søndag 16. mai 2010

Pin-up isen - ei vakker ishistorie

Fann den nydelege historia til Pin-up isen som har 60årsjubileum i desse dagar, i bloggen til  Livet i fattighuset .
I bloggen er det også kommentert at den er lang - men det er ei vakker gründerhistorie som bør lesast!
Brukar dagen til å kome litt a jour...
Hushjelpene no til dags er ikkje det mykje hjelp i, - så det er greiast å ta det sjølv... utan å forflytte problemet som nokon så viseleg påpeika her om dagen.
Låner ein vekk det vesle bordet på spisestova til meir trengande spisesalar - så vert det ikkje berre litt tomt, - det avslørar at under slike bord er det gode lagerplassar..

Apropos bloggar eg fyl & kyr, - skulle nokon koma over slike kukoppar - så kan eg så absolutt presisere at eg skal gjere plass til slike med ein einaste gong...
Ann Granlund har mange tekstilar eg godt kunne ha hatt både i samling og i bruk,
ein vakker dag må eg ha meg eit brett eller to også...
Eller av dei brukandes gjenbruksprosjekta - ein slipskvilt i dobbelsengformat , denne frå Nickels Pickels! For ikkje snakke om for eit vakkert ord - Krawattenrecycling...
Eg er større enn bunaden min, så eg går ikkje i bunad i morgon - men tenkte kanskje einkvan treng NRKsf sine tips om blankt sølv.
Eg har Ørskogbunad med koneskaut - min vart brodert og sydd av den dyktige skreddaren Svea Sjøholt - bunaden er også kalla Märtha-bunad fordi den vart sydd til kronprinsesse Märtha av dyktige sunnmørskvinner - ifølge familiehistoria også ei av grandtantene frå Klokkargarden. Ørskogbunaden er den som vert kalla Sunnmørsbunad, etterkvart nærare siste århundreskifte vart det stendig meir vanleg å bruke dei ulike versjonane for ulike bygdelag. Eg har ikkje altså ikkje Strandabunaden - skulle gjerne hatt kvinnedrakta for Sunnmøre, også eg! Eg har også brukt Mor sin Sunnfjordsbunad.
Koneskautet har eg brodert sjølv, kopi av tante Hjørdis i Olagarden sitt skaut. Seint 1970åra og tidleg 1980åra var det verkeleg ingen under 60 som nytta skaut - utanom meg - Husfliden hadde ikkje mønster eller utstyr til skautet på den tida! Jenteskautet var også heilt ute av bruk, - i såfall kan det ha vore nytta av tausakjerringar - (eldre ugifte kvinner) - det kan vere dei var av dei første til å la vere å ta det på seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar