Eg vart varsla om at denne smørkyra stod og viste seg fram i eine butikkvindauget til
På veg med utstyr og tepper til Eldhuset i dagtidleg - gjorde eg meg eit ærend i Øyragata
og gjekk heimatt med eit stort smil.
Denne måtte eg ha!
Størrelsen?
Bak lokkekyra/smørkyra
ligg det ein heilt vanleg Ramona kniv frå Hardanger bestikk...
Den kan tildømes brukast til ein mørk sjokolade- eller konfektbit...,
det er sjeldan behov for porsjonssmør her i heimen!
Eg har vore søndagsskulelærar i dag -
Tidlegare har husflidslaget hatt nokre kurshelgar, men i det siste helst eindagerskurs.
Eg har vel skrive tidlegare om då eg fortalde at eg hadde
testa ein ny metode til å sy "flygande gjess"
- i relativt få operasjonar og utan svinn -
så enda eg opp med å foreslå at eg kunne ha søndagsskule på teknikken.
Sjølv om det er ganske god plass i lagshuset til Lærdal husflidslag
er ein del av plassen oppteken med varer til Haustmarknaden neste helg.
Når 4-5-6 damer skal byrje med å skjere stoff samstundes,
vert det gjerne litt trangt på dei borda som er gode til denslags.
Nokre kursdeltakarar har sydd lenge, medan andre er ferske i faget.
Eg har lenge hatt ynskje å laga teppe til Tepper som gleder-aksjonen til Bergen Quiltelag.
Dette var rette høve til å få hjelp til å sy teppet!
Eg kutta opp bitane til alle blokkene,
sorterte dei slik at stoffbitane til ei blokk var samla kvar for seg,
- og teikna skjere/klippelinja og nåla fast til første syoperasjon på desse.
Eg sydde eksempel på saum- klippe- og strykeoperasjonane og
la dei i rett rekkefølge, slik at alle kunne sjekke neste steg på benken der dei låg.
Rekna med at det var enklare å lære teknikken på den måten -
då visste ein kva bitar som måtte til når ein skulle skjere det sjølv
og det kunne vere tid til å forklare for kvar enkelt etter kvart som behovet melde seg.
Eg hadde eit panelstoff -
Sy- og strikkebui i Sogndal har det enno og skulle nytte rosa stoff eg hadde etter roseteppet til Trønderinna.
- berre så det er nemnt Trønderinna er på Epla med Sløyfe & co -
nydelege bittesmå sløyfeøyredobbar!
Eg hadde altså ikkje rett storleik på mange nok rosa stoff med rett farge,
så eg enda opp med å handle 4 nye rosa og eit beige stoff.
Eg byrjar snart å få ei heil trådkorg med rosa stoff - bekymringsverdig!
Iallefall - alle skulle sy ei blokk før dei byrja med ein gryteklut eller løpar eller duk...
Dei fleste sydde fleire blokker og dei som ikkje hadde høve til å delta i dag,
får sydd kvar si blokk seinare i veka...
Etter at eg har sydd ferdig dei blokkene som viser arbeidsoperasjonane
- er teppet på det næraste ferdig -
Om nokon ynskjer det - kan eg bruke kviltearbeidet på teppet til å forklare korleis kvilte slike teppe i tildømes tre delar, før ein saumar det heilt saman...
Sissel K., leiaren i laget, hadde laga gryterett med salat og ris til oss -
vi hadde også kake til kaffien!
Med andre ord, det var eit velsigna greitt søndagsskulemøte!
Høres ut som en kjekk søndagsskole!
SvarSlettJeg ville trodd du hadde avtaler med butikkene rundt deg om å sende deg et pling når de får inn ku-ting.-)
Har hatt ein fin søndag, mange av oss held fram i morgonkveld.
SvarSlettBåde Lærdalsøyri brukt&antikk og Ellen Antikk sin "Lærdalsfilial" http://ellenantikk.blogspot.com/
varslar når dei får inn kyr!
Eigarane av Lb&a har funne mange kyr til meg på loppemarknader, brukthandlarar og nyare kyr i inn- og utland.
Av ein litt eldre variant av melke(mugge)kyr har eg to identiske - huskar eg ikkje feil så er dei kjøpt på kvar sin butikk!
Begge butikkane er innanfor "nært nabolag"!
Jeg må le av deg. Takk for hyggelig kommentar fra deg. Jeg skal sette stolen med Nemi-puta litt utillgjengelig, he-he.
SvarSlettNå sitter jeg og syr rundt kanbåndene. Prøver å bli ferdig til i morgen. Jeg kan nesten ikke vente med å legge de på plass. For en glede!