ynskjer alle ein god valdag!   

torsdag 8. september 2011

Mjølkeglas og Norsk Quilteblad - #kvardagslukke



Travle dagar treng gjerne avløysing av fredelege dagar - gårsdagen var eigentleg slik.
La Quiltebladet til sides då eg henta posten, - fordi eg skulle nyte det seinare.
Hadde sydd på lukkekanten på det japanske
og såvidt starta handsaumen på den, før eit møte i gårkveld.

Fekk ein blå mjølkekartong med helsing frå kona til ein av møtedeltakarane.
- breie smil og melding om å gje kona ein klem som takk! -

Kvilten på framsida av bladet fekk Hederspris og dommerens val på the Festival of Quilts 2011.
Kvilten "Dassehra" er laga av Bente Kultorp Andresen
127 cm x 167 cm. Foto NQF/ Merete Veian


tirsdag 6. september 2011

Søndagsskuleplanar

Eg skal vere søndagsskulelærar om det høver for dei potensielle elevane, - den 18.september.
I ein svak augneblink tidlegare i sommar hevda eg at eg kunne ha
kurs i Eldhuset i "flygande gjess" -
ein av variantane der ein syr mange samstundes.

I går fekk eg "kniven på strupen" av styret i husflidslaget - og måtte velge dato.

Flygande gjess kan nyttast i kombinasjonar i så mange blokker og som mangt anna,
kan dei saumast med 2 ulike stoff eller uendeleg mange.
Ein eller annan gong eg testa ut teknikkar før eg byrja på det egentlege saumarbeidet,
innsåg eg at det er ikkje så farleg om testblokker vert UFO'ar
- dei kunne alltids verte gryteklutar.

Eg ser føre meg at det er ein fordel iallefall før eg veit om nokon melder seg, at det kan tenkjast vere både ferske og meir drivne lappesaumarelevar. 
Difor har eg ein plan om å vise at ein gryteklut med lukkekant
i røynda har mykje av det same i seg som ein løpar, ein duk, eit krabbeteppe eller eit dobbelt sengeteppe.

Eg har ikkje gløymt tanken om at det trengst meir åttebladroser - derfor vert flygande gjess til åttebladrose.
På baksida, alternativt hi sida av grytekluten, kan det alltids vere berre flygande gjess.

No er det berre lukkekanten som manglar på neste teppe,
det går framover - du verda kor flink eg er å rydde i lageret mitt! 

har møteplassen sin på Lægreid hotell.


søndag 4. september 2011

Hageselskap og kugalskap

Vi sa ja takk til å delta på Hageselskapet på Sogn kunstsenter Gjesmesamlinga i går,
- gode kunstopplevingar - gode musikkopplevingar og gode matopplevingar!

Morten Johan Svendsen geleida oss gjennom utstillinga.
Vi har både sett utstillinga og høyrt han fortelje om den før,
- denne gongen var den positivt prega av at han hadde fått andre innspel og historier i løpet av sesongen.

Opningsutstillinga til Sogn Kunstsenter har vore
Figurer og fortellinger, Norsk samtidskunst fra Astrup Fearnley Samlingen er open fram til 9. oktober.

Norsk figurativ kunst fra samlinga til Astrup Fearnley Museet - eller slik museet seier det:

- "en kunstnerisk opplevelse som presenterer noen av de fremste innen norsk kunst de siste 40 år.
- Det nye kunstsenteret i Lærdal er et praktfullt byggverk som står i et vakkert landskap. Denne unike konteksten vil skape nye muligheter og utfordringer for både kunstnere og besøkende. Vi ser fram til flere ambisiøse utstillinger og et fruktbart samarbeide."

Også denne gongen er det eit bilete av Ørnulf Opdahl eg gjerne skulle ha funne ein plass i heimen,
- medan han hin likte eit av Bjørn-Sigurd Tufta svært godt.

Lærdalsmat leverte maten - hjortegryte og eplekake med godt tilbehør.

Marita Vangen Bratteteig og Gudmund Bolstad Skjær var ein fryd å høyre i to bolkar med tekstar av
Bertolt Brecht  - den eine med musikk av Kurt Weill,  den andre med musikk av Hanns Eisler.


Tidlegare på laurdagen hadde vi gyldig ærend til ein tur til Sogndal,
det enda med litt meir enn synåler på Sy- og strikkebui.

To nye kyraprodukt er kome i kyrasamlinga.
Ein ny nøkkelring med ei utflata kyr med ville auge.
- og to par strømper med sånne anti-skli prikkar! 
han hin insisterte på at eg kanskje i spesielle høve kom til å ville bruke kyrastrømper -
i den augneblinken ville dei vere synleg brukte, difor vart det 2 par!

No byrjar komers'en for alvor å oppdage svakheitene hjå oss med kugalskap!



torsdag 1. september 2011

Eit langt år - med dei beste tankar om mange nye år!





Ein Sunnfjordsdag skreiv eg for eit år sidan.

I morgon er eg ferdig med første boksen med Tamoxifen som eg starta med då strålinga starta, ikkje då operasjonen var ferdig som eg huska det som her eine dagen.

Sola skin, - eg gjer litt ymse verdsvevarbeid og litt handsaum på det japanske - fingrane mine vert gretne når det er mykje handsaum - så pauser er tenlege!

Dette er ei av dei mange kyraoppskriftene eg har på lager.
Eg har samla dei no etterkvart, - då huskar eg dei og kan gle meg til dagar med mindre handsaum - eit alternativ er å låne dei vekk til Trønderinna - ho treng sikkert litt pauseunderhaldning!

Fine haustdagar - ein tur utom i Provincen i morgon grunna gravferd.
Vi køyrer langs nordsida av fjorden og over fjorden med ferge.
Seinare på dagen fer vi over Vikafjellet og Aurlandsfjellet.
Frisøren på seinsommarferie og vi nyttar høvet til å nyte fjord og fjell i grenselandet mellom Indre Sogn og Nordhordaland.