søndag 4. september 2011

Hageselskap og kugalskap

Vi sa ja takk til å delta på Hageselskapet på Sogn kunstsenter Gjesmesamlinga i går,
- gode kunstopplevingar - gode musikkopplevingar og gode matopplevingar!

Morten Johan Svendsen geleida oss gjennom utstillinga.
Vi har både sett utstillinga og høyrt han fortelje om den før,
- denne gongen var den positivt prega av at han hadde fått andre innspel og historier i løpet av sesongen.

Opningsutstillinga til Sogn Kunstsenter har vore
Figurer og fortellinger, Norsk samtidskunst fra Astrup Fearnley Samlingen er open fram til 9. oktober.

Norsk figurativ kunst fra samlinga til Astrup Fearnley Museet - eller slik museet seier det:

- "en kunstnerisk opplevelse som presenterer noen av de fremste innen norsk kunst de siste 40 år.
- Det nye kunstsenteret i Lærdal er et praktfullt byggverk som står i et vakkert landskap. Denne unike konteksten vil skape nye muligheter og utfordringer for både kunstnere og besøkende. Vi ser fram til flere ambisiøse utstillinger og et fruktbart samarbeide."

Også denne gongen er det eit bilete av Ørnulf Opdahl eg gjerne skulle ha funne ein plass i heimen,
- medan han hin likte eit av Bjørn-Sigurd Tufta svært godt.

Lærdalsmat leverte maten - hjortegryte og eplekake med godt tilbehør.

Marita Vangen Bratteteig og Gudmund Bolstad Skjær var ein fryd å høyre i to bolkar med tekstar av
Bertolt Brecht  - den eine med musikk av Kurt Weill,  den andre med musikk av Hanns Eisler.


Tidlegare på laurdagen hadde vi gyldig ærend til ein tur til Sogndal,
det enda med litt meir enn synåler på Sy- og strikkebui.

To nye kyraprodukt er kome i kyrasamlinga.
Ein ny nøkkelring med ei utflata kyr med ville auge.
- og to par strømper med sånne anti-skli prikkar! 
han hin insisterte på at eg kanskje i spesielle høve kom til å ville bruke kyrastrømper -
i den augneblinken ville dei vere synleg brukte, difor vart det 2 par!

No byrjar komers'en for alvor å oppdage svakheitene hjå oss med kugalskap!



3 kommentarer:

  1. Du skulle nok ha vore ein tur innom Schiphol. Souvenirsjappene der har iallefall skjønt det der med kyr. Endå eit godt argument for B'ham-tur (med KLM via S'hol, som i år). Men sei meg: hageselskap? regnar det ikkje i Lærdal for tida??

    SvarSlett
  2. Hageselskap kan haldast innandørs når opplevinga vert såpass naturnær som den vert med heildekkande glasfasadar både mot Vetlaelvi og inn mot atriet, der den gamle fossen rann heftig og hauststri i går!

    Her er tråden til verdsveven til Simon Breth og Rut de la Calle som er arkitektane til det nye Sogn kunstsenter - eit tillegg til Lærdal kulturhus og Norsk villakssenter.

    http://brethdelacalle.com/sogn-kunstsenter/

    SvarSlett
  3. - denne sommaren har eg handla og fått i gåve uvanleg mange kyr - og gler meg over det!
    Men no MÅ eg snart ha to nye glashyller i det eine kjøkkenvinduet der dei fleste "små" kyrne held til, og som du skjønar held eg fram med å handle... Dei kvite strømpene var heilt utruleg fryktelege - meir "pelsaktig" enn frotte! Dei skal sparast til eit høve eg treng det.

    SvarSlett