I dag har eg lært litt meir om fyring av steinomn, baking og steiking av pizza, pyntebrød og vanlig brød!
Det har vore ein kjempefin dag i Gamlebakeriet!
Else "Sprossa" Rønnevig var lærar og Prosjekt bærekraftig reiseliv var arrangør.
- eg har svært mange bilete - som eg må sortere og legge ut seinare.
Dei som ikkje ser at pyntebrødet har ein vinranke med vinblad
må vere svært fantasilause, - eg synest det ser heilt fantastisk ut!
Pizzaen vart steikt i omnen 4-5 minutt - sprø tynn botn og spanande blandingar oppå.
Dette skal eg gjere igjen!
Her har pizzaen vore i omnen 1-1/2 min!
Her er brøda dei 25 brøda ferdig steikte.
Eg legg ut fleire bilete på flickr.com "kuregister" etter helga!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar