mandag 16. juli 2012

Frå Mor sitt skattkammer

Vi var på dei heimlege strendene førre helg -
Mor hadde sin 84. åremålsdag.
Mor mi er betydeleg meir ryddig enn meg -
ho viste meg ulike skattar, slik at eg skulle vite kvar dei er og kvar dei kom frå.
Dei fleste fekk ligge igjen,
eg ville ho skulle halde fram med å
ha gleda av å stryke mildt og mjukt over skattane!




Denne hekla dåpshua var av dei skattane eg fekk med meg -
den er nesten 84 år gamal.
Den vart hekla av Mor si Grandtante Sofia på Nes i Naustedalen og har vore i bruk saman med dåpskjolen Bestmor sydde av
bryllaupsantrekket sitt for 85 år sidan.
Eg vil tru stoffet i engelsk broderi var av eit underskjørt og ikkje kjole.
Med løyve frå Bestemor vart dåpskjolen og og dåpshua (sjølv om det er ein jentemodell)
nytta til Son sin Namnedag på Trollhaugen.
Dåpskjolen høyrer til garden -
men hua høyrde til Mor, så ho fekk den attende etter mange tiårs bruk -
no har eg fått den.
Dåpskleda har vore i bruk til dei aller fleste av etterkomarane etter Bestemor og Bestefar,
og også til mange dåpsborn i heile grenda.
Eg har ikkje stroke dåpshua -
den vert så fort gul då! 
Innerst mot ansiktet er det ein kant som med stryking vert veldig bølgete,
medan dei to andre skal stå opp meir opp frå hovudet.

Av dei meir rare tinga Mor hadde teke vare på i skåpet ho skulle spørje meg om eg ville ha,
 - før ho eventuelt gjorde andre ting med -
var Barbiedukkene mine, bittesmå dukkehusmøblar og to små dukker i rett storleik til møblane.

Då eg såg i dag at '365 saker du kan sticka' hadde lenkje til Barbiedukkeklede,
skjøna eg at det var av dei signal eg burde ta for å lage klede til dukkene,
av ein eller annan grunn var dei ikkje i posen.
Det kan godt vere at dei i forrige årtusen vart gjevne til verdige mottakarar for slikt!  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar