tirsdag 22. mai 2012

Toalettkyr Jeriko og Lærdal! 2009 & 2012!!!


Det ser ut til å verte ein ny vakker og god forsommarsdag.

Andre dagar er berre dritdagar.

Då er det godt å ha ein slik toalettpapirhaldar på badet.
Den tek vare på dei fulle toalettpapirrullane og får kvardagssmilet fram.

Eg fekk den til åremålsdagen min i april
- det er godt å ha vener som ser slike utrulege kyr!

Då eg hadde lagt inn biletet, mintest eg ein toalettpapirhaldar på badet hjå Wiam i Jeriko,
ein heit kveld på terrassa hjå foreldra hennar!

Eg huska ikkje akkurat korleis den såg ut,
men eg måtte ha eit bilete av den også!
Eg leitte meg fram til dette blogginnlegger
frå 20.oktober 2009.
Den er identisk - sjå berre her:


Eg smiler breitt, tenkjer på alt vi har felles med Jeriko! 
Eg ser fram til igjen å møte familien Erikat og alle andre jerikanarar eg har møtt sidan 1998!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar