onsdag 24. februar 2010

Ein onsdag som vart litt ansleis enn planlagd - kva gjer vel det...

I dag vart det ein møte- og pratedag - og ein litt sånn kva-er-det-vel-ein-ikkje-veit-noko-om-dag!
Ei reell bekymring er at februar snart er over! Eg skulle visst gjere ferdig kappa over filmlerretet på Salen, - og dekorasjonsteppa som skal vere på kvar sin vegg, inntil sidegardinene denne månaden.
Ein kort månad med mykje farting - det er ikkje rart tida har runne unna. I morgon kan eg sy kappa iallefall, slik at han eg deler bustaden med, skjønar at det er endringar på gang.
Frå by'n kom meldinga i kveld om at monteringa av det hekla teppet som skal bytast i det rosa lappeteppet er halveis ferdigmontert!
Elles har eg hatt negative tankar om dialog og Sognekraft og Vik kommune i det siste,  og så blandar brått ein ny dimensjon seg inn via Sogn avis -
Tru kva dette kan bety for Feiosbygda, - reknar dette som ei bekymringsmelding verdig, - det er Sognekraft sitt bilete.
 
Det er snø og kaldt!
Wikipedia primstaven kallar dagen Mattismesse vår og Mattis Øks og har kunn ein omvendt M som merke for dagen.

Vevsida norsknettskole.no  har i tillegg nemninga Laupårsmesse som viser til at i skotår vart den ekstra dagen lagd mellom 23. og 24.februar. I slike år var Mattismesse den 25.februar. Den katolske kyrkja hadde Mattismesse til minne om St.Mathias, som var apostel etter Judas Iskariot. Elles fortel vevsida at dei fleste vermerka er knytta til Peder stol to dagar før. Merka som er brukt på primstavane er dobbeltkors, fordi dagen av og til vart rekna som to, elles er øks, fisk, dobbelt flagg, grein med knopperm og omsnudd M.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar