Er litt festleg radioaktiv - men nydusja og deilig! I dag sparte eg likevel på "bevar-fargen-balsamen", eg smilte og humra etter eg hadde brukt den klokka like før 6 i gårmorgon!
Kjøkkenventilatoren er på plass, - kjøkkenet er litt meir ryddig! Eg har tenkt å bruke litt fredeleg energi til å pynte litt meir på plass, medan vaskemaskina går.
Den verste radioaktiviteten er vekke etter 2 døgn, eg vaskar difor alt på "litt større program" - slik at det vert utvatna mest mogeleg før det fer ut i det store systemet! Dette er ikkje dagar for store klemmar, - eit anna godt råd er å vere fysisk aktiv - så eg har hatt mine minutt på trimsykkelen med utsyn til regnet og mildveret som kom i løpet av natta og avløyste vinteren.
Har tenkt å kjenne meg sprek tilogmed måndag iallefall og gå i demonstrasjonstog i Øvre Årdal, - Bente på Hauge har ordna med buss også! Meld frå via nettet eller hjelp ein kvan som treng hjelp til å tinge bussplass! Eg må avgarde om enn i privatbilen og høyre kvifor dei har sendt utanriksministeren til Øvre - det er mangt som er annanleislandet i Indre Sogn! Det er ei fin synleggjering for kva som er viktig for oss alle eller nokon vi er inderleg glade i eller nokon som treng mindre enn 3,5 time til sjukehus, ein dag det ikkje er helikopterver! Det er fole greitt at der er mikrofonar tilstades - det er ikkje alltid likegodt i smale lojale styrerom å forstå at det kan høyrest ansleis ut for kollegaer og tilsette - og pasientar, slikt gjer ikkje anna enn å stendig svekke merkevara...
Gler meg over andre bloggar også i dag - Vox populinor! - også årsaker til migrasjon som bloggen Mittsnitt som beskriv slektsgransking...
Elles gler eg meg med at eg har fleire kassar av Ingrid Marie eple som i dag er ein ingrediens i den nydelege haustsalaten til Lone Landmand - ein av dei bloggane som eg nyt både ord og bilde på kvar einaste dag!
- og Gloppen hotell får prisen for beste mat langs vegen på Ganefart, eg melde inn cafe Herman - men det ser ut som om det er fleire gode grunnar til å legge vegen via Gloppen!
Avslutning på dagen lønningspils med kollegaer - dei færraste drakk pils, rett nok -
og ein liten tur etterpå for å teste nysteikte eplemuffins, må lage nokre for frysaren - eg også!
Eg gjer det framleis - nyt augenblinkane - og dei er gode!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar