På Ben Gurion hadde den flyplasstilsette som undersøkte honningglaset eg hadde med, ikkje problem med å konstantere med måleinstumenta sine, at det var rein honning, - men så har YWCA Jericho lagt vekt på å produsere mat, utan tilsetningsstoff!
Det er kaldt, men naturlegvis kaldare på Røros - 41, det er mykje det!
Det er greitt å hjelpe varmepumpa med tilleggsvarme frå peisen!
Endeleg her er biletet av trekantsjalet som eg starta på i nyårshelga, - ikkje dagen for ekstrapoeng for gode bilete, - vi kallar det illustrasjonar i dag, trur eg!
Eg har vore heimom det store lageret, der ein finn slikt ein sjølv eller kreative familiemedlemmar har laga over nokre tiår... Eit eksempel eg har laga i ein gong, kanskje som prøvelapp på ei sengeteppeoppskrift.
Denne har eg tenkt å kopiere til utstillinga, har fleire sengeteppe med åttebladroser som har viktige familieanekdoter knytt til seg. Den første eg kopierte var eit som Bestemor i Bygda hadde, kopien ligg på ei seng i Feios Det hadde Far sine systre hekla, nokre av dei var flinkare til andre ting, så Tante Ellen fekk dei hine systrene til å gå å gjere husarbeid eller gardsarbeid for seg, slik at ho hekla ein større andel enn dei hine - og alle var nøgde!
Dette er eit anna eksempel på åttebladrose som er nytta til eit sengeteppe, fortsetjinga på denne kjem!
Primstaven - Helligtrekongersdag - Trettandedagen - 13.dag jul
Tre kors, tre kroner og tre menn er primstavsymbol som har vore nytta for dagen.
.
Flott sjal - blir slik eg hadde sett det for meg.
SvarSlettKva for utstilling? Husflidslaget?
kunne ha nytta tjukkare pinnar...
SvarSlettLaget samlar eksempel på åttebladroser,
ulike oppskrifter - ulike uttrykk - tradisjonelt og nyskapande
felles ramme rundt 30x30 - innanfor 20x20 cm, 5 cm kant rundt
- oppstart første visning truleg Fylkesårsmøtehelga 5.-7.3.2010
- også Jerikoinspirasjon..
Flott ide! - men eg forstår lite av dei måla dine -
SvarSlettDet gjer seg med litt luft i sjal - og så veks dei så mykje fortare med tjukke pinnar :o)
Det er så mangt uklart som kan skrivast i ein pause i kvardagen...
SvarSlettMotivet skal vere innanfor ein firkant på 20x20cm og rundt den skal det vere ein kant eller som ein passepartout som er 5 cm brei, totalt 30x30 cm.