Handsaumen på den doble lukkekanten er hardt arbeid for fingrane mine, som sidan-lenge-sidan gjev ugreie "dagen-derpå"-meldingar av slikt! Det var med stor glede eg oppdaga limsprayen seint i forrige århundre, - då trong eg ikkje lenger tråkle før kvilting...
Eg likar å vaske ut limsprayen før teppet vert teke i bruk, - det er arbeidshelg - med midt-på-dagen vakt, - så eg får sette på vaskemaskina når eg kjem att!
No vert det rydding på syloftet og planlegging av neste ufo-fjerneprosjekt...
- kanskje det bør vere litt mindre sidan "Rosa" har iverksettingsdato snart...
Primstaven på Wikipedia fortel at det er Ågotsmesse, musedagen
og merket på primstaven er mus eller kors.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar