onsdag 27. april 2011

Har fått vattpupp!

Illustrasjonane er frå gruppa of MontrealNattjazzen og frå Circus Cirkör: Inside out 2010 frå Festspillene i Bergen sitt program.

Eg berre måtte skrive det, - eg fekk sterke assosiasjonar til førpubertale skulejenter på tidleg 70-tal som ville kompensere litt,- og jaudå eg har brått litt å kompensere. Den hyggelege spesialsjukepleiaren var dyktig og driven til å fortelje og forklare korleis ein skal gjere det greiast mogeleg for resten av livet.
- og at dei har fjerna det meste av lymfekjertlar i armhola, skapar andre problem enn brystet.

Dei to drena er fjerna og verda kjennest rett grei, - at ein er litt medisinert hjelper på!
Utskriven frå sjukehuset - skal heim i kveld og kviler litt i Vognstølen før avreise.
Startar med stråling om 4 vekers tid, det vert 5 dagar i veka i 5-6 veker - slutten av mai + juni i Bergen, det kan ikkje vere anna enn greitt at ein får vere i by'n når det er på det aller vakraste!!!

1 kommentar:

  1. Så godt at det er over - og at formen er fin, som vanleg. Håpar du har det like bra når medisinen slepper - men dei har vel sendt med deg litt til å fylle etter med :o)

    SvarSlett