torsdag 31. mars 2011

Lang dags ferd

Vaken klokka 5, og skal stå opp klokka 5 i morgon også - oppmøte klokka 0600 på ØNHsengeavdelinga - det er hardt å vere pasient...
Har fått melding om at eg ikkje er vaken og klar etter operasjonen før langt utpå dagen...
Det har vore ein lang dag med mykje venting mellom prøver og ny runde CT.

Ein liten tur med Bystudenten på YR i Marken - dei har ikkje lenger frityrsteikt Smilsjokolade, men framleis gooode dessertar!

Har funne ut at eg likegodt kan vise til Årdal husflidslag om Smøyg med Siri på museet i gårkveld - Miranne skriv betre det eg ville ha skrive og tek betre bilde enn meg uansett - vel vert å lese er også innlegget "puls"  av i dag også!

onsdag 30. mars 2011

Treng ein vårdrage - for å fjerne restar av vinter og gufs!

















Kjenner det langt inni sjela at eg treng ein slik - er den ikkje nydeleg?
Eg fann denne Spring Dragon på bloggen Nuperelle, sjå i høgremenyen!
Det er kaldt ute og blå himmel, så restane av snø og is held stand
- men om to - 2- dagar skin sola på huset vårt!

Gjer meg klar for Haukeland hotell i morgon - det vert nok ikkje like morosamt å møte ØNH-legen på fredag som førre fredag - sidan denne gongen er med narkose.
Sist helg hadde eg litt plager etter at han hadde grisla litt - denne helga vert det nok verre - Bystudenten og Trønderinna får nok ikkje kaffibesøk av meg - kan håpe på vitjing av dei i istaden for!

Vi vert fleire som fer på  handarbeidskafé på De Heibergske samlinger på Kaupangerskogen i kveld for å høyre meir om smøyg - som sogningar lenge har nytta som dekor - eg gler meg!
Det er alltid så triveleg og givandes der, i tillegg til gode føredrag, flinke forteljarar og kunnige informantar og høve til å sjå ting på nært hald, er det alltid god kaffi og kaker. - Som så ofte før, har dei laga til ein materialpakke som ein kan kjøpe, om ein har lyst å prøve!

Årdølene har visst tenkt seg ein tur også - her er ei lenkje til Årdal husflidslag si vevside og Miranne sin saum!

mandag 28. mars 2011

Smyg inn SMØYG på museet onsdag før ØNH på torsdag!

Skal til Bergen tidleg torsdagsmorgon for å gjere klart til å opne opp i nase/bihuleregionen, slik at det vert mogeleg å ta vevsprøve av "flekken bak øyra" -
og ny cellegiftkur på måndag -

før den tid satsar eg på å kunne reise på De Heibergske samlingar på onsdagskvelden! -
Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk viser og fortel og lærer vekk teknikken

Dette er det ho fortel i meldinga som er sendt ut:

Ny handarbeidskafé på museet

Onsdag 30 mars kl 1900 vert det ny handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum i samarbeid med Sogn Bunadnettverk. Temaet denne gongen er smøyg som er ein eldgamal saum- og dekorteknikk.


Smøyg, og kalla vevsaum eller glitt, er brukt på fleire tekstil ein kan finne i museet sine samlingar, til dømes på dåpstøy og bringeduk. Saumteknikken finn ein oftast på klede/tekstil med seremoniell funksjon. Middelaldertekstilet Huldreduken frå Årdal har smøygsaum. I nokre tekstil er smøyg kombinert med andre sting t.d holbeinsting. Det kan ein finne på dåpstøy frå Sogn.


På handarbeidskafeen vil Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk gi ei innføring i smøygsaumen. Det vert teke fram tekstil med smøyg frå museet sine samlingar. Det er til møtet laga ei materialpakke i smøygteknikk som ein kan kjøpa for å øva seg på saumen.


I tillegg vert det utlodding, museumsbutikken er open og i kafeen vert det servert kaffe, te og kaker. Det er gratis inngang og alle er velkomne. Ta gjerne med handarbeid.


Håpar mange av dykk har høve til å møte !
Med venleg helsing
Sogn Bunadnettverk
v/Siri

Neste søndag 3. april er Jorunn søndagsskulelærar på Eldhuset - ho er på Eldhuset førskomande torsdag 31.mars for å fortelje meir!  

Må berre dele dette utstillingsbiletet frå BlockLotto, tenk sååååå mange kviltar!!!

fredag 25. mars 2011

Fredagskveld i heimen!










Klokka 2 i dag, var alt klart for stråling frå komande måndag.
I tretida derimot,-  hadde den andre varianten av framgangsmåte som har vore drøfta parallelt, der iallefall røntgenlege, øre-nese-hals lege og kreftlege har vore innblanda - avlyst stråling frå komande måndag.
Det betyr at dei ikkje strålar før dei har gjort eit endå sterkare forsøk på å nå flekken bak øyra...
Røntgenlegen er den som fann ut korleis det kunne gjerast, - alternativt fann vegen...
ØNH-legen gjorde eit forsøk på å nå aller bakerste bihule for å få tatt ei celleprøve i dag med lokalbedøvelse - det let seg ikkje gjere. Det må ryddast veg for celleprøvetaking via nasen -  kreftlegen meiner det er verdt forsøket, - så då vert det operasjon.
Berre to av haukelandslegane hadde gjort det før. Dei hadde egentleg andre planar neste veke og det var å foretrekke at det var gjort av kyndige folk, sa kreftlegen...

- det einaste eg veit no, er at det ikkje vert stråling neste veke, - men veit likevel uendeleg mykje meir både fordi dei var flinke å kommunisere, - også på det dei ikkje veit!

Godt å vere heime!

- og i morgon skal eg nytte den Nemi-stripa frå bt.no som kom dagen etter den eg har nytta i dag!

torsdag 24. mars 2011

Haukeland hotell istaden for det vanlege Vognstølen hotell

- er svært greitt alternativ til vanleg innlegging på Kreftavdelinga!
Men hjå Kari i Vognstølen har vi tilbod om veranda óg - slikt set vi naturlegvis pris på!
Fordelen med å ikkje vere avdelingspasient er at ingen bryr seg om ein har permisjon frå sjukehuslivet -
vi har tilogmed vore i Stølegata i kveld, og feira Ingrid sin dag på førehand.

Vart henta av portør på Kreftavdelinga i ettermiddag - ho leitte etter rullestol som ho kunne frakte meg i - "det er jo langt å gå til røntgenavdelinga!"... , men eg går framleis for eiga maskin! CT'en unnagjort i ettermiddag.

Dette var etter at den søte unge legen freista forsøke forklare,- utan heilt å vite korleis det egentleg fungerer å ta biopsi av "det" bak øyra, gjennom nasen - men dette skjer altså i morgon!

onsdag 23. mars 2011

Må regnet som skal lage vår, - vere så vått?











I morgon vert eg lagt inn på Kreftavdelinga på Haukeland, - dei skal jakte på spreiing først, og så stråle meg bak øyra.
Ikkje heilt greitt akkurat, - men det er nok HelseFørde for ei stund!
Det betyr ikkje at eg skal ligge på Kreftavdelinga, - men det er slik dei gjer det i By'n. Hotell til oss sunne og friske som har større glede av å ligge på eit rom åleine, - enn å ha pleiarar tilgjengeleg berre med å trekke i snora!

Det renn heftig med vatn ned i snøen for tida - den vetle elva som knuste ein heim i Balestrand og laga vanskar for den allerbeste isfabrikken i Feios,
det er ikkje gode dagar for offentleg eller privat kommunikasjon, slike dagar!
I vakre Eimhjellen hjå naboane til tante og onkel der det regnar mest i fylket, har det regna rekordmengder som 144,8 mm. I Lærdal har det regna fryktelege 24,9 mm på eit døgn. Dersom nokon skulle ha noko meining om at det ikkje er mykje i Lærdal må eg minne om at her er årssnittet under 500 mm - så det skulle vere 5% av all nedbør på eit år kom på eitt døgn!

Snøen og isen her på flate Øyri fer fort no, - eg lengtar veldig etter skikkeleg Lærdalsvår...
Ser at det er rikeleg med rusk i blomsterbedet på gatesida, hjå oss også. Eg trur eg ventar litt til før eg ryddar - det vert vel fleire frostnetter etter dette - dei første grøne spirane kan vel framleis trenge litt vern.

Samferdsleutvalet i fylket som skulle ha møttest på Skei, nytta videokonferanse på Fylkeshuset og i dei kulturelle fylkeskommunale kontora i Førde - det ser ut som om det å bruke Skype eller videokonferanseutstyr bør inn i den allmenne administrasjon- og politikaropplæringa knytt til fylkesmannens beredskapsplanlegging.

I ein del samanhengar i det siste har det barnevernet vore nemnt som ein årsak til at ein bør ha større kommunar - det kan sjå ut som om det kan gjelde Leikanger også!
Bruken og ombygginga av Fylkesmannsgarden har ikkje gått knirkefritt,- og no er den gamle almen fjerna også!

Slik såg det ut tidlegare i vinter,
no lligg restane av ein vinter igjen,  inkludert mykje strøsand og -grus og det søppelet som ikkje bles forbi...
- og som vanleg Nemi frå bt.no!




torsdag 17. mars 2011

- det viktige er korleis ein tek det... -










Dei laga maske til meg i CT-simulatoren på Haukeland i gårmorgon - den skal sørge for at "eg held maska" og ligg heilt nøyaktig korrekt og fredeleg lenge nok, til at dei er sikre på å treffe rett punkt - når eg skal strålast "bak øyra".
Eg har ei dryg veke på å bu meg til omtrent ti stråledosar, fordelt på måndag- fredag i 2 veker...

Stråleterapeuten hadde naturlegvis ikkje noko informasjon om det endrar på tidspunkt for operasjonen - men det er vel å gå ut frå at "dei" meiner eg har fått nok cellegift...
Han skreiv opp at eg ynskjer å møte legen som har sørga for at eg skal strålebehandlast ved neste høve om ei vekes tid...
Eg kjenner meg litt i vakum mellom informantar - Førde kunne ha informert - og Haukeland forventar eg er meir informert eller så er dei ikkje så gode på det, - dei heller. Papira til stråleterapeuten fortalde nemleg at eg var innlagd på Haukeland. Stråleterapeuten hadde etterlyst meg på avdelinga og var ikkje klar over at eg sat ute i ekspedisjonen i atriet, åt medbragt frukost og freista koble meg på gjestenettet til Haukeland...
I det han såg meg, skjøna han at eg truleg var i god nok form til å bu på hotellet ved sjukehuset under strålebehandlinga også.
Eg hadde meldt meg i ekspedisjonen før klokka 8, så dei visste eg var der...

Vi køyrde klokka 4 i gårmorgon, hadde medbragt matpakke og iskaffi i fall vi trong ei pause for å halde oss vakne.
Møtte Bystudenten og Gudmora hans til pannekaker på Pygmalion. Viktig med slike gode møter med god kos og lått!
Vi handla litt glasvarer på ein gjenbruksbutikk. Handla naturlegvis også i Quiltehuset i Marken, dei skal ha symøte kvar onsdag frå 11.30 til 13.30 og på kveldstid iflg sida deira - noko som brått vart aktuelt...
Kvelden i førevegen var vi på Bedehuset på Øyri, åt stor kveldsmatbuffet og sa "på gjensyn" til Wiam og Aesha saman med andre jerikovener. Bedehuset er eit avvigsla nyoppussa og triveleg møtelokale som har gått attende/seld til familien som eingong gav tomta til huset, sidan det ikkje lenger var ordinær bedehusdrift i bygget. Lokalet var pynta med tekstilar som er gjevne til Lærdal kommune frå Jeriko kommune gjennom dei siste 14 åra.
Ein fin kveld!

Nemi er som vanleg lånt frå bt.no - denne var frå 11.mars.

mandag 14. mars 2011

Stråleterapiavsnittet - ikkje eit godt ord.

Fekk telefon i ettermiddag om å kome på Haukeland hotell i morgon, for å vere klar 8.30 onsdag.
Starta dagen med å lage frukost til to jerikanarar, den eine av dei laga arabisk kaffi til oss tre.
Kaffien vart handla hjå kaffihandlaren borti gata frå rådhuset i Jeriko.
Smaken av, - og erindringane om Jeriko har prega dagen.
Brukar energien frå det gode, til å dempe uro kring det ukjente.
Det gjer godt!

søndag 13. mars 2011

Vekebladet Familien har vore på Øyri!

I Familien nummer 6 som kjem ut i morgon 14.mars, er det ein artikkel som beskriv ein sommartur i fjor frå Indre Sogn til Jølster. Naturlegvis er det mangt som kan endre seg frå ein sommar til neste.

Av dei nye faktorane i år er Sogn kunstsenter  - eit tilbygg til Lærdal kulturhus og Norsk villakssenter teikna av arkitektkontoret brethdelacalle ,- vår eigen avdeling av Sogn og Fjordane Kunstmuseum -bla fram til side 17 av 21 den fortel at:

Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst presenterer følgande opningsutstilling frå 3.juni:  Norske maleri 1970-2010 – Fra Bleken til Melgaard

Elles i "Familien"; - ein fin Lappeskole del 1 av 6, 21 blokker og mange ulike teknikkar skal gjennomgåast i dei neste utgåvene av bladet - dessutan snarvegar, lure tips og montering.
Endå ein grunn til å planlegge eit nytt teppe i vår!

onsdag 9. mars 2011

Kvinnedagen 1881 på Bedehuset!

















Lilly Kvamme, nestleiar EL&ITforbundet Klubb Opplysningen på talarstolen i Bedehuset på Lærdalsøyri!

Porten sin artikkel om arrangementet

Sogn avis om arrangementet
NrkSfj sin artikkel om venting på styrevedtaket 10.03.2011



Slik skriv initiativtakar Bente Øien Hauge det på fjesboksida Kvinnedagen 1881:
"BAKGRUNNEN FOR AT 8. MARS I ÅR ER EIT SOLIDARITETSARRANGEMENT FOR 1881:

Som kjent er det risiko for at 21 tilsette ved Opplysningen 1881 i Lærdal kan miste jobben. Den endelege avgjerda vert teken i eit styremøte som skal haldast i Oslo berre to dagar etter kvinnedagen 8. mars. (Styremøtet skulle fyrst vore på sjølve 8. mars, men er no utsett.) Sjølv om me håpar på eit positivt resultat, må ein bu seg på nedskjering.

Opplysningen 1881 er viktig for heile Lærdal og har heilt sidan Telegrafen si tid vore ein viktig kvinnearbeidsplass og kompetansearbeidsplass. Styrevedtaket 10. mars kan i verste fall bli eit hardt slag for avdelinga og for det som i dag er ein god arbeidsplass for kvinner og menn frå heile Indre Sogn.

Denne avgjerda berører oss alle! Og det blir heilt feil at dei tilsette skal møte denne situasjonen aleine. Kvinnedagen er eit ideelt høve til å gje dei handa og syne solidaritet med kampen for arbeidsplassane på 1881 avdeling Lærdal.

For kamp blir det, om fleirtalet i styret vedtek oppseiingar i Lærdal! Og dei tillitsvalde har gode argument for å kjempe mot avgjerda; det er ikkje lovleg å seie opp fast tilsette når ein samstundes nyttar vikarbyrå og midlertidig bemanning på tilsvarande stillingar i samme verksemd."

Arrangementet Kvinnedagen 1881 hadde i tillegg til orienteringa frå Lilly, fine appellar av Anne-Elin Tunsberg - plasstillitsvald EL&ITforbundet og Bjørn Skalle plasstillitsvald Negotia

Fine solidaritetsappellar frå Jan Steinar Hole frå Fagforbundet, Ingrid Kristina Rio frå Utdanningsforbundet, Anne Karin Kvamme frå NITO, Helge Evensen Bjørkum frå Ungdomsrådet og Per Steinar Kvamme frå Handelsgruppa.

Elisabeth Stewart Søvik song vakkert for oss og gav oss også god lått og skotske innspel.
Magne Grøttebø akkompagnerte Elisabeth, men sang også vakkert for oss.

Sissel Randi Lysne les gode dikt frå diktsamlinga Fetang av Kari Bakke.

Ingebjørg Voll og Bente Øien Hauge var programleiarar og organisatorar.
Kvammes hadde levert smakfull Solidaritetssuppe og brød.
Eit breitt utval av gode opplysningskaker var levert til kaffien!
Vi gjekk heim med ei oppløfta stemning frå Bedehuset!

tirsdag 8. mars 2011

Museumsseminar om huldreduken i Ve og Kvinnedagen 1881
















Neste veke er det seminar på museet på Kaupanger - De Heibergske Samlinger
her er programsidene for Seminar om folkemedisin, magi og klarsyn

Eg skulle gjerne også ha vore der når Siri Benjamninsen på torsdagen fortel om
Huldreduken i Ve. "Segna, duken og rekonstruksjonsarbeidet"

Det er travle dagar for tida,- men vi får tru at vi i Lærdal får lage eit arrangement med Siri slik at vi får sjå kva årdølene broderte for 700 år sidan, vi også! Førre lenkje var frå Nrk sitt Fylkesleksikon - her er Porten sin artikkel frå ein Dialekt- og stadnamnkafeen i ungdomshuset i Øvre Årdal..

Påmeldingsfristen til seminaret er utsett til morgon 9.3.:
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum,
Vestreim,
6854 Kaupanger
Telefon: 57 67 82 06
Telefaks: 57 67 85 11

Vi er i rute til arrangementet i Bedehuset i kveld klokka 20.00
Kulturinnslag og appellar
Solidaritetssuppe og opplysningskaker!



 

lørdag 5. mars 2011

Taktskifte og fokusendring!

Fekk nestsiste cellegiftkur sist tysdag -
atter ein gong fekk eg meldinga om at eg hadde bemerkelsesvis lite plager av den sterke cellegiftcoctailen...

Hadde ein koseleg ettermiddag og skulle avrunde byturen med ein tur på iskafe - og fekk eit epileptisk anfall der! Den kafetilsette fann ikkje puls, så eg fekk ein omgang med hjartekompresjon - så eg stryk meg mjukt over brystbeinet - det er sårt der,- men eg er glad for at det finst slike som tek ansvar!

3 dagar på sjukehus med MR, CT, EEG osv og fekk som førebels resultat fredag ettermiddag at eg har ei endring på skallen bak øyra - så no er eg overført til by'n for dei store undersøkingane der, - og siste cellegiftkur er truleg avlyst.

Eg veit akkurat så lite om kva dei har funne - så eg plukkar opp litt god energi denne helga heime til å møte Haukeland med i vekene som kjem.