mandag 9. januar 2012

Stautaste bunadbærar

Fanabunaden til Bystudenten veks fram -
og naturlegvis utfrå min ståstad har eg heilt rett i overskrifta!

17.mai skal den vere ferdig - bukseselane med litt moderleg medverknad,
 Gudmor Kari syter for spøtastrømpene
og Anne Kari syter for pedagogisk støtte på skjortesaumbroderinga!
Verda vert alltid litt lettare om ein går til dei meir erfarne for hjelp og råd!

Det allermeste tek Husfliden i by'n seg av -
neste veke er det ny etterkontroll på Haukeland -
då må avgjersla vere teken om kva for ein skjortesaum som skal velgast.

Bunadsgruppa hjå Fana Ungdomslag gav i 2004 ut eit hefte:
"Fanabunaden Tradisjon og variasjon Skjorter til menn nr 1-5. Prydsaum med rettleiing."
Den er for sal hjå Husfliden i by'n, i tillegg til Husfliden sin eigen variant.



I går ettermiddag var eg og han hin på stavgangtur på elvebryggja langs Elvi.
Eg har ikkje heilt førlegheit i skuldra etter operasjonen i april,
stavgangen aktiviserer og varmar opp - lettare å tøyge der det strammar.
I ettermiddagsskumringa tok eg mange bilete
- her er to av dei!

Knuts bru med Kunstsenteret for enden av "Vetlaelvi".

Frå Gamle holdeplass nedover nederste del av Øyragata og heile Gamlegata!


1 kommentar:

  1. Du verda kor mykje flott:-)) Likte spesiellt den flotte veska med refleks - den kkjem nok godt med i mørke haust og vinterkveldar når du tek broderi eller anna handarbeid og gjev deg i veg. Godhelgklem:-))

    SvarSlett