mandag 24. september 2012

Studenten prokastinerer - mappeoppgåve

Skulle gjerne vere laid-back som Francis Sejersted!
 
 
 
Kven skulle ha trudd at eg i desse dagar skulle sitje og slite med deler av boka hans:
 
 
Det har vore særs triveleg å verte student igjen -
men slitsamt med pendling og lange dagar!
Det vert ikkje så mykje høve til å kvile når eg treng det,
slik eg har gjort dei siste 2 åra!
 
No derimot, er alvoret kome!
Det er ikkje mange dagane til innlevering av oppgåva -
og om tre veker veit eg resultatet av arbeidet hittil.
 
Prestasjonsangsten er heftig og lammande!
 
Får tru det vert betre dagar enn dette!
Apropos prokastinere - sjekk denne 'YouTube-videoen!'

I helga var vi i Provincen og plukka litt eple,
veret var nydeleg med knallblå himmel og sol
- og eg hadde ikkje med noko kamera!
'Bilete frå i fjor!'

Foto Arne Flaaten - lånt utan å spørje om lov!
 
 
  

4 kommentarer:

  1. Eg hadde ein Sejersted som førelesar (son?). Han føreles i den stillinga, godt tilbakelent, eller framoverlent over falda hender på kateteret, og med augo att. Ikkje det at det gjorde oss noko rolegare - prokrastineringa var like utbreidd, og stressframkallande, då som no.
    -Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje uvanleg at born arvar kroppsspråket til foreldre eller andre nære slektningar!
      Det er særs slitsomt å ikkje greie å halde fokus lenge nok! Men skal eg få høve til å skrive den lenge planlagde (ca. 25 år) oppgåva mi, så lyt eg gjere jobben dette semesteret også!

      Slett
  2. Kjekt med livsteikn frå studenten. Det er vel litt av ein overgang - men tippar du fiksar det, prestasjonsangst eller ei.

    Såg på "Jentene på landet " i Lærdal i går - og registrerte at ordføraren sa det var enkelt å finne jobb i Lærdal. Så bra! Reknar med det blir storinnrykk av årdøler snart, då :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje heilt sikker nett no, men skal ha skrivestund med over halvparten av dei trivelege medstudentane i morgon! Sytalaust å avtale slikt når alle er med i fjesbokgruppa. "Alle" er 9, inkludert meg!

      Såg kun heilt på slutten av programmet,-
      men du veit ordførarar må vere flinke til å markedsføre kommunen sin sjølv om søknaden til omstillingskommune er klar.

      Slett