På Ben Gurion hadde den flyplasstilsette som undersøkte honningglaset eg hadde med, ikkje problem med å konstantere med måleinstumenta sine, at det var rein honning, - men så har YWCA Jericho lagt vekt på å produsere mat, utan tilsetningsstoff!
Det er kaldt, men naturlegvis kaldare på Røros - 41, det er mykje det!
Det er greitt å hjelpe varmepumpa med tilleggsvarme frå peisen!
Endeleg her er biletet av trekantsjalet som eg starta på i nyårshelga, - ikkje dagen for ekstrapoeng for gode bilete, - vi kallar det illustrasjonar i dag, trur eg!
Eg har vore heimom det store lageret, der ein finn slikt ein sjølv eller kreative familiemedlemmar har laga over nokre tiår... Eit eksempel eg har laga i ein gong, kanskje som prøvelapp på ei sengeteppeoppskrift.
Denne har eg tenkt å kopiere til utstillinga, har fleire sengeteppe med åttebladroser som har viktige familieanekdoter knytt til seg. Den første eg kopierte var eit som Bestemor i Bygda hadde, kopien ligg på ei seng i Feios Det hadde Far sine systre hekla, nokre av dei var flinkare til andre ting, så Tante Ellen fekk dei hine systrene til å gå å gjere husarbeid eller gardsarbeid for seg, slik at ho hekla ein større andel enn dei hine - og alle var nøgde!
Dette er eit anna eksempel på åttebladrose som er nytta til eit sengeteppe, fortsetjinga på denne kjem!
Primstaven - Helligtrekongersdag - Trettandedagen - 13.dag jul
Tre kors, tre kroner og tre menn er primstavsymbol som har vore nytta for dagen.
.