Vinternatt ved Rondane - Harald Sohlberg
Vinternatt eller vinterdag - 14. oktober,
er første dag i det nordlige vinterhalvåret.
Dette inneber at det er første dag på vintersida av Primstaven.
I kyrkjekalenderen er dagen vigd minnet
om pave Calixtus 1.
Primstavmerket er oftast ein vott, som enkelte har meint vere
ein pavehanske
- eller ein stav med ispigg.
Biletet er lånt frå bloggen til Ida Elisabeh Ida og Muskatt - her viser votten!
Viktig merkedag for vinterveret; blei i Verdal kalt
vinterspåmannen.
Over hele landet blei det sagt at slik veret var vinternatta,
kom vinterveret til å bli.
Vinternatt var ein av dei mest vanlege flyttedagane
for tjenestefolk på landet,
og frå då av skulle hestane ha dombjøller.
Opplysningane om vinternatt (2011-10-13) i Store norske leksikon.
Hentet fra http://snl.no/vinternatt
Eldre hanske med åttebladrose og blomsterranker.
Wikipedia fortel i tillegg dette om dagen:
Vinternettene (også kalla haustblot, vinterdag og vinternatt) refererer til blotet, ein hedensk offerfest, som folk i norrøn tid heldt 28 dagar (fire sjudagersveker) etter haustjamndøger.
Wikipedia fortel at det vart slutt med flyttedagar på landet fram til første verdskrig - Far fortel at det var stas å møte opp på kaia når fjordabåten kom på flyttedagane i oktober og april, for å kike på jentene! Han var konfirmant i - 46, så den regelen overlevde nok ei stund lenger! Når bilen er isete - er vinteren komen - det er vinternatt! Etterskrift 1: Sit her med ullsokkar på beina - og lurer på kor mange ekstra ullplagg våre palestinske vener som kom seinkvelds i går, har funne fram i morgontimane . Vi laga eit lite beredskapslager i går - det er 29 varme plussgrader i Jeriko i dag! Etterskrift 2: Dei er på spasertur med ordføraren i tettstaden - dei ringde på døra - gjensynsglede - og ein gullchiffonpose med Jerikodadlar frå Jumah - varme - gledestårer! |
fredag 14. oktober 2011
Vinternatt eller vinterdag
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Fantastisk å få slikt besøk på døri, det hadde vore noko! Kos deg med dadlane - Jerikosmak :)
SvarSlett-Mari
Nokre gleder skal vi i sentrale strôk ha!
SvarSlettHan kom attende og laga kaffi til oss før vi for på middagsbesøk!