fredag 14. oktober 2011

Vinternatt eller vinterdag




Vinternatt ved Rondane - Harald Sohlberg

Vinternatt eller vinterdag - 14. oktober,
er første dag i det nordlige vinterhalvåret.
Dette inneber at det er første dag på vintersida av Primstaven.
I kyrkjekalenderen er dagen vigd minnet om pave Calixtus 1.
Primstavmerket er oftast ein vott, som enkelte har meint vere ein pavehanske
- eller ein stav med ispigg.



Biletet er lånt frå bloggen til Ida Elisabeh Ida og Muskatt  - her viser votten!

Viktig merkedag for vinterveret; blei i Verdal kalt vinterspåmannen.
Over hele landet blei det sagt at slik veret var vinternatta, kom vinterveret til å bli.
Vinternatt var ein av dei mest vanlege flyttedagane for tjenestefolk på landet,
og frå då av skulle hestane ha dombjøller.
Opplysningane om vinternatt (2011-10-13) i Store norske leksikon.
Eldre hanske med åttebladrose og blomsterranker.
Wikipedia fortel i tillegg dette om dagen:
Vinternettene (også kalla haustblot, vinterdag og vinternatt) refererer til blotet, ein hedensk offerfest, som folk i norrøn tid heldt 28 dagar (fire sjudagersveker) etter haustjamndøger.
Wikipedia fortel at det vart slutt med flyttedagar på landet fram til første verdskrig -

Far fortel at det var stas å møte opp på kaia når fjordabåten kom
på flyttedagane i oktober og april, for å kike på jentene!
Han var konfirmant i - 46, så den regelen overlevde nok ei stund lenger!

Når bilen er isete - er vinteren komen - det er vinternatt!


Etterskrift 1:
Sit her med ullsokkar på beina - og lurer på kor mange ekstra ullplagg våre palestinske vener som kom seinkvelds i går, har funne fram i morgontimane .
Vi laga eit lite beredskapslager i går - det er 29 varme plussgrader i Jeriko i dag!

Etterskrift 2:
Dei er på spasertur med ordføraren i tettstaden -
dei ringde på døra -
gjensynsglede -
og ein gullchiffonpose med Jerikodadlar frå Jumah -
varme -
gledestårer!

2 kommentarer:

  1. Fantastisk å få slikt besøk på døri, det hadde vore noko! Kos deg med dadlane - Jerikosmak :)
    -Mari

    SvarSlett
  2. Nokre gleder skal vi i sentrale strôk ha!
    Han kom attende og laga kaffi til oss før vi for på middagsbesøk!

    SvarSlett