fredag 16. september 2011

Med lyseblå beautybag for puppen!


Kan ikkje anna enn dele eit bilete av denne,
naturlegvis treng ei brystprotese ein oppbevaringsplass...
Slik kan ein beautybag for denslags altså sjå ut og slik vert den levert frå fabrikken -
eg var på bytur i går på prøving og handel på Rezepten.
Med 2 proteser i året - kan det ende opp i eit utal av beautybag'er!

Det tek litt tid før eg går rundt med brystprotesen - tidlegare kalla "kyllingfileten"
- no korrigert til "kalkunfileten" - ei meir presis beskriving av storleiken.
Testa den litt i går - har tydelegvis framleis litt tynn hud - så eg ventar til resten av utstyret kjem frå Tyskland, før eg brukar den over lengre tid...
Ei heilt hyggeleg og grei oppleving!
Ein vert registrert hjå første bandagisten der ein leverer protesetilvisinga -
seinare kan ein gå til kvensomhelst -
som dama sa, det er ein tilstand som ikkje går over - ein treng ikkje tilvising kvar gong!   
Naturlegvis!     

 Hadde gode kvilestunder både på China Palace, Cafe Opera og Cafe Aura -
ein fin måte å treffe fleire til ulike tider gjennom dagen!
I så måte mest stolt over at eg ikkje let meg friste av kaker verken på Opera eller Aura -
Libra gjev meg styrke til å stå imot freistingane - dette må gå bra!

Quiltekroken stod eg derimot ikkje imot freistingane
og på Nordli fann eg ei artig bok med dei 100 første orda ein bør lære på arabisk.
Den kjem kanskje til nytte no når alle barnehagane og skulane skal førebu seg på besøk
av unge frå vennskapskommuna.

 Ein nydeleg haustdag ventar der ute -
denne artikkelen er å finne på verdsvevsida til avisa frå dei heimlege strendene
Sunnmøringen
- eg skal sykle vel 9 kilometer innomhus, før eg er klar til å gå ut i den store vide verda! 

2 kommentarer:

  1. Ein nydeleg haustdal i Nordfjord også. Heldigvis enda uten melisdryss på toppane:-) Ha ei fin helg:-)

    SvarSlett
  2. Vakna til 2,5 plussgrader - no heile 3 plussgrader - det vert nok mest innesyslar og innekos i dag - skal gjere klar startpakkane til husflidslagsjentene på Søndagsskulen.
    Ynskjer deg også ei fin helg!

    SvarSlett