fredag 1. oktober 2010

6 - sjukehustur istaden for epleplukking i Provincen

Far skulle kome og hjelpe oss med epleplukking denne helga, sidan neste trulege epleplukkehelg kan vere om tre veker. Første helg etter Jerikoturen, er arbeidshelg.
Frukta er sein i år, men lenge som tre veker til heng det meste av epla nok ikkje... Med unntak av Ingrid Marie - det kan bety flott farge på eplejuicen vi får pressa sjølv!

Fekk melding på jobb sein ettermiddag i går, om at eg burde ta meg ein tur attende til Førde i dag, for å sleppe å få vite kva planar sjukehuset har om behandling pr telefon. Blei sjuk i juli, og no er det oktober, - men det betyr at han som tok grovnålsbiopsi for første gang på ein pupp sist torsdag, fann det han skulle! Eg skjønar eg slit litt med tilliten til systemet, - nokon i Førde må gjere noko for bygge den oppatt!

Etterskrift - 6 rundar cellegift før operasjon, - skulle ha starta i veka som kjem - reiser framleis på tur -  røntgen neste veke - startar med cellegift etter at eg har feira Jeriko.

5 kommentarer:

  1. Me får no likevel vere glade for at dei endeleg finn - når der er noko å finne. Likevel ikkje noka kjekk melding å få.

    SvarSlett
  2. Det vart brått mykje meir aktuelt med rosa-aksjonen. God trøsteklem herifrå!

    SvarSlett
  3. Takkar for klemmar og gode tankar - det bør bli litt rosa og teppe som varmar denne vinteren om!

    SvarSlett
  4. Masse lykke til med behandlingen og hele prosessen!!! Håper du holder motet oppe, stå på!

    Klem, Sylke

    SvarSlett