onsdag 9. februar 2011

Lyseblå morgonhimmel med lyserosa skjær - litt sol øvst i fjella


Teksten og plakaten har Bente Øien Hauge lagd ut på FB
Solidaritetskonsert for sjukehuset: "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt!"


Lærdal sjukehus har vel aldri vore så truga som no. Helseministeren skal snart avgjere framtida for fødetilbodet og resten av sjukehuset. Det er ikkje mange som vil godta at eit velfungerande lokalsjukehus skal reduserast til 15 medisinske senger og nokre poliklinikkar, slik Helse Førde og Helse Vest har vedteke. Med "Politikk og musikk for lokalsjukehuset vårt" vil arrangørane gje folk eit høve til å vise at ein ikkje har gitt opp kampen. Då passar det godt at ein har fått ein gjest frå Stortinget til å vere med oss; medlem av Helse- og omsorgskomiteen Geir-Ketil Hansen (SV).

Idéen til konserten kom opprinneleg frå Lærdal Musikklag, og det har vore lett å få med seg andre musikalske utøvarar frå Indre Sogn på å lage eit variert program. Både Årdalstangen og Flåm Musikklag stiller opp. Kine Svori kjem med tradisjonsmusikk frå Jostedalen, Odd Tore Moen tek turen frå Årdal og Vilde Skjerdal frå Aurland, medan Knut Isdal Lindstrøm, Ida Skjerping Mo, Dick Jan Zwart og Gudmund Bolstad Skjær alle er frå Lærdal. Også Lærdal Trekkspelklubb stiller opp. Kjente og kjære Longhorn avrundar konserten med sjukehussangen.


Det blir korte appellar fra ulike ståstader. Både ungdommar, pensjonistar, næringsliv, politikarar og takknemlege pasientar vil gje lyd frå seg.


Arrangørane Lærdal Musikklag, Lærdal frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus håpar på fullt hus i Storstova på Lærdalsøyri skule søndag kveld. Konserten er gratis, men det er bøsseinnsamling til sjukehusaksjonen



Det går mot vår - først er det både nedbør og kulde i vente...

Tilstanden er god og doktoren sa ho (også) ser store endringar på 3 veker. Den første kuren med sterkare lut enn dei fire første verkar altså som lova (i.e. ein coctailblanding av ulike cellegifter), den andre fekk eg i går. Dei tre ulike kvalmestillande midla verkar også.. Den eine er berre 3 kapslar, 1 pr dag, kostar 600 kroner. Det fortalde apotekteknikaren i går då eg fann rette resepten og kommenterte at den hadde så flott innpakning, - det kan den visserlegen ha, - er litt dyr i drift fortida men har det godt...

Var innom Trapp ned på litt handel - der heldt damer frå Førde Quiltelag på å organisere for kveldens møte. Eg hadde lyst å sjå korleis dei arrangerte Tepper gleder-aksjonen sin. Men eg hadde ikkje så mykje energi, å tinge skyss til og frå lokalet deira og vere aktivt tilstades på møtet, var meir enn det eg kunne greie.
Eg sat eit par timar på Pikant, åt god middag med Tytebærparfait til dessert og ei stund på venterommet på Firda billag. Den vesle laptopen var med og eg fann spanande tidsskrift på Narvesen - så det sto ikkje på.

Då eg helste på bussjåføren, visste eg det ville verte ein god tur heim  - eg sov mesteparten av tida! Besteforeldra hans var mine oldeforeldre.
Likar stødige sjåførar som veit å køyre på dårleg brøytte og isete vintervegar også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar