onsdag 28. september 2011

Tankar i lys av det eg skreiv for eit år sidan




Eg har sydd i Eldhuset i dag, - og det hadde eg i følge bloggen
tenkt å gjere 28.september 2010 også,
  - eg les at eg hadde tenkt å ta opp tråden etter kvelden før

Det var 9 dagar til reisa skulle starte for oss som skulle delta på 10.000 års jubileumsfesten i Jeriko.
No er det 15 dagar til ei gruppe jerikanarar kjem på vitjing her.

Eg hadde lenkja til Sissel Wold sin artikkel om Lyden av Jerusalem -
denne gongen høyrer ein kva utanriksministeren i USA meiner om byggeplanane 
av 1100 bustadar i Aust- Jerusalem.
Dessutan gleda som kom fram då president Mahmoud Abbas hadde levert søknaden
om medlemskap i FN i New York.
Likar meldingane frå talarstolen at Noreg stiller seg bak palestinarane.
Og vert lei meg når eg les det Kjetil Nilsen fortel i bloggen Checkpoint Vestbredden
om "Skriket" - det nye våpenet.


Eg syntest det stod dårleg til med reingjering i heimen i 2010, - eg var sliten!
I dag har eg vaska vindauge og stryk både hardangersaumkappene og dei kvite lingardinene til stova.
Gjorde det same på spisestova i går, - gjorde ikkje så mykje meir.
Vert sliten no også, - men på ein annan måte.

Ein Haustmarknad som den i år - førte til 2 dagar med ekstra mykje kvile og sømn,
- og det er verdt det!
Slik rapporterer Porten frå marknaden.


På fredag er det 1 år sidan eg fekk telefonen på jobb frå sjukehuset i Førde om at denne gongen hadde dei greidd å treffe den 4 cm kulen i brystet og at det var kreftceller i den.
På tysdag skal eg på første kontroll på Haukeland -
det følest trygt å reise dit.

Eg har sjølv valgt å få oppfølging der -
er glad for at det er mogeleg å velge vekk det sjukehuset ein høyrer til.
Etter at kreftlegen og kreftsjukepleiaren på Helse Førde valde å ikkje informere meg -
fordi dei meinte at eg ikkje hadde godt av å få vite kva
dei trudde dei hadde funne i skallen i mars 2011, -
mista eg tilliten til dei heilt og fullt.


Då er det fint å reise til Haukeland, - der eg i motsetning har møtt legar og anna helsepersonell
som er istand til å fortelje kva dei ikkje veit eller kva dei ikkje forstår
og korleis dei går fram for å finne ut meir.




Det er trist lenkja til videoen ikkje verkar - men det skapar gode arabiske og palestinske matminne.
Hm - :-D  - videolenkja verkar tydlegvis stundom!


Etterskrift - eg hadde heilt gløymt at eg har to nye mjelkemuggekyr etter marknadshelga-
den eine fekk eg hjå Ingrid i EllenAntikk;-
ei blå som ser ut som ein nyare og betydeleg enklare kopi av denne blå nederlandske bjøllekyra,
medan den eg fann i ei brukthandlerbu bortom Eldhuset liknar
på desse kvite mjelkemuggekyrne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar