mandag 31. mai 2010

Har nokon sett våren forsvinne - og andre triste tankar...

Siste maidag i år, - ei kjensle av varmen frå ein sommar som kanskje allereie er her og auke i polleninnhaldet i lufta i tettstaden...
Meldingane frå Gaza
som i Aftenposten
som i Dagsavisen
som i BT
som i Dagbladet
som i Nrk
gjer meg berre sint og trist

Kua som vart kjøpt hjå sølvmeden i Jeriko i fjor måtte vere med i dag, sit og arbeider med Jerikoturen i år...
og bilete på at vatn er viktig her hjå oss også:
Midlertidig vanskeleg tilkomst til Løytnantsbryggja i desse dagar - ein litt slitent møtepunkt og vidareføringspunkt for vatn er skifta ut...

søndag 30. mai 2010

Siste solsøndag i mai

Ein arbeidsdag i hagen i Øvre - greitt med kjensla av at det viser at ein har gjort noko - har "fin farge" og "skille" ved armbandsuret...

lørdag 29. mai 2010

Trapp!

Seier ikkje anna enn at det står att litt overflatebehandling og styling - men har hatt glede av å sjå muraren ta av forskalinga i løpet av ei lita morgonstund -
og han hin har fått beskjed om å vatne trappa, om litt -!
Vi har fått forklaringa på kvifor vi fekk trapp akkurat desse dagane og ikkje i neste veke eller sånn:
Muraren ventar på ein liten ting som ligg fast i transportstreiken på ein terminal i hovedlandsbyen som han må ha for eit oppdrag litt lengre fram i gata -
gjett om vi støttar streiken?!

I eit litt anna alvor legg eg ut ei lenkje til Tor Bjarne Bore sin blogg Bore-aktuelt om 8 fartøy som er på veg til Gaza med medisinsk utstyr, byggemateriell, avsaltningsanlegg, generatorar og "anna hjelpeutstyr – inkludert en kanariefugl som en syv år gammel pike ønsker skal slippes fri i Gaza."
Aftenposten og Nrk om blokaden og konvoien.
Det er ikkje til å unngå at det vert litt organisering og overflatebehandling når det skal vere Grand prix i heimen - filmlerretet er strokke - og strokke litt til! Kappa ovom lerretet som skal skjule alt anna oppheng er ferdigsydd! Gardinkappene er strokne og må nok innrømme eg måtte la vindua vere like uvaska som dei var før helga, vart så hefta med muraren, må vite - vinduskarmane er støvfri iallefall! Greenroom er gjort klart! No er borda dekka, desserten kjem til gards med gjestene og bursdagskransekakestengene frå Mor vert tekne opp av frysaren Det vi ikkje rekk, tek vi ein annan dag! No er det middagen som skal ordnast! - og dette er Are Kalvø sine ord.
No er det klart for stort taco/tortillabord - med karamellpudding etter Kristi Offerdal si oppskrift og kransekakestenger - og Grammpri etterpå!
Etterpåskrift - det vart Lena frå Tyskland som vann med Satellite - her frå Dagbladet, eller VG, eller BT eller Dagsavisen eller Nrk,
medan vi var best på pauseinslaget.
Dagens flauaste bloggar er nok DnB sin informasjonssjef Irgens - han likte ikkje jordbruksoppgjeret og drøfta det han oppfatta som
"jævla bønder" i sin private blogg frå "kjøkkenbordet" - oppslaget frå BT.



fredag 28. mai 2010

Kjøkkentrappedagen

Det manglar litt på å ha fullstendig kontroll på laurdagskvelden - skulle visst ha stroke nokre nyvaska gardiner!
Alle andre ting er fullstendig uvesentlege - !
Sånn tidlegmorgon skin sola - det er snart helg - naboane på Telegrafen har sendt sms om grilling i ettermiddag - håpar veret held - lenge !
Muraren har laga big vibrations i heile huset med vinkelsliparen sånn tidleg på morgonen, - no er han reist igjen - det kan sjå ut som om det snart berre er betongbilen som manglar...

torsdag 27. mai 2010

Muraren i jobb, før frukost!

-som venta ingen grunn til bekymring - når dei reiv trappa, så hadde dei ein plan!

Har planlagd Jerikotur i dag - eit spanande reisefølge på 40!
Gler meg...

onsdag 26. mai 2010

Muraren har reist med kjøkkentrappa -


noko undring i heimen på når han er attende. Han var her med ei maskin og ein traktor - og alt var opprydda på 1 1/2 time.

tirsdag 25. mai 2010

Bud bedes gå gatetrappa!

I dag skjer det det store ting med store maskiner i nabolaget vårt.
Ein kommunal hjullastar har flytta gågateskiltet frå midt på fortauet, til midt i gata.
Skiltet har stått der ein månads tid, - enkelte ser på alt det andre vakre i nabolaget - og eit stakkars gågateskilt har forsvunne heilt! Andre køyrer av gammal vane, enkelte slike likar ikkje gjennomgangstrafikk i sin veg - men gløymer at hjå andre vert det ein del -"skal berre"- i løpet av ein dag. Nokre av dei som som kvar dag gjev jamnt F,- må sikte for å kome mellom skiltet og fortauskanten, det kan vere meir trafikksikkert i seg sjølv! Alle vi som veit at det er gågate, kan ferdast i området på husa og dei mjuke trafikantane sine premiss...
Kjøkkentrappa vår, skal fjernast med makt og maskin i dag... - medan vi er på jobb!
etterkvart vert det ny og godkjent trapp med metallgelender.
Dei færraste nyttar kuklokka når dei kjem på vitjing, kanskje fordi det er nært til naboane og meir naturleg å nytte den batteridrivne ringeklokka - som lagar mindre lyd ute!
Wikipediaprimstaven knyttar dagen til Urbanus og merket for dagen er ei møkkagreip!


mandag 24. mai 2010

Frimåndag + førebuingar til laurdag = god dag

Har forlengst lest Are Kalvø sin artikkel om kvifor han likar Grand Prix.
Eg trur eg nyttar Grand Prix som ein årsak til å gjere noko.
- Sy ferdig kappa over filmlerretet på Salen, til dømes - det er ei stund sidan den skulle ha vore ferdig!
Mellomskrift - ein god konsekvens av slikt arbeid er at ein får nyvaska gardinkapper i heile andre høgdi - berre fordi...
Dersom eine soverommet vert Greenroom, så er det greitt med nyvaska gardiner - det vert nok sommarnattlyst der - i Salen vert det svart som natta...
Han hin strammar opp lerretet - lerretet er festa til ei ramme med kraftig borrelås - over tid har borrelåsen på ramma sklidd nokre millimeter nedover, så no vert borrelåsen oppattlimt - og det vert nok flatt lerret innan laurdag.
Sogndal vann 1-0 over Bodø-Glimt!
Men så var det den kappa då - ferdig før midnatt ? -
Mnehei - nesten heilt ferdig ein halvtime over midnatt...

søndag 23. mai 2010

Symaskin + pinsedag = sant

Det vart mest stryking
- men likevel godt arbeid før den eigentlege arbeidsdagen starta -!
Bente Malm har lagt ut ny ryggsekk -
forstår ikkje heilt kvifor eg føler ho tenkte på meg spesielt,-  med denne...
det spørs om ikkje eg treng ein matchande ryggsekk til denne!
- ikkje sikker eg kan vente til ny tur til Gaupne Hotel  og kurshelg hjå lustringane!


lørdag 22. mai 2010

Pinseaftan - med regn og ei straumlaus natt!

Wikipediaprimstaven kallar dagen Bjørnevåk og merket er ein bjørnefot.

fredag 21. mai 2010

Pinsehelg + arbeidshelg = sant

Nydeleg ver - godt å sitje på gatetrappa og nyte livet når ein veit at sommaren er midlertidig - ein månad til solsnu...
- er pollensliten og jobbar i helga - godt å oppleve at Nemi har det verre -!

torsdag 20. mai 2010

Nuperellekurs - første trinn gjennomført - rett nok eit særs lite trinn!

Ikkje eingong å fokusere klart greidde eg, då eg var komen så langt!
Dersom nokon lurer på om dette var eit slit - så var det det - eit morosamt slit!
Sjølvinnsikta i læresituasjonar kan vere stor - det er så greitt når ein veit kor ein skal - som å stramme tråden på venstre peikefingar, utan at fingeren skjønar det!

onsdag 19. mai 2010

Snart helg, - arbeidshelg!

Like greitt det - med dei vermeldingane! No har vi endeleg fått gleda av sommaren og har akseptert at pollenslappheita er ein naturleg del av den gleda...

tirsdag 18. mai 2010

Ein god fridag - dagen derpå!

Alle krukker ut frå jordkjellaren!
Runden på Gartneriet før 1.mai for å få rødt/kvitt/blått til toget gjeld ikkje i den store samanhengen, så dette vart første skikkelege handledag - og det vert på langt nær den siste!
"Hekladukar" frå Felleskjøpet - ser fram til å sjå dei og ikkje dei sjølvhekla på Flickr!
Grillmiddag og sauming på Eldhuset - og sovne under visinga av eit opptak av Äntligen hemma - kan ein ha det betre?
Wikipediaprimstaven kallar dagen Eriksmesse og merka for dagen er aks, sverd og ei krune.

mandag 17. mai 2010

Gratulerer med dagen

Grunnhttp://www.lovdata.no/all/hl-18140517-000.htmllova vart vedteken av eidsvollsmennene 17. mai 1814.
Det er 90 år sidan Bestefar Ingebrigt vart fødd!
I år er det ikkje tradisjonell feiring på Nedste Øyri og 17.mai toget går ikkje i Øyragata.
Det vert ikkje feiring i Rådhusparken.
Startar dagen med frukost på Sanden pensjonat og avsluttar dagen i huset til 90årsjubilanten.
Ein god dag for å ha Nasjonalsangen på bloggen for ikkje å snakke om denne vakre varianten av Til Ungdommen!



søndag 16. mai 2010

Pin-up isen - ei vakker ishistorie

Fann den nydelege historia til Pin-up isen som har 60årsjubileum i desse dagar, i bloggen til  Livet i fattighuset .
I bloggen er det også kommentert at den er lang - men det er ei vakker gründerhistorie som bør lesast!
Brukar dagen til å kome litt a jour...
Hushjelpene no til dags er ikkje det mykje hjelp i, - så det er greiast å ta det sjølv... utan å forflytte problemet som nokon så viseleg påpeika her om dagen.
Låner ein vekk det vesle bordet på spisestova til meir trengande spisesalar - så vert det ikkje berre litt tomt, - det avslørar at under slike bord er det gode lagerplassar..

Apropos bloggar eg fyl & kyr, - skulle nokon koma over slike kukoppar - så kan eg så absolutt presisere at eg skal gjere plass til slike med ein einaste gong...
Ann Granlund har mange tekstilar eg godt kunne ha hatt både i samling og i bruk,
ein vakker dag må eg ha meg eit brett eller to også...
Eller av dei brukandes gjenbruksprosjekta - ein slipskvilt i dobbelsengformat , denne frå Nickels Pickels! For ikkje snakke om for eit vakkert ord - Krawattenrecycling...
Eg er større enn bunaden min, så eg går ikkje i bunad i morgon - men tenkte kanskje einkvan treng NRKsf sine tips om blankt sølv.
Eg har Ørskogbunad med koneskaut - min vart brodert og sydd av den dyktige skreddaren Svea Sjøholt - bunaden er også kalla Märtha-bunad fordi den vart sydd til kronprinsesse Märtha av dyktige sunnmørskvinner - ifølge familiehistoria også ei av grandtantene frå Klokkargarden. Ørskogbunaden er den som vert kalla Sunnmørsbunad, etterkvart nærare siste århundreskifte vart det stendig meir vanleg å bruke dei ulike versjonane for ulike bygdelag. Eg har ikkje altså ikkje Strandabunaden - skulle gjerne hatt kvinnedrakta for Sunnmøre, også eg! Eg har også brukt Mor sin Sunnfjordsbunad.
Koneskautet har eg brodert sjølv, kopi av tante Hjørdis i Olagarden sitt skaut. Seint 1970åra og tidleg 1980åra var det verkeleg ingen under 60 som nytta skaut - utanom meg - Husfliden hadde ikkje mønster eller utstyr til skautet på den tida! Jenteskautet var også heilt ute av bruk, - i såfall kan det ha vore nytta av tausakjerringar - (eldre ugifte kvinner) - det kan vere dei var av dei første til å la vere å ta det på seg!

lørdag 15. mai 2010

ein laurdag som forsvann

Ein stor dag for fotballen - Sogndal slo Strømmen og Lærdal slo Veitastrond -
Regnet kom før arbeidsdagen var ferdig - så det vart innemiddag!
Pollensliten - godt med regn..
Wikipediaprimstaven kallar dagen Hallvardsmesse, Hallvardsvaka og hallsok, medan primstavmerka er møllestein og prikkar (såkorn).

fredag 14. mai 2010

varm fredagskveld +14

Vi er ferdig med grendalagsårsmøtet i det nyoppussa Bedehuset på Øyri, - har ikkje nye bilete førebels - eg fann iallefall korleis "førbileta" var! Bedehuset har behelde namnet sitt etter at det ikkje lenger er eit bedehus - og eigarane har gjort ein fin jobb - kan tingast via Lærdal Ferie- & Fritidspark.

No er det grilling av kylling i baconinnpakning -
og bananer med rom og nøtter, og resterande sjokolademuffins med jordbærsaus og vaniljekesam.

torsdag 13. mai 2010

- og himmelspretten var ein fridag

Lang helgefrukost med litt fleire rundt bordet enn til kvardags med dansbandgudsteneste på radioen...,- heilt sant!
Det vart ein umerkeleg overgang frå ein lang 9-time på radioen til det som i etterkant var nemnt som dansbandgudsteneste...
For dei som vil opp og fram i bygda i dag, - det er motbakkeløp - og det vakre med bygda har vore omtala fleire gongar i P1.
For oss andre i den sentrale tettstaden vert det litt rart når den vakre utsikta til fjorden frå Lærdal vert omtala.
Vi gløymer lett fjordutsikta her i låglandet, der grunnen i jordkjellaren vert fuktig når det er høgvatn og tendensar til springflo.
Lagar ostekake og sjokolademuffins til grendalagsmøte på bedehuset i morgon, men nok til at det vert kaffimat for alle som måtte stikke innom i kveld også!
Vi har grillmiddag i dag også - heile 13+grader... - utan trekk og vind - varmt og godt nok!

INNSKOTA ETTERPÅKOMMENTAR!!!:
For å yttarlegare poengtere det med utsikta: Sjekk Porten sin artikkel om dette i dag, fredag OG sjekk biletserien som høyrer til, av 30 - tredve bilete i biletserien, så viser fjorden på 1 - eitt- bilete!

onsdag 12. mai 2010

- og pollenet er her...

Oppoverbakke når det er så mykje pollen i drift i arbeidsmiljøet -!
Grilling med 2-sifra varmegrader i bakhagen og feiring av 125årsdagen for jamstellingsvedtaket!
Marknadsnemndsmøte - med det meste i rute og Leikanger mannskor som underhaldarar på søndagen!
Ikkje rart ein sloknar tidleg ein onsdagskveld...

tirsdag 11. mai 2010

Dagens middag - grillmat i bakhagen

Klart det hadde vore fint om det var tosifra plussgrader på utetermometeret i dag - men det var iallefall aldri så liten grand solstrålar då eg rusla heim etter jobb, - og ja det lukta grillmat! Likevel - eg måtte sjå grillen og bordet før det gjekk opp for meg at det var grilla kotelettar til middag - deilig! Det vert grilling i morgon også - trur eg skal ha langbukse då - er alltid barbeint i sko på denne tida av året...
Ein kan no alltids ha eit teppe klart...
Nemi i BT.no har hatt fleire gode kommentarar retta mot språket oss allergikarar imellom - den i går var ikkje heilt heldig - så eg trur eg nyttar denne!


mandag 10. mai 2010

Det snør - det snør - (iallefall bittelitt)

Betydeleg meir lengre vest - her er det berre ei og anna snøfluksa...
I går var vi på ein aldri såliten spasertur framover Øyramarki etter vi hadde vore på Sentrum kafe og kjøpt kuleis. Vi gjekk via gartneriet på veg heim, og ja der var godt utval i blomar som kunne ha gjort det fint i blomsterbeddet mot gata og i krukker inne i bakhagen. Eg hadde store planar om å gå på blomsterbutikken/gartneriet og handle blomar i dag.
Eg har både kjent temperaturen og sett yr.no - og ombestemt meg, det får vente sjølv om det ikkje er store mengder med snøflukser. Det er altfor kaldt, det er betre Øystein på gartneriet held blomane varme!
- og slik var det på Røros i dag!
I dag har eg funne fram dei to nuperelleskytlane eg har etter tante Ellen - og nokre nesten ferdig prosjekt som skytlane låg saman med - eg er klar til å teste bruken av dei på nuperellekurset 20.mai i Eldhuset - vert de med eller?


Meir om nupereller - som hjå Wikipedia og her hjå AnneB i Tromsø som også har sitt eige nuperellenett!
Og berre sjekk her, eit lite utval av skytlar - dette skal gøy! - Tenkje seg til om ein kunne ha laga ei lita eldhusdrage..
- langt opp og fram - men nydeleg ikkje sant?


-  tilogmed ei Norsk nuperelleforening!

søndag 9. mai 2010

Har fridag i morgon - det vart ikkje streik...

Trong ein treg start i dag, sola skin ute - på tide å kome seg ut og nyte forsommardagen! Eg såg nettopp at den fine linduken framleis ligg på utebordet, men putene er iallefall i putekassa! Det har ikkje regna - det er godt ein ikkje alltid kan stole på vermeldingane.
Eg var så budd på å vere streikevakt på fridagen min i morgon, at eg kjenner at eg ikkje heilt greier å glede meg over at eg i dag framleis berre er midt i langhelga... Det går nok over!

lørdag 8. mai 2010

No er sommaren her...

Var tidleg vaken og støttekontakt på frukosten på Pensjonatet i dag,- aller første frukost i spisesalen sidan forrige århundre - den gong heitte det vel kafeen, kanskje.
Eg har teke meg i det fleire gongar i dag, - ja eg saknar alltid reiselivet på denne tida av året, endå sterkare etter eg flytta til så sentrale reiselivsstrok på Øyri og ekstra sterkt i dag...
- det går nok over - det brukar det!
Var i Eldhuset og planla avslutninga av den rosa - ombestemte meg fleire gongar - har ein ny samla plan.
Det vart ei lang middagskvild - trur det er litt pollensesong på gang -
I dag vart endeleg grillsesongen innleia i bakhagen - og det gjorde godt sjølv om det etterkvart vart vel svalt nok å sitje ute...

fredag 7. mai 2010

D e freddan...

Ein halv arbeidsdag - ei gravferd - stryking av gardiner til det trivelegaste pensjonatet eg veit om - det som snart er ferdig oppussa, - og nett ferdig med taco til dei 4 andre som også har hatt meir enn nok i dag...- dei skal berre montere ein spegel og eit kvart lite til...

Eg har ein del gode minne knytta til opningar - store hotell, små hotell, museum, utstillingar - det er greitt å få lov til å ta i eit tak og berre vere ansvarslaus og få ta del i gleda av noko som veks fram...

Eg har tenkt å ete stor frukost i spisesalen i det trivlegaste pensjonatet eg veit om,  - berre leike turist,  men trur eg ventar til neste veke...

Etterskrift: Etter taco'en - vart frukostsalen gjort klar - og så var det sjokoladekake med jordbærsaus til nattmat.
Ein heller samansett dag...!

torsdag 6. mai 2010

Reisefeber - om 5 månader er eg nok på tur igjen.


I dag har dei fleste medlemmene i Vennskap Jeriko -Lærdal fått tilbod om tur til Jeriko si  10.000 års feiring den 10. oktober. Pressa fekk informasjon før kommunestyremøtet i dag - og dei første tingingane har byrja å kome inn - og det var då reisefeberen slo inn!
Dette er veska som vart kjøpt på flyplassen i Wien på veg til Jeriko 2009.

I dag har det vore grunnsteinnedlegging for ISKS -

No er det sykkelløp -
det er vakkert med sykkelløp for dei med trehjulsykkel og sykkel med støttehjul også!

onsdag 5. mai 2010

Mjukstart i vakkert ver -

Har nett blogga om at det vert nuperellekurs i Eldhuset - eg er heldig og har skytlane etter tante Ellen - skal finne dei fram og lage litt nuperellebilete seinare i dag...

Veret er nett like vakkert som i går - djupt og ekte følt - har lyst på fri fridag...!

Vi fer på frukostbesøk og tek dagen som den kjem - på jobb etter lønsj og til dagsrevytid.... - så i dag tek vi det som det kjem...

Etterskrift - Før vi kom oss på frukostbesøk rydda vi ut alle sommarmøblane våre frå lageret hjå naboen. Møblane vart ståande att etter julemarknaden i gamle Kiwibutikken, der dei vart nytta som sofagruppe i aller innerste hjørnet.
No er møblane komne på plass - og det fantastiske veret vart noko meir overskya utover kvelden, men vi har ei klar formeining om at det vert skikkeleg opning av grillsesongen før helga er over.
Det vert torsdag før eg får funne fram nuperellene, - dei kjem - no må eg få litt skjønnheitssvevn - det kjem ein heftig dag i morgon.
Elles har det har vore ministerbesøk i indre Sogn, slik ser det ut når Nrk fortel om møtet som Årdal Ap arrangerte og slik fortel Porten om sjukehusvitjinga og slik fortel Ole i Nrk om den same hendinga.
- og berre så de veit det - nokre gongar er det for seint å snu!

tirsdag 4. mai 2010

Har du sett - det er blå himmel?

Bjørka bak gamle Kiwi har fått noko grønt over seg,- den har stått med lange raklar lenge. Eg har ikkje sett etter om dei raud-kvite-blå blomane ved gatetrappa har frose for mykje i natt, -
men krukkerosene på kjøkkentrappa vart plassert inne i gangen i går kveld.
Kaldt og klart.
Mellomskrift: Blomane hadde greidd seg bra - dei står litt lunare i kroken enn elles i beddet - det er mai - og vårblomane skulle ha vore avblomstra forlengst -  Ein nydeleg dag - nesten forkasteleg å ikkje vere ute slike dagar...
No har vi vore og gjort førebuingar til (eventuell) streik(-en) frå måndag morgon - tidlegare har det kun vore ulike punktstreikar.
I morgon kjem helseministeren - og Nrk melder stendig om at HelseFørde snur og utset/endrar prosessen - eg trur ikkje at Clara og Anne-Grethe og Liv Signe heilt nyttar same definisjonane - men uansett det er grunn til større optimisme og litt undring...

Etterskrift - Eg har sett meg opp på haustferie til Jeriko - det er framleis langt fram til 10.000årsjubileet i oktober. I morgon går tilbodet ut til alle medlemmene i laget - og det vert presseinfo på torsdag!