onsdag 7. mars 2012

Første teppe til "Tepper til glede" er ferdig

På årsmøtet i husflidslaget var teppet og puta nesten ferdig -
no er det nyvaska og nytromla og klart til å sendast via Årdal quiltelag til
Det var dei som starta innsamlinga saman med Bergen Quiltelag,
Stord Quiltelag og Quilt Scandinavia. 
Etterkvart har Førde Quiltelag, Årdal Quiltelag, Bømlo Quiltelag, Laksevåg Quiltelag, Åsane Quiltelag, Askøy Quiltelag, Voss Quiltelag, Os Quiltelag, Sotra Husflidslag, Kvammaquilten og enkelt personer bidrege.
Til dags dato har "Tepper til glede"-organiseringa
samla inn 1041 tepper til langtidssjuke born på Haukeland

Her er lenkja til husflidslaget -
Eg er særs nøgd med bruken av dei to siste stjerneblokkene og stoffrestane til ei pute med hankar inni
slik at teppet vert berbart!
Det er årsmøtetid og mykje jobbmøter og travle dagar -
trening måndags-, onsdags- og fredagsmorgonen gjer godt!
Det trengst litt endorfinar i slike tider!
Er ikkje sikker på om det er eit forståeleg bilete av hankane -
som er sydd heilt flate og festa på innsida i øverste del av 9-bitsrutene - øverst på puta...
ein god grunn til at dette biletet vart med, er at fargane til teppet og puta er mest rette her!

4 kommentarer:

  1. Nydeleg!
    Me hadde ei oppteljing i quiltelaget på måndag, og kom til 20 quiltar denne gongen også. Det er så moro.
    Skjønnar det der med endorfinar: hadde meg ei økt på ellipsen i dag tidleg: ein time og ei god mil med puls på ca 140. Har sveva litt etterpå :o)
    Flåm til helga?

    SvarSlett
  2. Takkar og gler meg over felles endorfinsky!
    Eg skal på dobbeltom med han hin - han har visst tenkt å ta med seg sølv for å hekling på strikkekafeen!
    - han seier han ikkje kan strikke - lærer ikkje alle å strikke i årdalsskulane?

    SvarSlett
    Svar
    1. Alle fekk opplæring i mi tid - men kor mottakelege dei var, er jo ei heilt anna sak. Ting kan jo også fortrengast i ettertid.

      Slett