søndag 17. januar 2010

Lyserosa søndagsmorgon

Skyene er lyserosa - naboen sin gråmålte vegg har eit mjukt lyserosa slør...

Vinden roa seg i løpet av natta, så det vart betre svevn enn eg rekna med ved leggetid!
Teglaset er ferdig oppdrukke, det blåkviteteppet ventar på øverste loftet - ein god sydag!


Jaudå det er vart ein god sydag, det lyserosa lyset forsvann fort på føremiddagen...
No snart middag og så er det jobb til midnatt.

Har endra på planane for teppet, gjer dei fem panela litt lengre - slik at heile teppet vert 9-ar ruter og lysekvite kvadrat.

Kanskje det vert eit teppe til den senga det vart testa på, -!

På primstaven vert dagen kalla Antonsmesse

og primstavmerka for dagen er ein gris eller eit kors.













2 kommentarer:

  1. Vel, eg skreiv den 16. at eg trur vel om det blåkvite teppet - og det inneber vel helst at eg trur det skal verte ferdig!

    Eg likar veldig godt blandinga av ymse blått og lysekvitt...
    - og den terapeutiske verknaden av å sy 4-ar ruter eller 9ar-ruter...

    SvarSlett