fredag 16. mars 2012

Tvibandstrikking på handarbeidskafeen på De heibergske

Bjørg Hovland sine OL-vottar -
Bjørg var ei av dei mange bunadkledde som bar skilt framfor dei ulike landslaga
inn til opningsseremonien i Lillehammer.
Bjørg fortalde at ho visste at ho trong vottar i kulden til bunaden sin -
ho leitte i kjelder og museumsregister etter vottar frå Indre Sogn.
Ho fann Lærdalsvotten frå 1787 som er sidan 1877 har vore i samlingane til
Nordiska museet i Stockholm.
Ho fekk strikka votten i tvibandstrikking, broderte sjølv broderiet, med årstal og initialar på tomlane. På hennar vottar er det ikkje flossaum - den ruta blå/gulekanten som er på orginalen,
den har nok gjeve ekstra varme kring handleddet.
I innkallinga/pressemeldinga frå museet og Sogn bunadnettverk var nemninga tveband nytta
her gjengjeven på Lærdal husflidslag si verdsvevside.

Tveband og tviband vert nytta om kvarandre.
Tvi- og tve- er ei eldre nemning for to -
 "totråda strikking" 



Bjørg Hovland viste også fram desse strømpene som er kopi av mannsstrømpene frå litt lenger ut i fjorden som ho strikkar nett no.
Orginalen og andre strømper har helar i tvibandstrikk -
naturlegvis er årsaken at teknikken gjer strømpa slitesterk!




Eit vottepar frå Færøyane som ei av kafegjestene hadde med seg


Framside/bakside - i to fargar er det lettare å sjå korleis dei to sidene er ulike -
På Lærdalsvotten er det brodert på den glatte sida - det er den stripa "framsida" ovanfor.
Færøyvottane har forskyving av stripene som viser ovanfor.



Dette vert då baksida - som viser at kryssinga av trådane på baksida lagar mønster
og sørger for at det vert ekstra sterkt, varmt og tett.

Det er mykje å finne på verdsveven både i bilete og på film.

Den engelske nemninga er twined knitting og svenskane kallar det tvåändsstickning. 
Her er Krokmaskan si vevside - med teknikk, produkt og lenkjer 

Her er Knitwhits Tutorial - Siena Braided Trim: - god beskriving av opplegg og kanten.



På vegen heim bestemte vi at vi skulle ha strikkekafe i Eldhuset den fyrste tirsdagen etter påske 10.april klokka 18.00 - med høve til å kome i 7-tida!

Enkelte av oss "må strikke oss opp" innan den tid!

Sogn Bunadnettverk - Siri Benjaminsen - opplyste om at Lærdalsvotten nett no vert kopiert i Sverige  og det vert laga mønster som kjem for sal gjennom Bunadnettverket til hausten -!

Det trengst med andre ord trening.


- og så må eg dele denne videosnutten  om
den viser etter vel 10 minutt at eg var på syrommet i aller øverste høgdi.
Det er iallefall lys der!

Stofftrådkorgene har stor berekraft -
og etter at stoff og utstyr er komne i hus, er det særs kortreist etterpå!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar