tirsdag 23. februar 2010

Lukka er...

fri fritid, på ein fritysdag - og ikkje tanken på at ein skal jobbe i eitt til neste fredag!
lengten etter vår - ikkje kulden og bekymringar over at det snør ( sååå mange centimeter kjem det likevel ikkje her på Øyri!)
appelsinmarmelade på rista brødskive - ikkje at det var siste resten frå glaset frå YWCA i Jeriko (glaset skal ikkje i resirken, bak Coop!)
nytt quiltemagasin med ny inspirasjon  - ikkje tanken på alle dei fantastisk bra prosjekta ein ikkje har starta eller ikkje fullført!

i nuet, - i fortida og i framtida! - nyt!

2 kommentarer:

  1. Lukka for fjortisen på ferie er: ansiktsbehandling, manikyr, pedikyr, og spraytan til slutt. Håpar ho forstår at det ikkje kan bli vane. Gliset gjekk nesten rundt då ho forsvann med dama. Kan ellers rapportere om billige stoff av ymse kvalitet i souq'en, og fantastiske utstillingar og arkitektur i Islamic Gallery of Art. Tru om det går an å få utvida ferien med ei veke eller to?

    SvarSlett
  2. - og eg gler meg med fjortisen!
    Du må gjerne uvide ferien om du tek med litt solvarme heim!
    Eg er sikkert mjuk i blikket med omsyn til arabiske draumar, lukter, fargar, linjer, stofflegheit...
    Nyyyyyyyt!

    SvarSlett