onsdag 6. januar 2010

YWCA Jericho sin honning er rein!

Les i Dagbladet på nett, om ei hending på Meadows Field Airport i Bakersfield, vel 20 mil nord for Los Angeles  artikkelen i Dagbladet , der heile flyplassen vart stengt fordi ein mexikanar hadde med seg ei flaske med heimelaga honning attende til USA etter å ha vore på ferie i Mexico.


På Ben Gurion hadde den flyplasstilsette som undersøkte honningglaset eg hadde med,  ikkje problem med å konstantere med måleinstumenta sine, at det var rein honning, - men så har YWCA Jericho lagt vekt på å produsere mat, utan tilsetningsstoff!

Det er kaldt, men naturlegvis kaldare på Røros - 41, det er mykje det!
Det er greitt å hjelpe varmepumpa med tilleggsvarme frå peisen!

Endeleg her er biletet av trekantsjalet som eg starta på i nyårshelga, - ikkje dagen for ekstrapoeng for gode bilete,  - vi kallar det illustrasjonar i dag, trur eg!





Eg har vore heimom det store lageret, der ein finn slikt ein sjølv eller kreative familiemedlemmar har laga over nokre tiår... Eit eksempel eg har laga i ein gong, kanskje som  prøvelapp på ei sengeteppeoppskrift.
Denne har eg tenkt å kopiere til utstillinga, har fleire sengeteppe med åttebladroser som har viktige familieanekdoter knytt til seg. Den første eg kopierte var eit som Bestemor i Bygda hadde, kopien ligg på ei seng i Feios  Det hadde Far sine systre hekla, nokre av dei var flinkare til andre ting, så Tante Ellen fekk dei hine systrene til å gå å gjere husarbeid eller gardsarbeid for seg, slik at ho hekla ein større andel enn dei hine - og alle var nøgde!
















Dette er eit anna eksempel på åttebladrose som er nytta til eit sengeteppe, fortsetjinga på denne kjem!
















Primstaven - Helligtrekongersdag - Trettandedagen - 13.dag jul
Tre kors, tre kroner og tre menn er primstavsymbol som har vore nytta for dagen.

.

4 kommentarer:

  1. Flott sjal - blir slik eg hadde sett det for meg.

    Kva for utstilling? Husflidslaget?

    SvarSlett
  2. kunne ha nytta tjukkare pinnar...



    Laget samlar eksempel på åttebladroser,
    ulike oppskrifter - ulike uttrykk - tradisjonelt og nyskapande
    felles ramme rundt 30x30 - innanfor 20x20 cm, 5 cm kant rundt
    - oppstart første visning truleg Fylkesårsmøtehelga 5.-7.3.2010

    - også Jerikoinspirasjon..

    SvarSlett
  3. Flott ide! - men eg forstår lite av dei måla dine -

    Det gjer seg med litt luft i sjal - og så veks dei så mykje fortare med tjukke pinnar :o)

    SvarSlett
  4. Det er så mangt uklart som kan skrivast i ein pause i kvardagen...

    Motivet skal vere innanfor ein firkant på 20x20cm og rundt den skal det vere ein kant eller som ein passepartout som er 5 cm brei, totalt 30x30 cm.

    SvarSlett