onsdag 23. februar 2011

Basarteppe utan lukkekant

også denne gongen nytta eg Mysa dyne frå Ikea - og laga eit tjukt teppe -
neste teppe vil eg nytte ein tynnare versjon!


tirsdag 22. februar 2011

Bittelita pause i kviltinga av det raude teppet!


Denne kua måtte eg berre dele - eg greidde ikkje berre å legge ved lenkja til Mycdesign. Her er lerret og ku sameina, - berre av den grunn burde eg ha vore kjøpar! Mengda av kyr har auka mykje sidan siste fotografering til Kuregisteret -!

Har nokre saumar igjen på det raude, - du oppe på Ljøsne som etterlyste bilde, - det kjem i løpet av dagen!

- og Porten melder at aordølene snart er klare for sitt eige Politkk og musikk arrangement - eg satsar på at eg toler CGkuren godt  på tirsdag - for dette skal eg få med meg på onsdag 2. mars! Grunna 3 netters sjukehusovernatting i Førde - fekk eg ikkje med meg arrangementet i Øvre - her beskrive av Porten og Sogn avis .

tirsdag 15. februar 2011

Kviltateppe for Frilund















I dag skal eg sy heilt ferdig toppen til "det raude teppet".
Eg har tinga hjelp til å få strekt ut og limt det raude teppe eg har hatt på gang kortast tid, - då må eg vere heilt klar når hjelpa melder seg!

Han hin kom heim frå eit møte i går, der framtida til ungdomshuset Frilund vart drøfta. Vert det noko arrangement eller utlodning allereie i påska, så må eg ha levert det eg har sagt i årevis - eg kunne lage eit teppe for å få nye gardiner i storsalen...
Sidan eg vert operert før påske - og ikkje veit kor lang tid det tek før eg kan gjere slikt igjen - er det best å få kvilta teppet no. Det er ikkje sikkert dei vil ha teppet,- i såfall reknar eg med at einkvan organisasjonen treng noko til si utlodning.

Nye gardiner er nok ikkje DET som har høgaste prioritet - men eg har tenkt å gjere min del av avtalen, - med meg sjølv!

Fann denne historia frå 1933 på Digitalt fortalt då eg søkte etter meir informasjon på verdsveven. Frilund er teikna av arkitekten Johan Lindstrøm i nyklassisistisk stil. Bildet er henta frå GLG sine bilde på Flickr - Fleire Flickrbilde frå Øyri.

Elles er det ikkje grenser kva ein kan lære på økologiske skular i nærleiken - Kurs i argentisk tango er naturlegvis eit tilbod som vert gjeve i mars på hi sida av Lærdalstunellen på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

søndag 13. februar 2011

Morskap på morsdag





Eg fann den på Solveig si side og boblelatteren kjem kvar gong eg ser videosnutten - eg har naturlegvis nytta den i fleire sosiale media - FB, Twitter og på bloggen - på slik ein dag!
Det er kaldt og vi fyrer godt med fruktved i omnen!
Vi er heldige og har vorte invitert på søndagsmiddag litt lengre nede i gata!
Etterpå vert det Politikk og musikk på storstova på Lærdalsøyri skule klokka 19, berre fordi vi synest det er viktig å vise at sjukehus er viktig!
Har venta lenge på ei lenkje til eit eller anna medieorgan som også var på den stunda i Storstova...
- som representant for dei gode kreftene må eg vise til jostedølene Oddmund L. Hoel og Kine Svori!
- og for dei som ikkje rakk det - det vert eit "tilsvarande" arrangement i Øvre 2.mars!
Endeleg på onsdag kom Porten med noko frå arrangementet!

lørdag 12. februar 2011

På tide med litt rørsle - men ikkje ute i -15...

I går sov eg, - det må ha vore bortimot 20 av 24 timar... - og hadde vondt i heile kroppen i går kveld - fordi eg ganske enkelt ikkje hadde vore i rørsle.
CG og denslags, gjer slikt med kroppen.
All anna uro i verda vår, både den nære og fjerne, gjer det nok ikkje enklare...
- men eg er ikkje klar for spasertur i kulden - det er meir kos under eit kviltateppe!
Eg får sørge for å vere i jamn rørsle, sånn at eg er klar til å gå på konsert for sjukehuset vårt i morgonkveld.
Startar med ein tur på syrommet på øverste loftet, - kan flytte litt stoff, omorganisere og rydde litt og sjå på vakre fargar - det er sport på tv'en der også!

fredag 11. februar 2011

Litt meir enn kosmetisk snø - må ut og koste så postmannen kjem fram










...byrjar å gå opp for meg at eg har rekonvalesentperiode i vente - innkallingsbrevet frå Haukeland kom i går, - det inneheldt også tips til korleis ein skulle forhalde seg til heimehjelpa...
Det vert nok lite MC-køyring i sommar, - men eg er SÅ klar for vårteikn!

onsdag 9. februar 2011

Lyseblå morgonhimmel med lyserosa skjær - litt sol øvst i fjella


Teksten og plakaten har Bente Øien Hauge lagd ut på FB
Solidaritetskonsert for sjukehuset: "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt!"


Lærdal sjukehus har vel aldri vore så truga som no. Helseministeren skal snart avgjere framtida for fødetilbodet og resten av sjukehuset. Det er ikkje mange som vil godta at eit velfungerande lokalsjukehus skal reduserast til 15 medisinske senger og nokre poliklinikkar, slik Helse Førde og Helse Vest har vedteke. Med "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt" vil arrangørane gje folk eit høve til å vise at ein ikkje har gitt opp kampen. Då passar det godt at ein har fått ein gjest frå Stortinget til å vere med oss; medlem av Helse- og omsorgskomiteen Geir-Ketil Hansen (SV).

Idéen til konserten kom opprinneleg frå Lærdal Musikklag, og det har vore lett å få med seg andre musikalske utøvarar frå Indre Sogn på å lage eit variert program. Både Årdalstangen og Flåm Musikklag stiller opp. Kine Svori kjem med tradisjonsmusikk frå Jostedalen, Odd Tore Moen tek turen frå Årdal og Vilde Skjerdal frå Aurland, medan Knut Isdal Lindstrøm, Ida Skjerping Mo, Dick Jan Zwart og Gudmund Bolstad Skjær alle er frå Lærdal. Også Lærdal Trekkspelklubb stiller opp. Kjente og kjære Longhorn avrundar konserten med sjukehussangen.


Det blir korte appellar fra ulike ståstader. Både ungdommar, pensjonistar, næringsliv, politikarar og takknemlege pasientar vil gje lyd frå seg.


Arrangørane Lærdal Musikklag, Lærdal frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus håpar på fullt hus i Storstova på Lærdalsøyri skule søndag kveld. Konserten er gratis, men det er bøsseinnsamling til sjukehusaksjonen



Det går mot vår - først er det både nedbør og kulde i vente...

Tilstanden er god og doktoren sa ho (også) ser store endringar på 3 veker. Den første kuren med sterkare lut enn dei fire første verkar altså som lova (i.e. ein coctailblanding av ulike cellegifter), den andre fekk eg i går. Dei tre ulike kvalmestillande midla verkar også.. Den eine er berre 3 kapslar, 1 pr dag, kostar 600 kroner. Det fortalde apotekteknikaren i går då eg fann rette resepten og kommenterte at den hadde så flott innpakning, - det kan den visserlegen ha, - er litt dyr i drift fortida men har det godt...

Var innom Trapp ned på litt handel - der heldt damer frå Førde Quiltelag på å organisere for kveldens møte. Eg hadde lyst å sjå korleis dei arrangerte Tepper gleder-aksjonen sin. Men eg hadde ikkje så mykje energi, å tinge skyss til og frå lokalet deira og vere aktivt tilstades på møtet, var meir enn det eg kunne greie.
Eg sat eit par timar på Pikant, åt god middag med Tytebærparfait til dessert og ei stund på venterommet på Firda billag. Den vesle laptopen var med og eg fann spanande tidsskrift på Narvesen - så det sto ikkje på.

Då eg helste på bussjåføren, visste eg det ville verte ein god tur heim  - eg sov mesteparten av tida! Besteforeldra hans var mine oldeforeldre.
Likar stødige sjåførar som veit å køyre på dårleg brøytte og isete vintervegar også.

mandag 7. februar 2011

Nylaga appelsinmarmelade - det er godt det!

Vi var på vitjing til vertane på Sanden pensjonat og fekk toast med appelsinmarmelade og te til søndagslønsj
- og vi var heldige og fekk med eit glas heimatt også.

I dag har frukosten vore rista grovbrød med appelsinmarmelade og gamalost frå Vik - kortreist pålegg...
Det er ei veke med fleire møte og med ein tur til Førde i morgon i tillegg, - så eg har mjukstart berre fordi det trengst.
Dagane går litt fortare når ein ikkje er topplada og treng litt lengre middagskvilder,- men eg har minst like store behov for trivelege stunder.

Den nye cellegifta medfører litt fleire følgefeil - men ikkje verre enn at det kan ordnast med nokre fleire dropar; - for å stogge rennande væske i augo og nokre pillarar; - for å få fart på altfor mykje væske i resten av kroppen!

Eg ryddar og omorganiserer på syloftet mitt, -
og planlegg både med langtidsperspektiv - sy ferdig fleire teppe;-
slikt som godt kan vere ferdig denne veka - lage ein stabel med Boobs;-
og i dag - gjere ferdig lappesaumen på eit raudt teppe!

- eg har dessutan teikna ut mønstra til Lise si nettveske - vert den vellukka så har eg plan om å lage den til fleire både i dongeri og lin...

Oppskrifta på nytelsen er frå Cappelens kokebok -
(og han poengterer at han nyttar kun bitterappelsiner!)

1 kg appelsin
1 l vann
1,8 kg sukker
2-3 ts sitronsyre

Del appelsinene i 4. Fjern steinane (- over en bolle, slik at du fanger opp safta!).
Ta vare på steinane (pektin)! Prosessen er lettare dersom du tek av skalet. Skjær opp båtane. Snitt skalet fint. Hell over vatnet og la det stå i 24 timer, med appelsinsteinene innpakka gas heiter det i oppskrifta. (Han har dei i ein rustfri sil som han dyttar ned i massa).

Kok under lok i 45 min. Ha i sukkeret og kok i 45 min til. Ta geleprøva. Er marmeladen tjukk nok, rører du ut sitronsyre i 1 ts kaldt vann og rører det inn i marmeladen. Ha på sterile glass og ha på loket. Evt. avkjøl i opne glas og hell på smelta syltevoks neste dag.

onsdag 2. februar 2011

Inspirasjon i februar - pupp og hjarte!

... var til Bergen og såg den nye heimen til Bystudenten og Trønderinna i går.
Teppet var veldig rosa der det låg på senga deira, - det er godt å vere ferdig!

Eg har mange godt starta store prosjekt og vil freiste å ferdiggjere litt etterkvart. Naturlegvis kan eg ikkje unngå å starte med nokre små nye...





- sjå Mrs Moen sitt bidrag til  One world one heart 2011  -"Ei verd - eit hjarte 2011" og naturlegvis kunne eg ikkje dy meg for å melde frå at eg godt kunne tenkt meg å vinne den.

Mrs Moen har også ein annan aktuell blogg & prosjekt saman med Kreftforeninga  Make a boob - eller "Lag ein pupp" , med mål om å lage 1000 CDstore kvilta stoffrundingar innan slutten av mars.

Det må eg naturlegvis delta på, - eg var til kirurgen på Haukeland i går - han planlegg å skjere og sy på meg rett før påske. Eg treng nok ein pent dekorert stoffboob tidleg i april!

Bloggen Quilt it er av dei eg stendig gler meg over, ho har også eit "Make boob"-innlegg.

Meir om prosjektet:  Make a Boob er eit prosjekt knytta til Kreftforeninga med desse hovudmåla:

- tilby brystkreftramma å delta i verkstadar der ein dekorerer "boobs". Desse verkstadane "workshops" skal settast opp i samarbeid med den lokale (Rogaland) avdelinga av Kreftforeninga. Deltakarane kan velge å behalde arbeidet sitt eller å gje det til prosjektet Make a Boob Art

- sørge for bevisstgjering og engasjement knytt til brystkreft gjennom samle inn stoffsirklar med CD som mal og lage møteplassar for å dekorere desse sirklane - samle inn dekorerte sirklar - lage kunstkviltar av desse. Minst ein av desse kviltane vil bli gjeven til Kreftforeninga og dessutan skal det lagast ei utstilling med  Make a Boob Art.
Mrs Moen inviterer alle til å delta i forprosjektet!

Eg er også inspirert til å lage nokre hjarte i dette mønsteret frå Free Patterns from Sophie Junction, desse også er ein del av eit større prosjekt Block lotto - bloggen - eg må nok innrømme at eg førebels har planar om å behalde dei hjarta!

I kveld vert det tur på museet på Kaupanger for å høyre på Bjørg Hovland.