mandag 7. februar 2011

Nylaga appelsinmarmelade - det er godt det!

Vi var på vitjing til vertane på Sanden pensjonat og fekk toast med appelsinmarmelade og te til søndagslønsj
- og vi var heldige og fekk med eit glas heimatt også.

I dag har frukosten vore rista grovbrød med appelsinmarmelade og gamalost frå Vik - kortreist pålegg...
Det er ei veke med fleire møte og med ein tur til Førde i morgon i tillegg, - så eg har mjukstart berre fordi det trengst.
Dagane går litt fortare når ein ikkje er topplada og treng litt lengre middagskvilder,- men eg har minst like store behov for trivelege stunder.

Den nye cellegifta medfører litt fleire følgefeil - men ikkje verre enn at det kan ordnast med nokre fleire dropar; - for å stogge rennande væske i augo og nokre pillarar; - for å få fart på altfor mykje væske i resten av kroppen!

Eg ryddar og omorganiserer på syloftet mitt, -
og planlegg både med langtidsperspektiv - sy ferdig fleire teppe;-
slikt som godt kan vere ferdig denne veka - lage ein stabel med Boobs;-
og i dag - gjere ferdig lappesaumen på eit raudt teppe!

- eg har dessutan teikna ut mønstra til Lise si nettveske - vert den vellukka så har eg plan om å lage den til fleire både i dongeri og lin...

Oppskrifta på nytelsen er frå Cappelens kokebok -
(og han poengterer at han nyttar kun bitterappelsiner!)

1 kg appelsin
1 l vann
1,8 kg sukker
2-3 ts sitronsyre

Del appelsinene i 4. Fjern steinane (- over en bolle, slik at du fanger opp safta!).
Ta vare på steinane (pektin)! Prosessen er lettare dersom du tek av skalet. Skjær opp båtane. Snitt skalet fint. Hell over vatnet og la det stå i 24 timer, med appelsinsteinene innpakka gas heiter det i oppskrifta. (Han har dei i ein rustfri sil som han dyttar ned i massa).

Kok under lok i 45 min. Ha i sukkeret og kok i 45 min til. Ta geleprøva. Er marmeladen tjukk nok, rører du ut sitronsyre i 1 ts kaldt vann og rører det inn i marmeladen. Ha på sterile glass og ha på loket. Evt. avkjøl i opne glas og hell på smelta syltevoks neste dag.

3 kommentarer:

  1. - og kvar i all verda finn ein bitterappelsiner?
    Appelsimarmelade, toast, og Earl Grey med mjølk i - and you 'll have me speaking English in no time at all.
    Eg har også teikna opp den veska - for veldig lenge sidan. Men sy den - det er ei heilt anna sak. Trur eg må leite litt for å finne den teikningen :o)
    Berre gifta verkar, så får du heller tole litt plager, eller? Tenkjer på deg i morgo.

    SvarSlett
  2. Han brukar handle hjå Gutta på Haugen i Ullevålsveien 45 i Oslo.

    Så lenge gifta verkar - og eg har kontaksjukepleiar og kontaktlege som eg kan spørje når ting endrar seg - så er alt greitt!
    Takk for gode tankar!

    SvarSlett
  3. syns det høres godt ut med appelsinmarmelade og toast og flott ut med langtidsplaner for kommende lappetepper!

    SvarSlett