torsdag 24. mai 2012

Neglekyr



I dag har blomsterbed på gatesida av huset fått fleire nye blomar -
mellom dei er Blå torskemunn og Levisia.

I mange av krukkene i bakhagen har eg planta fine nye blomar frå Blomsterbui.

Prydtobakk minner meg alltid om Vancouver.
Eg fann nokre spanske margerittar som eg syntest gjorde seg godt til fargen på huset.
Hengelobeliaen var komen, men ikkje kantlobeliaen, og eit par av dei måtte også verte med.

Eg likar best dei små kvite margerittane.
Blomsterbui fortalde at dei fekk altfor mykje veksthemmande midlar for å verte slik og 
dei ikkje ynskjer å tilby det - greitt nok - etter dette handlar eg dei vanlege margerittane! 

Det er begrensa kor mange blomster ein får i 4 papirbæreposar på sykkelen.
Eg gjekk heimatt i dag, med to på kvar side av styret.
Uaktuelt å ta risikoen med noko anna!

Når ein er ferdig med utearbeidet er det greitt å ha ein neglebørste,
i tillegg til den kvardagslege frå Felleskjøpet, har eg naturlegvis ei neglekyr.
Neglekyra står ikkje heilt på eigne bein - den treng litt oppoverbakke.

Det er akkurat eitt år sidan eg starta strålebehandlinga -
eg nyt å kjenne meg frisk og levande
og dekker framleis huda på halsen og brystkassa med solfaktor 50.

I går hadde eg ei lang treningsøkt på treningsstudioet på tidleg føremiddag
og bassengtrening på ettermiddagen.
Det vart ein rask sykkeltur for å rekke ein seinkveldsavtale.
ikkje så lang -
men nesten framkomen -
gjekk det opp for meg at det er sein mai -
med uendelege mengder av årsaker til allergiar -
og eg var ikkje andpusten ein gong.

Det er det same om det var allergiane eller anna som gjorde meg blankøygd der og då -
det kjentest fint.

5 kommentarer:

  1. Planting her også i dag. Endeleg kom det planter i gartneriet, og ikkje berre tilreisande på torget. Har luka bed så eg kjenner det i ryggen. Små dosar kvar dag, trur eg. Har tenkt å gjere det meste utav desse soldagane :o)

    SvarSlett
  2. Pass ryggen din - du nyt arbeidet du har gjort så mykje meir når kroppen er relativt smertefri!
    Godt å pusle rundt og lage det vakrare, no når sommarblomstersesongen har starta og dei fine stauden som lovar mykje...
    Sola fekk eit lite skydekke - rette tida til å gjere huset helgaklart - og ha lengre pauser ute.
    Likar ikkje å verte teken bilete av - i dag tok dei bilete av meg under frukosten frå 3 etg i hotellbygget ved sidan av.
    Lønsjen er alltid fredlegare - då er japanarane i bussen sin på veg til neste stoppestad!

    SvarSlett
  3. Artig neglekyr;-)) Så glad på dine vegne at du ikkje er andpusten og at du føler at du lever no. Glede;-))

    SvarSlett
  4. Takk!
    Eg må presisere at det er ikkje lange turen, - ein god dryg kilometer kanskje - og det er flatt her på Øyri!
    Eg veit eg framleis bør vente til bjørka og ein del graspollen har roa seg kraftig ned, - sånn i august før eg legg ut på litt lengre gåturar opp i høgda. I år trur eg at eg kunne hatt GODT av slike turar!

    SvarSlett
  5. Ha, ha - du er nok passe eksotisk for desse japanarane då, sidan dei må knipse deg. Utefrukost i bakhagen?

    SvarSlett