fredag 20. januar 2012

Attende på Montebellosenteret


Tilbake på Montebellosenteret i Mesnali -
buss til Lillehammer og taxi hit i ettermiddag.
Kurset startar med middagen -
eg har allereie vore ute på spasertur til sentrum, i.e. Jokerbutikken!

Eg gler meg til ei ny veke!

onsdag 18. januar 2012

Etterkontrollert - det går mot vår og lysare tider!

Eg var hjå mannen med den vakraste stemma i går -
onkologen i Parkbygget på Haukeland.
Det var hyggeleg å vere hjå han i går også
 - han gjev meg tryggleik - han gjer meg godt!
og som vanleg helsa han då eg gjekk "ha god helse!"
Etterpå var det feiring av 100-årsjubileet for Haukeland - BT har meir historikk i denne artikkelen.
Om morgonen vart det servert 2000 varme kakaokoppar og 8500 ferske muffins
- då var det gjerne litt meir jamn trafikk
Då eg var der og fekk eit marsipankakestykke - var det stinn brakke :-D8!
 Det var fleire enn dei som freista å kome gjennom med rullestol som sleit.
25 - "nesten kvadratmeteren" store marsipankaker vert i artikkelen nemnt som nok kake til 2000...

Naturlegvis vart det heile feira med nydelige pannekaker med fyll
saman med Bystudenten, Trønderinna og Vertinna i Vognstølen på Pygmalion.

I allersiste bui eg var innom - Botanica eg egentleg ikkje nok hender -
men eg ville handle orkide til det bursdagsselskapet
eg skulle på etter eg var heimkomen med bussen.
Der var denne vårlege grøne kyra -
og desse to særs nøgde kyrne.

Naturlegvis måtte alle vere med heimatt
- og så lenge han hin kom på busshaldeplassen og kunne hjelpe å bære alle bæreposane -
gjekk det greitt!

lørdag 14. januar 2012

Eplekvilepute

Denne puta er eigentleg eit resultat av Miranne sitt kurs i Eldhuset
ein gong i fjern fortid med
Convergence-teknikken til Ricky Tims.
Planen var at det skulle vere ein veggkvilt.
No var løysinga å lage pute,
med framsidestoff som bakside.
Sidan resten av det grøne stoffet med glidande overgang lyst/mørkt
og eplestoffet manglar i dei ulike variantane av farge&temasorterte stoff -
er nok begge samla i ein eller annan pose eller boks for igangverande prosjekt.
Difor vart det djupraudt linstoff med konvoluttopning på baksida.

Den store puta skal til den store sofasenga på stova i Provincen.

Eg flyt framleis på ferdiggjeringsbølga - det er greitt å vere der...
er fullt klar over at eg har tre nesten ferdige store quiltar
men eg satsar på stigande formkurve!
Det vert nok meir korstingsbrodering på Bystudenten sine bunadbukseselar,
eg bør ta ei avgjerdsle kva slags variant av bunadsskjortebroderi
han skal ha - i.e. eg skal sy,
før eg skal innom Husfliden i by'n på tysdag.

torsdag 12. januar 2012

Kveldsspaserturveske!



Redesign og gjenbruk og ferdiggjering!
Eg er særs nøgd med  å ha gjort "tre ting i eitt" 
lises myke pakker - kallar det for ei nettveske - her er mønstra!
Eg har sydd ei før, denne til Trønderinna,
med resteblokker frå det eine store rosaprosjektet.

Dongerybuksa er ei som han hin har hatt.
Foret er gardiner eg kjøpte for eit par og tjue år sidan -
dei har vore lagra lenge, - svært lenge og eg har meir...
To lommer og nøkkelhankkrok inni og
ei dongerylomme og refleksband på begge utsidene...
Med denne veska treng eg ikkje huske å ha refleks i lomma
om eg skal på eit kveldsmøte eller kveldsbesøk og treng eitkvart å bere i!
Uansett eg reknar det for å vere ei berekraftig veske.




mandag 9. januar 2012

Redesigna dråkungput

Nabojenta Anni på Nordmøre for omtrentleg 20 år sidan, hadde bruk for ei golvpute.
Ei slik stor ei ein ligg på golvet på - bruke som sitjepute...
Eg laga ei pute til henne, det var mor hennar som kalla den for "dråkungput".
(dråkung = jentunge og put' = pute).
Eg laga ei til oss også, - utan at eg gav den nemninga hynkylpertpute
eg har alltid tenkt på vår som dråkungput.
Puta låg på golvet eller i skuvsenga vi nytta når såg på svart/kvitt TV'en vår -
også då syntest eg TV med hovudplass i høve sofaen er ein uting.

Seinare har puta helde til på TVkikeplassar...
Puta av 4x4 blå tømmerkoieblokker vart degradert sist haust,
den var totalt utsliten av vask og bruk...

Men redesignhjartet mitt banka då eg fann ut at
det eigentleg var dei midterste 4 blokkene som var utslitne.

Eg har spretta opp heile puta med kvilting, rammer og konvoluttlukning bak
og laga eit nytt trekk av 3x3 blokker til stolen på biblioteket.
Relativt tett kvilta med blå sterkt tråd gjennom fleire lag -
Blokkene har mista litt fasongen, så perfekt kvilting var ikkje heilt naudsynt.

HÅG-stolen med alle funksjonane i orden
 har ei fortid som arbeidsstol på jobb, med manglande hardbrukstoff!
Dei vart utskifta i bolkar grunna slitasjen i framkant,
vi kunne setje oss på ynskjeliste for tildeling av stolar.
Det høver så godt å lage ekte redesigntrekk på gjenbrukstolar!
Litt prektig - naturlegvis også avdi eg er ferdig med prosjektet!


Den andre stolen min har fått trekk som høver på syrommet og den rosa/lilla ryggputa...
Ikkje det at eg ikkje har møbelstoff og andre grove stoff,
resultatet er uansett to ferdigstillte prosjekt!









Stautaste bunadbærar

Fanabunaden til Bystudenten veks fram -
og naturlegvis utfrå min ståstad har eg heilt rett i overskrifta!

17.mai skal den vere ferdig - bukseselane med litt moderleg medverknad,
 Gudmor Kari syter for spøtastrømpene
og Anne Kari syter for pedagogisk støtte på skjortesaumbroderinga!
Verda vert alltid litt lettare om ein går til dei meir erfarne for hjelp og råd!

Det allermeste tek Husfliden i by'n seg av -
neste veke er det ny etterkontroll på Haukeland -
då må avgjersla vere teken om kva for ein skjortesaum som skal velgast.

Bunadsgruppa hjå Fana Ungdomslag gav i 2004 ut eit hefte:
"Fanabunaden Tradisjon og variasjon Skjorter til menn nr 1-5. Prydsaum med rettleiing."
Den er for sal hjå Husfliden i by'n, i tillegg til Husfliden sin eigen variant.



I går ettermiddag var eg og han hin på stavgangtur på elvebryggja langs Elvi.
Eg har ikkje heilt førlegheit i skuldra etter operasjonen i april,
stavgangen aktiviserer og varmar opp - lettare å tøyge der det strammar.
I ettermiddagsskumringa tok eg mange bilete
- her er to av dei!

Knuts bru med Kunstsenteret for enden av "Vetlaelvi".

Frå Gamle holdeplass nedover nederste del av Øyragata og heile Gamlegata!


tirsdag 3. januar 2012

Minuttene


Minuttene

Vi er minuttene.
Hør som vi går!
Time for time.
År efter år.

Vi går som ebbe
og flo ved din strand,
livsminuttenes
tidevann.

Hva fikk du levd i oss?
Hva fikk du gjort?
Uavbrutt renner vi
bort, bort.

Alltid en bølge som
ruller forbi:
Det som bestandig blir
borte, er vi.

Riker går under,
og sekler tar slutt.
Ett blir tilbake:
et levet minutt.

Det korteste var
hva de færreste rakk.
Tikk! sa ditt pendelur,
Svarte du: takk?

Time for time
år efter år
renner minuttene.
Hør som vi går!
     
André Bjerke    

Livet er fyllt av minutt - og stundom vert alle planar og tankar vispa saman.
 Dette diktet kom på E-diktet i dag.
Eg måtte berre dele det og to kjøkkengjenstandar -.

Den vesle kyrakjøkkenvispen venta i ein pakke frå Heidi på Nordby
då vi kom heim frå nyårsfeiring på dei heimlege strendene på indre Sunnmøre i gårkveld.
Kyrakjøkkentimeren har ligge godt skjult i bilen lenge - men vart gjenfunnen på veg til nyårsfeiringa.

Det har vore eit heftig år på godt og vondt -
eit ansleis år - og som alle andre av dei 50 åra mine - ikkje som det var planlagd!

Med dei varmaste ynskje om gode dagar i 2012!