Stor frokost og nedpakking - vinden frå i natt har roa seg...
Det er overskya kvit himmel og dei snødekte markene og sjøen - eller vatnet som vi ville ha kalla det, - Aursunden er stor og kvit..
Ein ny dag som viser kor stor himmelen er på Tamneset! Joda, - det er vel mykje fjell og lite himmel inst i Sognefjorden. Slike dagar når himmel og landskap har tilnærma lik farge - ispedd litt grått så langt lauvskogen greier å halde seg fast - det er slike dagar ein vert minna på saknet etter - nettopp meir himmel...
Vi hadde ein lang dags ferd framføre oss... - og alt gjekk vel...
Enkelte passar på å kvile litt i bilen, - det gjer godt å sove litt så ein kan hjelpe sjåføren å halde seg vaken litt seinare...
Sidan det er første søndag i vinterferien austanfor var det i følge NRK mindre trafikk "inn til dei store byane"...
- det var uansett for mange som ville ha middag på Elgstua i Elverum - både elggryta og karamellpuddingen er verdt å vente på -
( ikkje like god karamellpudding som den Karin lagar, - men likevel...)
- men verdt å vente på - så lenge...? -
Nestegang vi stoggar på Elgstua, - for det gjer jo vi som ALLE andre - skal vi huske å ta våre førehandsreglar - denne gangen var det lenge å vente,- i tillegg til å bli gløymt. Det er forbaska kjedeleg at Elgstua ikkje synest kundane er viktige nok til å lage ein logistikk som verkar... - og så lite dei søte unge jentene i disken kan gjere for å rette opp feila...
Heimvegen var mykje mindre glatt, -
godt å kome heimatt - litt kveldsmat og noko varmt å drikke - ein lang dusj - og fyre opp i peisomnen - finne roen til ei ny lang arbeidsveke...
- vertane våre traff heldigvis ikkje dei to elgane i vegen i Vang i Valdres - m.a.o. "alle var samde om at det var ein fin tur!"
og overalt hadde dei gløymt at det var offentleg flagg dag - 21. februar - bursdagen til kong Harald!
På sjukeheimen i Røros hadde dei huksa det!
SvarSlett