mandag 11. januar 2010

Har aldri hatt likt teikneseriar noko særleg, men -






eg og Nemi forstår kvarandre!




Eg har eit rosa problem, - kor mykje rosa må det vere i eit teppe for at det skal opplevast som rosa...


Primstaven:
Brettemesse, også kalla Brettesmesse, Brettifumesse, Brittifumesse, Brictiva virgo, Brigida virgo eller Brettiva virgo - er ein norsk merkedag som vart feira 11. januar til minne om den keltiske helgenen Brictiva (Brettifa) som ble henrettet med øks. I Norge var det tradisjon for at restene av julematen skulle brettes (dvs brekkes) i biter, kokes i gryte og spises denne dagen sammen med resten av juleølet.

Vi åt nesten alle restane av kransekakestenger - men dei vart ikkje kokt i gryte og utan juleøl!
Dagen var værtegn for mars og april. Slik været var på formiddagen 11. januar skulle været bli i mars og slik være var på ettermiddagen 11. januar skulle været bli i april.
Dette skulle bety at enten vert det veldig kaldt eller så vert det finever, eller begge deler...
Ifølge gammel overtro kunne ting lett gå i stykker denne dagen. Ein skulle ikkje køyre med hest, ellers kunne den brekke beinet.
(Wikipedia)
BRETTESMESSE. Opprinnelig Sta. Brictiva messe. "Brette" er her brukt i tydinga å dele opp (brekke) noko i småbitar. Denne dagen skal ein ikke kjøre hest. Alle matrestane frå jula skal brytast og leggast i gryta. Merket er ein hest, ei øks, eit kors eller eit flagg.
(monet.no)

2 kommentarer:

  1. Rosa: det kjem vel litt an på kva andre fargar du brukar - harmoni eller kontrast?
    LITT turkis får fram rosaen - men du skal ikkje ha så mykje før den rosa quilten ikkje er rosa lenger. Brukar du kvitt/ubleika, kan du ha ein god del - -.
    Prøv litt i eit teikneprogram - eller med fargestiftar.

    SvarSlett
  2. Eg har vorte utfordra til å lage eit rosa lappeteppe. Eg har samla svært mykje stoff dei siste åra - dei lappane som har bittelitt rosa i seg - er ikkje "blandbare" - på ein måte som kan gje eit rosa inntrykk - må nok på handel...

    SvarSlett