søndag 28. november 2010

Alle hjartelysestakane kjem i vindua i kveld!

På spisebordet pyntar ein nydeleg blomebukett i mørk rosa-raud-lilla frå fagforeninga.
Ein vert litt engsteleg for at blomebudsjettet til laget kan vere tømt av to rundbursdagsbukettar + go'bedringbukett på same år til same adresse!
Spisestova har difor eit snev av rosa-lilla forventning, - elles er det litt igjen før ein får førjulskjensla i første etasje, det får kome når han hin kjem heim og finn fram hjartelysestakane i kveldinga.
Det har vore litt for kaldt til å ynskje å prioritere lyslenkene på dei to einebuskene - eller sprakane som står på kvar side av gatedørstrappa, - det kjem nok mildare dagar etter dette...

På min del av aller øverste loftet derimot - syrommet,  flyt det formeleg over av raudt - det er dei 60-70 ulike raude stoffa som i samansydd og kvilta versjon skal erstatte dei to teppa i sofabenken på biblioteket.
Desse dagane er immunforsvaret mitt på det lavaste mellom cellegiftinnsprøytingane, - er liksom "litt forkjøla" - har "litt" høgare temperatur enn vanlegvis  - men held eg meg framleis rett under dei magiske 38 som betyr sjukehustur med ein gong.

Frå kjøkkenglaset kan eg sjå bakdøra til lokalet der husflidslaget og jerikolaget og mange fleire har julemarknad denne helga. Eg kjenner det er klokast å vente til neste laurdag før eg går på julemarknaden!
I dag kunne det også ha vore fint å sjå fakkeltoget som kjem frå Lysmessa i kyrkja som vert avslutta ved Rådhuset med juletretenning og julegateopning, - trur eg gjer klokt i å halde meg innandørs.

På fredag var siste dag med bompengar i Fjærlandssambandet og i går var det 10 år sidan kongen opna Lærdalstunnelen  - du verda kor tida går!

Kanskje ein skulle ha freista lage litt sunnfjordssnop slik som konditor Ole John Berntsen lagar det - dei sjokoladekaramellene såg fole fristandes ut - reknar med dei er salsvare på Naustdal Dampbakeri sine utsal...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar