onsdag 21. september 2011

Resirkkyr og helgeførebuing


Kyra vart kjøpt inn til ein anna heim som toalettkosthaldar -
den vart aldri teken i bruk, gjerne grunna at duppeditten som skulle halde kosten, vart knekt.
Den førre eigaren var innom i sommar og såg kjøkkenglaset mitt
som den fornuftige dama ho er, såg ho at ho kanskje hadde ein ny heim til kyra.
Resirkkyra har passa på basilikumkrukka på kjøkkenbenken -
sånne små krukker lever ikkje så lenge,
resirkkyra sin posisjon er difor oppjustert endå meir
- til spisebordet -



Det lir mot Haustmarknad -
eg har ikkje vore aktiv med i arrangementet siste året,
så eg skulle berre... 

I tillegg fekk eg spørsmål om å ta del i Rosa-sløyfeaksjonen -
dvs. ein liten pre-start, sidan det er marknad.

Difor vert det litt informasjonsmateriell frå Brystkreftforeninga & innsamlingsbøsse på Eldhuset.
Resten ventar eg med til oktober.

Eldhuset serverer Lærdal husflidslag nysteikte vafler og kaffi/te og sel husflidsvarer.

I same lokale er også Jerikobui som er driven på dugnad av medlemer i Vennskap Jeriko-Lærdal.
Jerikobui deltek på dei to marknadane og er sommarope i Eldhuset på laurdagane juli&august,
då sel dei også varer for husflidslaget.

I morgon skal eg bake i Gamlebakeriet -
då vert eg nok såpass sliten, at eg bør ta helgevasken i dag!
Haustmarknad inneber tilreisande gjester!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar