... var til Bergen og såg den nye heimen til Bystudenten og Trønderinna i går.
Teppet var veldig rosa der det låg på senga deira, - det er godt å vere ferdig!
Eg har mange godt starta store prosjekt og vil freiste å ferdiggjere litt etterkvart. Naturlegvis kan eg ikkje unngå å starte med nokre små nye...
- sjå Mrs Moen sitt bidrag til One world one heart 2011 -"Ei verd - eit hjarte 2011" og naturlegvis kunne eg ikkje dy meg for å melde frå at eg godt kunne tenkt meg å vinne den.
Mrs Moen har også ein annan aktuell blogg & prosjekt saman med Kreftforeninga Make a boob - eller "Lag ein pupp" , med mål om å lage 1000 CDstore kvilta stoffrundingar innan slutten av mars.
Det må eg naturlegvis delta på, - eg var til kirurgen på Haukeland i går - han planlegg å skjere og sy på meg rett før påske. Eg treng nok ein pent dekorert stoffboob tidleg i april!
Bloggen Quilt it er av dei eg stendig gler meg over, ho har også eit "Make boob"-innlegg.
Meir om prosjektet: Make a Boob er eit prosjekt knytta til Kreftforeninga med desse hovudmåla:
- tilby brystkreftramma å delta i verkstadar der ein dekorerer "boobs". Desse verkstadane "workshops" skal settast opp i samarbeid med den lokale (Rogaland) avdelinga av Kreftforeninga. Deltakarane kan velge å behalde arbeidet sitt eller å gje det til prosjektet Make a Boob Art
- sørge for bevisstgjering og engasjement knytt til brystkreft gjennom samle inn stoffsirklar med CD som mal og lage møteplassar for å dekorere desse sirklane - samle inn dekorerte sirklar - lage kunstkviltar av desse. Minst ein av desse kviltane vil bli gjeven til Kreftforeninga og dessutan skal det lagast ei utstilling med Make a Boob Art.
Mrs Moen inviterer alle til å delta i forprosjektet!
Eg er også inspirert til å lage nokre hjarte i dette mønsteret frå Free Patterns from Sophie Junction, desse også er ein del av eit større prosjekt Block lotto - bloggen - eg må nok innrømme at eg førebels har planar om å behalde dei hjarta!
I kveld vert det tur på museet på Kaupanger for å høyre på Bjørg Hovland.
Tusen takk for kommentar på bloggen min !
SvarSlettHar tittet i din blogg, veldig koselig og flott blogg :) og litt av en kusamling du har !
Ha ei god helg !